Hopp til innhold

No ser dei storkommunane komme

Førde-ordførar Olve Grotle meiner debatten om storkommunar er som å gå til tannlegen: Ein må berre tore å hoppe i det. Onsdag ettermiddag møtte han politikarkollegaer til debatt på «tannlegens venterom».

Debatt om storkommunar

DEBATTERTE: Fylkesvaraordførar og KS-leiar Jenny Følling (Sp), Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V), Hyllestad-ordførar Jan Olav Gjerde (Ap) og Førde-ordførar Olve Grotle (H) møttest til debatt i NRK sitt studio i Førde onsdag ettermiddag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det er nesten som at ein veit ein må til tannlegen, men ein ventar i det lengste.

Olve Grotle, ordførar i Førde (H)

– Dette kjem, og prosessen må starte no, seier Grotle.

I NRK Sogn og Fjordane si ettermiddagssending onsdag møtte Førde-ordføraren Eid-ordførar Alfred Bjørlo, Hyllestad-ordførar Jan Olav Gjerde og KS-leiar Jenny Følling til debatt om framtidas storkommunar.

Bjørlo med eigen 3-stegs modell

Debatten kom i stand etter at Eid-ordførar Bjørlo på sin eigen blogg, og i NRK si morgonsending på radio, etterlyste debatt om kva framtidas storkommunar skal drive med.

Regjeringa vil ha færre og større kommunar, og har varsla ei omfattande kommunereform. No vil Bjørlo vil ha slutt på at ordførarkollegaene kjem med uklare etterlysingar av nye oppgåvene som større kommunar skal drive med. Han meiner kommunane sjølve må ta debatten.

– Eg er samd med dei som seier at staten burde gitt klarare svar. Men når dei ikkje gjer det, er det berre ein ting å gjere. Kommunane må sjølve byrje å definere kva kommunane kan og bør drive med i framtida. Og så må vi sjå kva kommunestorleik som må til for å gjere det. Ein må få slutt på denne ulne trua som enkelte har om at viss ein berre sit heilt i ro, så vil alt bli som før i kommune-Norge. Det er ikkje mogleg, seier Bjørlo til NRK.no.

På går på bloggen sin ut med forslag for tre ulike kommunemodellar:

  • 1) Kommunar på dagens storleik, gjerne med 2000–5000 innbyggjarar
  • 2) 8000 -15000 innbyggjarar. Det vil gi 10–15 kommunar i Sogn og Fjordane
  • 3) Kommunar med 20.000-30.000 innbyggjarar, basert på bu- og arbeidsmarknadar.

Vil helst bli stor

Bjørlo seier hans hjarte ligg nærast ein storkommune modell med over 20 tusen innbyggarar.

– Stadig færre av dei tenestene som kommunane handterer i dag, blir mogleg å handtere i ein kommune med 2000–5000 innbyggjarar. Då ender ein opp med eit omfattande interkommunalt samarbeid, med makt og ansvar flytta bort frå dei folkevalde, eller at fylke og stat må ta over oppgåver.

Mellom desse oppgåvene meiner Bjørlo vi finn ei rekke frå kultur og kulturskule til økonomi, rekneskap og sentralbord. Men med kommunar på 20.000 – 30.000 innbyggjarar vil ein tvert i mot kunne ta på seg nye oppgåver som i dag ligg under fylke og stat, trur Venstre-ordføraren.

–Det kan vere alt frå barnevern, kultur, lokal kollektivtransport, næringsutvikling, arealplanlegging og ei rekkje andre oppgåver.

Fylkesleiar Jenny Følling i KS møtte ordførarane Alfred Bjørlo (Eid), Jan Olav Gjerde (Hyllestad) og Olve Grotle (Førde).

HEILE DEBATTEN: Programleiar Erlend Blaalid Oldeide med Jenny Følling, Alfred Bjørlo, Jan Olav Gjerde og Olve Grotle i studio.

Kven skal drive dei vidaregåande skulane?

Men då Bjørlo møtte ordførarkollegaer til debatt i lokalsendinga på NRK P1 var det likevel eitt tenestetilbod han ikkje såg føre seg at ein storkommune vil takle: Å drive vidaregåande skular som i dag er fylkeskommunen sitt ansvar.

– Elevane skal ha same kvalitet og breidde i tilbodet i Sogn og Fjordane, som på ein mykje større plass. Då må ein opp i ganske store einingar. Kommunar i storleiken 80.000 – 100.00080.000 – 100.000 innbyggjarar. Så eg er tvilande til at det kan overførast til kommunane, men ein må gjerne greie ut og sjå på om det er mogleg. Men eg ser på dei vidaregåande skulane som det mest krevjande på lista over kva kommunane kan overta, sa Bjørlo i den direktesende debatten.

Det kan vere alt frå barnevern, kultur, lokal kollektivtransport, næringsutvikling, arealplanlegging og ei rekkje andre oppgåver.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo om nye oppgåver for kommunane

Men ordførar i Førde vil ikkje ordføraren avvise tanken om å drive vidaregåande utdanning i kommunal regi. Han trur ein storkommune i Sunnfjord, med 40 tusen innbyggjarar kan takle ei slik oppgåve.

Ordførarar i radiodebatt

BLIR SKULEEIGAR? Førde-ordførar Olve Grotle (nærmast kamera) er open for at storkommunar også kan drive dei vidaregåande skulane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg er meir open for at vi kan få til dette i Sogn og Fjordane. Kommunane i Sunnfjord skal ha felles formannskapsmøte i midten av september. Eg ser føre meg at spørsmålet om vidaregåande skular er eitt av tema vi vil drøfte. Får ein til ein storkommune i Sunnfjord, og kanskje litt meir, så nærmar ein seg 40.000 innbyggjarar. Eg ser ikkje vekk frå at ein då kan tenkje seg ein modell med vidaregåande skular, og då kanskje i samarbeid med resterande område i Sogn og Fjordane, sa Grotle.

Høgre-ordføraren er uansett ikkje i tvil om at dagens kommunekart frå 1960-talet står for fall og nytta tannlegen som bilete på den politiske prosessen som no er i startgropa.

– Alle ser no ut til å seie at «ja, kommunesamanslåing blir det». Det er nesten som om at ein veit ein må til tannlegen, men ein ventar i det lengste. Slik er det med kommunesamanslåing. Lat oss gå til tannlegen med ein gong, få retta opp det som er feil og gå vidare.

Call

Send SMS

Add to Skype

You'll need Skype CreditFree via Skype