Kommunereform går i rasande fart – politikarane rekk knapt å henge med

Arbeidet med kommunereforma går føre seg i eit vanvittig tempo. Mathias Råheim, leiar av Samarbeidskommunane i Sunnfjord, klarer knapt å halde takta.

Mathias Råheim

HENG KNAPT MED: Kommunereformen rasar av stad i ei takt ordførar Mathias Råheim knapt kan halde. Men det må han og Samarbeidskommunane i Sunnfjord.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Alle politikarane er einige om at her går samanslåinga og arbeidet med reforma i eit vanvittig tempo. Men fylkesmannen har gitt beskjed om at vi må henge med.

Samarbeidskommunane i Sunnfjord (SIS), Flora, Naustdal, Gaular, Jølster og Førde, har hatt felles formannskapsmøte for å diskutere kommunereforma som regjeringa har presentert. Målet er å gjere kommunane meir robuste for framtida.

Men Råheim seier kommunane som var samla i dag ikkje forhastar seg med arbeidet.

– Viss alt går etter planen så skjer første kommunesamanslåing 01.01.2020.

Råheim synest møtet i dag gav gode avklaringar. No vil dei gå vidare i prosessen for å få utgreidd ulike alternativ.

Førde- og Florøflørt

Bengt Solheim-Olsen

VIL SJÅ PÅ FLEIRE ALTERNATIV: Florø-ordførar Bengt Solheim-Olsen er open for å sjå i andre retningar.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Florø-ordførar Bengt Solheim-Olsen har tidlegare sagt at det først og fremst er naturleg med ein kystkommune der Bremanger, Vågsøy, Fjaler og Askvoll kanskje er naturleg. Men han er også open for å sjå i andre retningar.

– Vi er eit komplett arbeidsområde i SIS-kommunane. All pendling går føre seg frå Florø til Førde, og stor utpendling frå Førde til Florø. Så det er veldig rart å ikkje greie ut om eit slikt alternativ er det beste for innbyggjarane, seier Solheim-Olsen.

Olve Grotle

SER TO ALTERNATIV: Førdeordførar Olve Grotle ser berre fordelar med ein storkommune.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Førdeordførar Olve Grotle ser først og fremst to alternativ – Indre Sunnfjord med kommunane Jølster, Gaular, Naustdal og Førde, og eit alternativ to der Flora er med og eventuelt fleire kommunar.

– Eg ser openberre fordelar med ein storkommune, og på mange måtar passar Førde og Florø godt saman og ville kunne vore eit alternativ til Bergen.

Klarer kommunane å finne kvarandre?

KVEN GÅR SAMAN? Ordførarane i Sunnfjord vurderer kvarandre, og diskuterer kvar vegen skal gå i høve kommunesamanslåing. Reporter: Vidar Gudvangen / Foto: Ole André Rekkedal.

Må informere innbyggjarane

Mathias Råheim, seier at noko av det viktigaste framover no, blir å informere innbyggjarane om kva som skjer.

– Vi må ha ein grundig prosess der vi kartlegg ulike ting og peike på dei oppgåvene vi kan ta på oss i ein ny storkommune. Og vi må få ut god informasjon til innbyggjarane.

Råheim trur det vil blir nok endringar i kommunestrukturen.

– Det ønskjer mange og særleg i storbyane. Dei burde kanskje ha starta der det er tettast med folk. Men vi tar reforma til etterretning og gjer det vi kan, så får vi sjå, seier han.

Folkeavrøysting

– Vi er nok alle einige om at vi skal ha reforma ut på folkeavrøysting, og då blir det ei felles folkeavrøysting. Då er det viktig å ha god nok informasjon slik at folk veit kva dei skal røyste på.

Sist det var folkeavrøysting var sist i 2003 og eit overveldande fleirtal sa nei til samanslåing. Men kva utfallet av ei folkeavrøysting vil blir torer ikkje Råheim spå.

– Nei kva prosentandelen vil bli på ja og neisida veit eg ikkje å tippe enno.