Hopp til innhold

I dag kan fylket mista éin kommune. Sju andre vurderer å følgja etter

Ei rad kommunar sør i Vestland vurderer overgang til Rogaland. I dag står slaget i ein av desse. Enslaved-vokalisten er ikkje redd for å seia kvar han høyrer heime.

Kjetil Grutle, vokalist i Enslaved.

STERK RØYST: Kjetil Grutle seier kva han meiner om å flytta Sveio til Rogaland. Enslaved-vokalisten er tydeleg på at kommunen høyrer heime i Vestland.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Eg trur ikkje folk i Stavanger veit kvar Sveio ligg eingong, seier Kjetil Grutle.

I fleire «grensekommunar» mellom fylke i Noreg går debatten om kvar ein skal høyra heime.

Sveibuen, og vokalisten i det kjende norske metalbandet Enslaved, har aldri vore i tvil om kva han skal stemma i folkerøystinga i dag. Valet står mellom å bli verande i Vestland eller byta fylke til Rogaland.

Kjetil Grutle

IDENTITET: For Kjetil Grutle er identiteten til havet og Vestland viktig.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Sveio kommune ligg heilt sør i Vestland fylke, og grensar mot Rogaland få kilometer frå kommunesenteret.

– For meg er valet å vera i Vestland. Ja, det er ein floskel å seia at ein veit kva ein har. Men det er rett å bruka i denne samanhengen, seier Grutle.

SENTRALT: Kartet visar kvar Sveio ligg. Dei lysegrøne kommunane vurderer å byta fylke.

Fleire vil byta

Vestland kommune har i dag 43 kommunar, men om Sveio røystar for fylkesbyte vil det berre vera 42 tilbake.

Og ytterlegare sju andre kommunar sør i Vestland, i regionen som vert kalla Sunnhordland, har lenge vurdert overgang til Rogaland.

Dei er mellom anna misnøgde med stort fokus på den nordlegaste delen av Vestland, gamle Sogn og Fjordane.

Også bunaden dei brukar i Sveio kan ha noko å seia, har valforskar Yngve Flo sagt til NRK.

– Me jobbar med ei kartlegging av kva det vil bety å gå til Rogaland for heile Sunnhordland, seier Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp), ordførar i Etne kommune, og leiar for Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

Og legg til:

– Me følgjer nøye med på kva som skjer i Sveio.

«Bergensarroganse»

Samstundes legg ho til at alt ikkje var roseraudt i gamle Hordaland heller.

– «Bergensarrogansen» var tidvis veldig problematisk, spesielt om stamvegen mellom Haugalandet og Oslo, E134. Dette er betre i nye Vestland, seier Etne-ordføraren, som sit i hovudutval for samferdsel og mobilitet i storfylket.

LES OGSÅ: 950 år med Bergen: Her er ti sprø påfunn som kun bergensere kunne stå bak

Dei rebelske kommunane finn ein fleire stader i landet. I Alta i Troms og Finnmark skal dei ha folkerøysting om kvar dei skal vera når storfylket vert oppløyst.

Tidlegare i haust røysta både Aure og Smøla kommunar om å byta fylke frå Møre og Romsdal til Trøndelag. Begge vart verande.

Naturleg å vera i Rogaland

For Grutle er identitet viktig når han skal velja. For han er det uaktuelt å ikkje vera ein del av Vestland.

Lenger sør i Sveio er stemninga ein annan.

– Eg vil byta fylke til Rogaland. Me har fire barn, og eg vil ikkje risikera at dei ikkje kan gå på vidaregåande skule i Haugesund, seier Carl Enoksen.

Carl Enoksen, busett i Sveio.

KORT VEG: Berre meter skil Carl Enoksen frå å bu i Haugesund kommune og Rogaland fylke. Han meiner Sveio kommune må ut av Vestland.

Foto: Eli Bjelland / NRK

I dag har ungdom i Sveio kommune moglegheit til å gå på vidaregåande skule i både Rogaland og Vestland fylke.

LES OGSÅ: Meiner Messenger-melding avslører Høgre-avhoppar i omstridd skulesak

– Denne moglegheita vil eg ikkje skal komma i spel. Slik eg har skjønt det, var det berre med knapp margin at me fekk dette i Vestland, seier han.

– Flyttar problemet

Professor og kommuneforskar Yngve Flo ved Universitetet i Bergen stussar over at fylkesbyte kjem opp i det heile.

– Det Sveio no gjer, er at dei flyttar problemet med fylkesgrensa frå sør i kommunen og til nord. Ein kunne heller tenkt seg at den politiske energien vart brukt på å prøva å eliminera fylkesgrensa, slik at Rogaland vart ein del av Vestland, seier Flo.

Kommuneforsker Yngve Flo ved Norce

OVERRASKA: Yngve Flo meiner energien i Sveio skulle ha vore brukt til å diskutera om Rogaland skal inn i Vestland i staden for byte.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Og legg til at Sveio sitt val kan få store konsekvensar for andre kommunar.

– Dette kan inspirera til handling også i andre kommunar i denne regionen. Og det vil vera dramatisk om grensa for Rogaland fylke vert flytta mykje lenger nordover, seier han.

Respekterer fleirtalet

Ordførar Linn Therese Erve i Sveio kommune har tidlegare sagt at ho vil halda fram med å vera i Vestland. Samstundes vil ho akseptera kva folkerøystinga seier om resultatet.

– Me skal leggja stor vekt på kva innbyggjarane seier når kommunestyret skal ta stilling til saka den 24. januar, seier ho.

Linn Therese Erve, ordførar i Sveio.

FØLGJER RÅDA: Linn Therese Erve, ordførar i Sveio kommune, seier dei vil følgja råda frå folkerøystinga måndag.

Foto: Eli Bjelland / NRK