Hopp til innhold

Nordfjord splitta i synet på framtidig storkommune

Nordfjordrådet greidde ikkje i dag å bli samde om å greie ut ein felles storkommune for Nordfjord.

Nordfjord er splitta om den framtidige storkommunen

SPLITTA: Ei storkommune i Nordfjord ligg lenger unna enn i både Sogn og Sunnfjord. Ordførarane Sven Flo, Anne Britt Nygård og Alfred Bjørlo har forskjellige syn på realismen i ein samanslåing av Nordfjord.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Eid, Selje, Gloppen og Vågsøy er klare. Men Hornindal seier så langt nei og ordføraren i Stryn manglar ryggdekning. No må saka til dei ulike formannskapa for å finne ut kva slags utgreiingar ein skal gjennomføre.

Ottar Nygård

SKUFFA: Ordførar i Selje, Ottar Nygård, hadde håpt på ei avklaring i dag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg hadde håpt at Nordfjordrådet skulle vere klar til å bestemme seg i dag, men der er vi ikkje enno, seier ordførar i Selje Ottar Nygård.

Geografien skapar problem

Dermed ligg ei storkommune i Nordfjord lenger unna enn både i Sogn og Sunnfjord. Leiar i Nordfjordrådet Sven Flo meiner kommunane treng tid på å samkøyre seg.

Sven Flo

TRENG TID: Leiar i Nordfjordrådet, Sven Flo, seier kommunane treng tid på å samkøyre seg.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi jobbar med eit mandat som er ganske ferskt, det har ikkje vore politisk behandla i dei respektive kommunane. Det er kommunane som eig prosessane, Nordfjordrådet er ikkje sett til å overstyre dei. Det er heilt avgjerande å køyre demokratiske prosessar dersom vi skal lykkast, seier han.

Anne Britt Nygård, ordførar i Hornindal, leiar den kommunen som har sett seg klarast på bakbeina.

– Vi har diskutert å sjå på ei storkommune i Nordfjord. Det var urealistisk meinte vi, difor vil vi ikkje bruke tid på å greie ut dette, seier ho.

Store avstandar og ulik geografi, er det som gjer honndølane skeptiske.

– Vi er langstrakte, vi har kysten, vi har indre og vi har midtre. Det gjer at eg trur det er lite realistisk, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anne-Britt Øen Nygård

SKEPTISK: Anne Britt Nygård, ordførar i Hornindal, meiner ein storkommune i Nordfjord er urealistisk.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Treng brei debatt lokalt

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, meiner det er naturleg at kommunane vegrar seg for å sjå på konkrete alternativ, før dei har hatt ein brei debatt lokalt. Likevel er ein av dei som ønskjer å greie ut ein storkommune.

– Vi har sagt at vi er villige til å sjå på fleire alternativ, men vi meiner det er viktig at utgreiingsarbeidet blir gjort med heile regionen som eining. Mellom anna fordi det er eit utruleg omfattande interkommunalt samarbeid i heile Nordfjordregionen i dag. Då må ein sjå på ulike modellar i regionen, inkludert ein Nordfjordkommune, men òg andre modellar, seier han.

Alfred Bjørlo

TENKJER STORT: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, ønskjer utgreiing av ein storkommune, men forstår at andre treng å ta debatten lokalt.

Foto: Elias Engevik / NRK

Etter møtet i dag skal ordførarane ta med seg debatten vidare til dei lokale folkevalde. Men fleire kommunar har allereie flagga at eit alternativ med to til tre kommunar er det mest sannsynlege.

Sven Flo er ikkje einig at nordfjordingane tenkjer for smått.

– Alle i Nordfjordrådet ønskjer å vere positive og konstruktive til kommunereforma. Vi seier ikkje at vi skal bestå slik vi er i dag. Men eg tykkjer det blir feil å seie at fordi Sunnfjord gjer det, eller Sogn gjer det på den og den måten, så skal Nordfjord gjere det same, seier han.

Vil ha tala på bordet

Ordførar i Vågsøy, Morten Hagen, håpar Stryn og Hornindal vil bidra.

– Vi trur ikkje at ein storkommune er det mest realistiske alternativet, men det er eit alternativ. Og då må vi få tala på bordet, slik at vi i alle fall ta stilling til tala som ligg der, seier han.

Likevel innser han at det kan bli vanskeleg å gjennomføre i praksis, dersom enkelte kommunar set seg på bakbeina.

– Dersom det blir slik at ein eller to kommunar seier at dette ikkje er aktuelt, så blir det feil å bruke ressursar på å greie ut det. For då greier ut vi ein kommune det allereie er sagt nei til, seier han.