Hopp til innhold

Denne konteinaren skal produsere drivstoffet i framtida

Mange trur hydrogen vil vere mykje av svaret på det grøne skiftet. Her er fem ting det kan vere fint å vite om grunnstoff nummer 1.

Egersund hydrogenanlegg eigerøy grønn hydrogen konteiner

Hydrogenanlegget i Eigersund vil produsere 388 kilo hydrogen i døgnet. Ifølge næringsminister Jan Christian Vestre er dette det grøne skiftet i praksis.

Foto: Philip Kollstrøm / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Her ser vi det grøne skiftet i praksis.

Næringsminister Jan Christian Vestre står framfor det som kan sjå ut som kva konteinar som helst.

Lovorda haglar.

Dette er ein stor dag for Egersund, Rogaland, Noreg og verda.

For den nyopna konteinaren på Eigerøy er nemleg ikkje ein vanleg konteinar. På innsida skal det produserast 140 tonn reint grønt hydrogen kvart einaste år.

Men kva i alle dagar er dette? Og kvifor så store ord? Her er fem ting det kan vere fint å vite om hydrogen.

Null utslepp av CO

Grønt hydrogen betyr at han er laga med rein vasskraft, altså null COutslepp. Det blir laga frå elektrisitet frå fornybar kraft.

Når hydrogenet er produsert, kan ein bruke det som drivstoff, og da blir det berre sleppt ut vassdamp. Dette blir rekna som klimavennleg så lenge hydrogenet er produsert på ein klimavennleg måte.

Gjengen som samla seg på opninga av anlegget, har trua på at grønt hydrogen er løysinga til den reine energien i framtida.

Det hastar å komme i gang fordi vi skal nå klimamåla. Samtidig som vi tar vare på og lagar nye arbeidsplassar, slik at Noreg blir ei industriell energistormakt. Også den gong i framtida når verda ikkje treng norsk olje og gass, sa næringsministeren.

Jan Christian Vestre Egersund hydrogenanlegg eigerøy grønn hydrogen konteiner

Næringsminister Jan Christian Vestre meiner det hastar å komme i gang med produksjon av grønt hydrogen.

Foto: Philip Kollstrøm / NRK

Hydrogen har fleire fargekodar

Anlegget som blei opna i Eigersund kommune sist veke skal produsere grønt hydrogen. Dette blir sett på som det mest miljøvennlege.

Men det finst også andre fargekodar på hydrogen. Da betyr det at hydrogenet produsert frå ei anna energikjelde.

Blått hydrogen er for eksempel laga av gass, der CO₂ blir fanga og lagra.

Dei andre fargane kan du lese om i faktaboksen.

Kan brukast på store fartøy

Draumen er at hydrogen skal erstatte forureinande diesel i større skip, anleggsmaskiner og tungtransport i framtida.

Det er også eit håp om at hydrogen i framtida skal bli vanleg drivstoff for fly.

Elbilar har batteri. Det fungerer bra til bruket sitt, men vil ikkje vere tilstrekkeleg når vi skal implementere denne teknologien på tungtransport, svære gravemaskiner og skip som går over verdshava, seier Vestre.

MF Hydra

Ferja MF «Hydra», som trafikkerer sambandet Hjelmeland-Nesvik i Rogaland, bruker hydrogen som drivstoff.

Foto: Olav Røli / NRK

Asbjørn Torvanger, klimaforskar i Cicero, utdjupar:

– Grunnen til at det er hydrogen ein vil satse på som drivstoff i skip, lastebilar og andre større fartøy, er at dagens batteri vil bli for store, tunge og dyre i forhold til straummengda som kan lagrast til å drive større fartøy.

Så lenge batteri er avhengig av lading med korte mellomrom, blir det lite praktisk for slike svære transportmiddel.

Dyrt å produsere

Men hydrogen som drivstoff har også ulempene sine. Det kostar mykje å produsere.

– Hydrogen har stort energitap i produksjon og bruk, og det gir høg kostnad. Derfor er hydrogen berre interessant når andre fossilfrie drivstoff er enda dyrare og mindre praktiske, som større skip og lastebilar, seier forskar i Cicero, Asbjørn Torvanger.

Asbjørn Torvanger, klimaforsker i Cicero senter for klimaforskning.

Klimaforskar i Cicero, Asbjørn Torvanger.

Foto: Johan B. Sættem

Ifølgje ein artikkel frå Faktisk.no er det berre 70 prosent av energien som går inn i ein hydrogenfabrikk som kjem ut igjen som hydrogen.

Det lønner seg ikkje økonomisk å produsere hydrogen i forhold til fossile energiberarar som olje og gass, ifølge ein rapport om hydrogen frå Enova i fjor.

– Produksjonen avheng av mykje straumbruk eller gassbruk, seier Torvanger.

Forskaren peikar også på at hydrogen er den lettaste og mest flyktige av alle gassar. Dermed må han oppbevarast og bli transportert under stort trykk slik at det blir krevjande å unngå lekkasjar.

Samtidig er gassen svært eksplosjonsfarleg.

– Hydrogen må lagrast og blir transportert under stort trykk fordi volumet er stort i forhold til energiinnhaldet. Dette er både teknisk utfordrande og dyrt, seier han.

Produksjonen av hydrogen er billigast ved kontinuerleg drift, men i periodar med høg straumpris vil ikkje produksjonen bli lønnsam, ifølge forskaren.

I Eigersund ønsker dei å produsere mest når straumen er på sitt billigaste.

Det vil ta tid

Mohsen Assadi som er professor i energiomstilling ser framleis mange og store uløyste utfordringar før hydrogen vil monne i det grøne skiftet.

Ein må kunne produsere i store mengder, lagre i store mengder og distribuere i store mengder. Det kjem til å ta tid å bygge ut.

Professoren håpar likevel at hydrogen vil hjelpe oss å løyse klimakrisa.

Mohsen Assadi

Mohsen Assadi, professor i energiomstilling ved Universitetet i Stavanger.

Foto: UiS

Men skal det spele ei større rolle på heile energimarknaden, snakkar vi nok om 20–30 år.

Ambisjonane er store i Egersund, og det er allereie rydda plass på området til å produsere mykje meir hydrogen.

I dag sende vi inn søknad til hydrogenbanken og ønsker å auke kapasiteten frå ein til sju megawatt. Da frå rundt 140 tonn i året og 388 kilo i døgnet – til tre tonn i døgnet, seier Thor Henrik W. Hagen, dagleg leiar i Hydrogen Solutions.

Stig Schjølset, fagsjef i miljøstiftinga Zero, seier likevel at dei er veldig positive til hydrogenproduksjon i Noreg.

Hydrogen er ei av løysingane vi treng når vi skal kutte alle utslepp, så vi synest det er kjempepositivt at det nå opnar anlegg for produksjon.