Hopp til innhold

Fleire kommunar sette under administrasjon

Kraftkommunen Høyanger vart denne veka den tolvte kommunen i landet som treng påsyn frå staten for å få orden på økonomien.

Høyanger kommune

HØYANGER: Denne veka vart Høyanger den tolvte kommunen i landet til å bli sett under administrasjon på grunn av økonomisk rot.

Foto: Visit Norway

Sidan formannskapslova av 1837 har det vore eit lokalt ansvar å sørgje for at inntekter og utgifter heng saman.

Stort sett greier kommunane å skjøtte økonomien, men nokre gonger går det skeis og lokalpolitikarane treng «ei verje» til å sjå til at ikkje alt vert sett over styr.

På staten sitt forvaltningsspråk heiter dette å bli sett på «Robek-lista», som inneber å kome under statleg kontroll med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtaler.

Robek-lista nådde ein førebels topp i 2004 då heile 118 norske kommunar trong «påsyn».

Sidan har forholdet mellom driftsnivå og inntektsramme vorte betre, og i 2019 var talet på kommunar med pengeproblem nede i 10.

Dei siste åra er det likevel teikn til at nedgangen har stansa, og kan vere på retur.

Denne veka vart Høyanger den tolvte kommunen i landet til å bli sett under administrasjon.

Det same talet ville vore 15 om ikkje Træna, Kåfjord og Froland «sleppte ut av fangenskap» tidlegare i sommar.

Høyanger kommune

Regjeringa, Hydro og vindkraftbransjen prøver å overtyde folk i Høyanger om at meir kraft er nøkkelen til deira framtid.

Foto: Eirik Brekke (BT)

Brukte 32 millionar kroner meir enn dei hadde dekning for

Hovudforklaringa på det økonomiske havariet i Høyanger er ein «sikringsavtale» frå 2021 om å selje konsesjonskraft til fastpris i staden for marknadspris.

Det vart eit dyrt vedtak for den vesle kommunen.

I fjor haust måtte kraftkommunen i praksis betale 42 øre for kvar kilowattime dei selde.

Resultatet var eit tap på rundt 80 millionar kroner og at kommunen brukte 31,9 millionar kroner meir enn dei hadde dekning for i 2022.

Det er ein meirkostnad på 6 prosent av driftsinntektene, som er det dobbelte av det kommunelova tillèt (3 prosent).

Måndag kveld tok derfor Statsforvaltaren i Vestland affære og greip inn overfor kommunen.

Ordførar i Høyanger, Petter Sortland (Ap), seier til NRK at kommunen «vinn i lag og taper i lag» og at dei la til grunn at dei hadde betre tid på seg til å få orden i sysakene.

Du kan ikkje garantere så mykje i dette livet, men eg trudde vi skulle få to år på oss til å rydde opp, seier han.

Han viser til at kraftinntektene er gode att, og at dei har sett av pengar til å rydde opp i tidlegare overskridingar.

Så eg trur denne Robek-visitten skal vere kortvarig for vår del. Vi kan ta oss ein prat igjen i juli neste år, då skal vi vere ute.

Kommunedirektør Ørjan Haram er like optimistisk:

– Eg er trygg på at dette skal vi klare.

KS-direktør Helge Eide har «ikkje registrert nokon særskild kritikk» i kommunane mot kriteria for innmelding i Robek.

– Ei årsak til det kan sjølvsagt vere at dette gjeld så få kommunar. Men sjølv då talet på Robek var klart høgare enn no, var det ikkje noko stor støy omkring systemet som sådan.

ordfører Petter Sortland (Ap) i Høyanger

Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap), som tidlegare var ein profilert vindkraftmotstandar, har karakterisert dilemmaet som «ein helvetes spagat».

Foto: Hallgeir Vågenes / Hallgeir Vagenes (VG)

Ein overraskande og kjedeleg beskjed

Ordførarkandidat for Høgre, Hroar Holm Carlsen, kallar Robek-visitasen for eit «overraskande» og «kjedeleg» møte.

Sjølv om det er «uflaks» med kraftsal som har ført kommunen inn i denne situasjonen, så illustrerer dette det akutte behovet for å snu den negative utviklinga i folketal, seier han.

Han legg til:

Og at valkampen ikke bør handle om nei til vindkraft.

Hydro presenterte i vinter eit «naudsynt vindkraftprosjekt» i fjellområdet mellom Høyanger og Sunnfjord, og la med det press på industribygda.

Historisk har aluminiumsverket i Høyanger vore det kulturelle og økonomiske navet i bygda, som alt krinsar rundt.

Arbeidarparti-ordføraren, som tidlegare var ein profilert vindkraftmotstandar, har uttalt at planane set han «i ein helvetes spagat»:

Om tilgang på meir, eigen og rimeleg kraft er ein føresetnad for hjørnesteinsbedrifta si vidare satsing i bygda – korleis kan han seie nei?

Til NRK seier ordføraren at han deler Høgre-kandidaten si vurdering om at fokus i valkampen bør vere på framtidig folketal – og ikkje på eit kategorisk nei til vindkraft.

Vi er den «Hydrokommunen» som er mest avhengig av Hydros aktivitet.

Les også Klimakutt set industribygd i skvis

Høyanger kommune