Hopp til innhold

Kommentar: Er fylket liv laga?

Er verkeleg Sogn og Fjordane sine dagar som eige fylke talde? Det kan faktisk høyrast slik ut.

Eldgrim Fossheim

KOMMENTAR: NRK-reporter Eldgrim Fossheim har sett på om enden er nær for Sogn og Fjordane som eige fylke.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fylkesordførar Jon Aasen i Møre og Romsdal er tydeleg klar med kniven for å partere nabofylket i sør og innlemme nordsida av Nordfjorden i sitt fylke. Bakgrunnen er rapporten som Møreforsking kom med på måndag.

Der er ein av konklusjonane at dersom eit fylke skal vere rimeleg effektivt og kunne ta på seg nye oppgåver, må det ha minst 200 000 innbyggarar. Dårleg nytt for oss knapt 110 000 i Sogn og Fjordane, og nok til at enkelte umiddelbart starta å synge fylket sin svanesong.

Men eg trur vi kan roe ned – i alle fall inntil vidare.

Litt fakta:

Det er ei kjend sak at dagens regjeringsparti ikkje ønskjer fylkeskommunar i det heile. Dei vil ha større kommunar og that's it. Difor sette kommunalminister Jan Tore Sanner i gang kommunereforma så snart han inntok regjeringskontoret i fjor haust.

Kommunane skal bli større og meir robuste til å ta seg av i første rekke dagens oppgåver, og kanskje også nye oppgåver. Alle kommunar i landet skulle sette i gang utgreiingar av kven dei eventuelt vil slå seg saman med.

Vedtak om samanslåing bør skje snarast mogeleg – det vil gje økonomisk premiering. Fylkesmennene fekk i oppdrag å styre prosessane.

Makta sit i Oslo

Fylkeskommunane var ikkje med i Sanner sitt opplegg, dei fekk ein sjå på seinare, meinte han. Høgre sin kommunalkonferanse i Tromsø tidlegare i år meinte at ved å ta oppgåver frå fylke og føre over til større kommunar, ville fylkeskommunen rotne på rot – ei enkel måte å avvikle fylkeskommunane på.

Men makta sit i Stortinget – det fekk Venstre og Johan Sverdrup vedteke i 1884. Og i eit såkalla dok. 8-forslag i Stortinget i år, fekk det same Venstre fleirtal for at vi skal ha fylke eller regionar også i framtida – og dei framtidige fylka må vurderast samtidig med kommuneendringane.

Kommunalministeren bad då Møreforsking lese igjennom alle utgreiingar som har vore gjort om fylka eller regionar siste 20–30 åra. Ein komite kom med utgreiingar både i 1974 og i 88, Vi har Christiansen-utvalet frå 1992, Oppgavfordelingsutvalet frå 2000, Distriktskommisjonen frå 2004 og Selstad-utgreiinga frå same år.

Har ikkje fått beskjed om å diskutere

Møreforsking såg alle desse i samanheng og trekte ut nokre konklusjonar – der ein altså er at framtidige fylke eller regionar bør ha minst 200 000 innbyggarar – dersom dei skal vere i stand til å ta seg av nye oppgåver frå staten.

Samtidig med dette har fylkesordførar-kollegiet i KS fått sine rådmenn- leia av vår fylkesrådmann Tore Eriksen, til å sjå på ulike modellar for fylke eller regionar. Dette under gitte føresetnader.

Men kva gjer regjeringa med fylka etter at dei no har fått desse rapportane, og i tillegg får ein ny til våren om oppgåvefordeling mellom kommune fylke og stat?

Det som er faktum er at medan kommunane no er i full gang med diskusjonane om kommunesamanslåing etter pålegg frå statsråden, har ikkje fylka fått noko beskjed om å diskutere tema. Og med dagens regjering sitt syn på fylkesnivå, blir det spennande om nokon slik beskjed kjem og i tilfelle i kva form.

Status quo

Det er også verd å minne om at den raudgrøne regjeringa i Soria Moria-erklæringa slo fast at fylka skulle blir større regionar frå 2010. Diskusjonane gjekk høgt i forkant og utgreiingar vart gjort. Resultatet vart berget som fødte ei mus – alt vart nesten status quo.

I min barndoms matematikk snakka vi om største sams mål og minste sams multiplum.

Det viser seg igjen og igjen at i det politiske landskapet med ulike syn på både kommunar, fylke og regionar – og ikkje minst kva oppgåver dei ulike nivåa skal ha – blir det største sams mål ganske lite.