10. januar neste år går innbyggjarane i Sveio kommune til valurnene i ei folkerøysting for å seia kva fylke dei skal høyra til.
Vestland, som i dag, eller Rogaland.
Eit farvel til Vestland kan i så fall bety farvel til regionen Sunnhordland.
– Det vil nok kjennast hardt for mange i Sveio å bryta med konseptet Sunnhordland. Ein har gjerne ein sunnhordlandsbunad, og kjenner tilhøyrsle til regionen på andre måtar, seier valforskar Yngve Flo ved Universitetet i Bergen.
VANSKELEG Å BRYTA: Valforskar Yngve Flo ved Universitetet i Bergen trur tradisjonar, som bunad, kan vera med å spela rolle i folkerøysting.
Foto: Adrian Nyhammer OlsenKan verta dominoeffekt
I dag består regionen Sunnhordland av sju kommunar.
Flo trur det ville ha vore lettare for Sveio om fleire kommunar i Sunnhordland hadde følgt dei ut av Vestland fylke.
– Det kan verta ein dominoeffekt i heile Sunnhordland av kommunar som ynskjer å byta fylke. Men då kan det vera at statlege mynde ikkje vil godta at det skjer, trur valforskaren.
I ein rapport frå Telemarksforskning, som er laga på oppdrag for Sveio kommune, kjem det fram at folk nord i kommunen kjenner seg som hordalendingar.
Folk sør i kommunen kjenner seg som rogalendingar.
Følgjer tradisjonane
Nettopp kvar ein føler seg heime, spelar stor rolle i kva bunad folk vil ha på seg.
Leiar Camilla Rossing for institutt for bunad og folkedrakt fortel at fylkesgrenser ikkje følgjer bunadsgrensene.
– For folk er nok tilhøyrsle og kva tidlegare generasjonar har gjort viktigare på bunadsfronten enn kva fylke enn høyrer til. Eit døme er i Vestfold og Telemark, som er fylke som er slegne saman utan noko til felles, seier Rossing.
Ikkje farvel til Sunnhordland
Ordførar Linn-Therese Erve (Ap) i Sveio seier at eit eventuelt fylkesbyte ikkje vil rokka ved hennar, og kommunen sitt forhold til Sunnhordland.
I dag er kommunen ein del av både Sunnhordland og Haugalandet.
– Eg har alltid vore sunnhordlending, og vil også i framtida kjenna meg som sunnhordlending. Uavhengig av kva fylke me høyrer til, seier Erve, som brukar sunnhordlandsbunad.
– Det vil eg halda fram med å gjera, seier ho.
SUNNHORDLENDING: – Eg har alltid vore sunnhordlending, og vil også i framtida kjenna meg som sunnhordlending. Uavhengig av kva fylke me høyrer til, seier ordførar Linn-Therese Erve (Ap).
Foto: Eli Bjelland / NRKVil halda på tradisjonane
I Haugesund ligg bunadsbutikken Petra Løvvig Broderi & Bunadsforretning, som med sin 105 år gamle historie, er den eldste i Noreg.
Innehavar Torunn Lie Jacobsen seier at folk frå Sveio, som kjem til dei, stort sett skal ha bunad frå Rogaland. Men at nokon også vil ha frå Hardanger og Sunnhordland.
– Folk vel den bunaden som mor og bestemor hadde, og kvar dei kjenner tilhøyrsle. Om Sveio bytar fylke trur eg ikkje det vil ha noko å seia for kva bunad dei vil velja, seier Jacobsen.
ROGALANDSBUNAD: Kronprinsesse Mette-Marit er mellom dei som brukar rogalandsbunad.
Foto: Heiko Junge / ScanpixFryktar delt kommune
Då saka om fylkesbyte vart diskutert i kommunestyret i Sveio måndag denne veka, gjekk Ole-Bjørn Hov (MDG) på talarstolen og sa at han frykta ein delt kommune.
Dette fordi folk i nord kjenner seg som hordalendingar, medan folk i sør kjenner seg som rogalendingar.
– Den nordlege delen av kommunen er i mindretal i talet på folk, og med folkerøysting vil fleirtalsdiktaturet gjelda. Rapporten viser berre små og usikre effektar med å byta fylke, sa Hov.
KRITISK: Ole-Ørjan Hov (MDG) var i mot å halda folkerøysting om kva fylke Sveio skal høyra til. Måndag var saka oppe i kommunestyret i Sveio.
Foto: Olav Røli