Hopp til innhold

Meiner Messenger-melding avslører Høgre-avhoppar i omstridd skulesak

Høgre var mot nedlegging av den lokale skulen, men to avhopparar kan no skaffa fleirtal for nettopp det. Renate Skår meiner meldinga ho fekk viser at ein av dei snakka usant i valkampen.

Renate Skår

OVERRASKA: – Det er ikkje rett at politikarar som gjekk til val på å behalda skulane, skal kunna vippa fleirtalet for nedlegging no, meiner Renate Skår.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Halvanna år etter kommunevalet er Sveio kommune sør i Vestland prega av politisk kaos.

Sentralt i dei heile: Skulenedlegging og to politikarar som braut ut av Høgre, berre to veker etter valet.

Dei to kan no vera med å skaffa fleirtal for nedlegging av den lokale skulen. Det sjølv om Høgre gjekk til val på å behalde alle dei fem skulane i Sveio.

Politikarane har heile tida hevda dei aldri stilte seg bak Høgre sitt program då dei kjempa om røyster før valet i 2019.

No har lokal skuleforkjempar Renate Skår henta fram ei tekstmelding ho meiner beviser at den eine politikaren ikkje snakkar sant.

– Eg er redd det kan vera fleire som har spurt og ikkje fått eit ærleg svar. Men det veit eg jo ikkje, seier Skår til NRK.

Tekstmelding som sår tvil

I valet 2019 viste NRK korleis hundrevis av politikarar i løpet av fire år melde seg ut av partiet dei blei røysta inn for. Det kan få store konsekvensar for det politiske fargekartet, spesielt i små kommunar.

Skår bur med familien sin i Førde i Sveio. Dei har overteke barndomsgarden hennar i bygda Valestrand, og har planar om å bygga hus og flytta dit.

Dei tre ungane går difor i barnehage og på skule i Valestrand, som er ein av dei to skulane som no er føreslått nedlagt.

– Skulesaka er veldig viktig for meg og familien min, og det var ho også under valkampen i 2019.

Dei to uavhengige politikarane har sagt at dei i valkampen reserverte seg mot å meina noko om skulestruktur.

Meldinga Ole Johan Sveen skreiv til Renate Skår dagen før valet, seier ingenting om det.

8. september 2019

Renate Skår:Hei Ole Johan!😊
I forbindelse med valet i morgon, lurer eg på kva du står for i eit par saker.
Har du tatt stilling til dette med kommunesamanslåing?
Kva meiner du om framtida til grendaskulane i kommunen? For vår del tenkjer eg spesielt på Valestrand.
Her kan du sanke eit par ekstra personrøyster om svaret er tilfredsstillande...😉👍🏼
Ønskjer deg uansett lykke til i morgon! Godt val!😊

Mvh Renate
Ole Johan Sveen:Hei Renate. Høgre går til val på at noverande skulestruktur skal bestå. Grensejusteringar kan kanskje bli aktuelt i perioden. Eg ser at me som ein liten kommune har problem med å knytte til oss dyktige nok folk i administrasjonen, men eg vil heller leite etter andre grep for å løyse dette enn å slå oss saman med andre kommunar. Men heile Haugalandet inn i Vestland kunne vore spennande. Takkar for eventuelle ekstra stemmer.😁 Godt val.👍🏼

Svarar: – Eg er svært lei meg

Dei to jobbar saman på ein skule i Sveio. Dei er difor kjenningar, men ikkje nære vener.

– Eg har ikkje lyst til å henga ut nokon, men eg føler ikkje det er rett at han kan hevda at han reserverte seg. Eg har denne meldinga som motbeviser det. Det stemmer ikkje, seier Renate Skår.

Ole Johan Sveen svarer skriftleg på spørsmål frå NRK.

«Det stemmer at ein veljar tok kontakt kvelden før valet og spurte mellom anna om kva eg meinte om framtida til grendeskulane. Eg svarte då, som eg i dag ser er svært uheldig og ikkje presist nok: «Høgre går til val på at noverande skulestruktur skal bestå.» Dette var som sagt veldig uheldig og ikkje presist nok. I ettertid er det klart at eg burde hugse å ta med presiseringa om at eg ville vente på ferdigstilling av skulebruksplanen før eg tok endeleg avgjerd i saka. Dette er eg svært lei meg for, og dette har eg sjølvsagt også beklaga til vedkommande.»

Kvifor svarte du slik?

«Etter ein lang og intens valkamp, gjekk dette svaret for kjapt og blei dessverre for upresist. Dette må eg igjen berre beklage, og skulle gjerne hatt det ugjort.»

Kor tydeleg meiner du reservasjonen din var generelt i valkampen?

«I valkampen var eg aktiv på stand i Sveio sentrum. Der hadde Høgre eit valsamarbeid med Frp, V og KrF. Me hadde eit felles lokale like ved inngangen til butikksenteret. Eg trur dei fleste som var med på dette samarbeidet fekk med seg at eg reserverte meg i høve til skulestruktursaka. Det var eg sjølvsagt også tydeleg på overfor mine partifellar, sjølv om dei i dag hevdar at dei aldri har høyrt om dette. Veljarar som var interessert i skulestruktur, fekk det same svaret.

Eg synest det er svært trist at Renate Skår og Lars Einar Hollund hevdar at eg lyg. Det har aldri vore min intensjon å villeia verken partiet eller veljarane.»

Valestrand oppvekstsenter

Valestrand oppvekstsenter og Auklandshamn skule i Sveio kan bli lagde ned til hausten.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Sveio Høgre blei ikkje informert

Lars Einar Hollund, som er kommunestyrerepresentant for Høgre, seier at dei to uavhengige ikkje informerte Sveio Høgre om reservasjonen.

– Sveen kan meina kva han vil i dag, men før valkampen sat han sentralt i programkomiteen. Han tok ikkje dissens på noko før valet, seier den tidlegare ordførarkandidaten.

– Har du lovd noko til ein veljar, er det viktig å halda det. Det handlar om truverd. Eg vil difor oppmoda han til å stå på det han har lovd veljarane, seier Hollund.

Meiner nedlegging gir betre skule

Ole Johan Sveen skriv at han kjem til å røysta for innstillinga til rådmannen om å legga ned dei to skulane når saka blir handsama av kommunestyret måndag 12. april.

Han meiner større einingar gir rom for betre læring, og at det vil føra til betra økonomi i skulen totalt sett. Innsparing i forslaget er på 2,7 millionar kroner, som skal brukast i skulesektoren.

Frå skulane i Valestrand og i Auklandshamn tek det rundt 20 minutt å køyra med bil til Førde. I bygdene er det likevel frykt for at fleire elevar kjem til å få ei samla reisetid på over 45 minutt med skuleskyss.

Vestland fylkeskommune har sett ei grense på 45 minutt som akseptabel reisetid for elevar i 1. til 4. klasse.

Renate Skår seier ho og familien flyttar til Valestrand, uansett om skulen blir lagt ned eller ikkje. Ho håpar politikarane tenkjer seg godt om før avrøystinga.

– Det er ikkje rett at politikarar som gjekk til val på å behalda skulane, skal kunna vippa fleirtalet for nedlegging no. Det kan få så store konsekvensar for så mange i kommunen vår. For ungane, for familiane og for bygdene på lang sikt.

Sjå NRK sin valdebatt om mellom anna skulenedlegging frå valkampen 2019:

Valgdebatt Sveio