Hopp til innhold
Luftambulanse
Foto: Haukeland universitettsjukehus

Helse i Vestland

Oppsummert

Siste nytt frå helsesektoren i Vestland.

  • Rapport: – 14,5 timer mellom måltider på sykehjem

    Deloitte har i en rapport avdekket kritikkverdige forhold ved to sykehjem i Bergen. Tre områder ble markert som «rødt nivå», opplyser Bergensavisen.

    På sykehjemmene skal det ha gått 14,5 til 15 timer mellom kvelds og frokost. Deloitte mener forholdene fører til risiko for undervekt.

    På et av sykehjemmene lå også narkotiske legemidler lett tilgjengelig for uvedkommende.

    Rapporten peker på mangel på personell og fagkompetanse som mulige årsaker. På det ene sykehjemme skal det også være manglende tillit mellom flere i sykepleiergruppen og ledelsen, noe som gjør at tjenesten til tider kan være svekket.

    Rapporten har vært til høring i byrådsavdeling for helse i Bergen kommune. Deloitte har valgt å anonymisere sykehjemmene.

  • Helse Førde vurderer nedlegging av rusinstitusjon

    Ruseininga på Tronvik i Høyanger er blant tiltaka Helse Førde vurderer å legge ned når dei må spare 100 millionar kroner for å få 2024-budsjettet i balanse. Dei tilsette vart orienterte på eit møte fredag.

    – Det er svært tungt å gje slike meldingar til medarbeidarar i eit fagleg sterkt arbeidsmiljø. Vi håpar sjølvsagt at det kjem meir pengar i statsbudsjettet, men slik situasjonen er no må vi snu alle steinar, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.

    Ordførar i Høyanger kommune, Petter Sortland, seier kommunen vil gå i dialog med leiinga i Helse Førde for å sjå på moglege løysingar for innsparing.

    – Eg forventar at heile delar av Helse Førde, og Helse Vest, som Tronvik har basert mykje av sin aktivitet på, ser på alle alternativ og ikkje berre skjer inn mot «vår» rusinstitusjon, seier han til NRK.

    Helseføretaket har hatt som mål å styrke drifta med fem nye regionale plassar i år, men har ikkje lukkast å rekruttere legar. No står leiinga framfor eit val om å halde fram drifta, å redusere den eller å legge den ned.

    Tronvik er ein tradisjonsrik behandlingsstad innan psykisk helsevern, som opna i 1956. I dag har rusinstitusjonen 15 sengeplassar og 37 årsverk.

    Psykiatrisk klinikk avd. Tronvik
    Foto: Ottar Starheim / NRK
  • Fleire blir smitta av harepest

    Stadig fleire blir smitta av sjukdommen harepest i Noreg. I august og september har langt fleire vorte smitta enn i same periode dei siste tre åra. I august og september i år har 54 personar vorte smitta av harepest, ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI). Det er over dobbelt så mange som i same periode i fjor og langt fleire enn dei siste tre åra. Harepest kan overførast frå dyr til menneske. Den smittsame sjukdommen gir vanlegvis eit forholdsvis mildt sjukdomsforløp hos menneske, ifølgje FHI. Det startar som regel med akutt feber, frysningar, hovudverk og trøyttleik. Dersom sjukdommen ikkje blir behandla, kan forløpet vere langvarig. Sjukdommen kan behandlast med antibiotika.

    FHI har følgjande råd for å unngå smitte med harepest:

    * Ver varsam med å handtere døde eller sjuke harar og smågnagarar.

    * Unngå å drikke vatn direkte frå naturen.

    * Ver varsam ved feiing av muselort eller andre aktivitetar der muselort kan kvervlast opp og pustast inn.

    * Vern deg mot mygg og flått når du ferdast i naturen.(NPK)

  • Helseføretaket må sjå på bemanning

    Innsparingstiltaka Helse Førde har sett i verk har gjeve resultat, men ikkje nok. Alt tyder på at føretaket vil mangle kring 100 millionar kroner ved inngangen til neste år.

    – Blant anna ser vi at overtidsbruken i år er redusert med 17000 timar, og vi har avvikla sommarferieperioden med 9300 færre timar enn i fjor. Helse Førde vil likevel ikkje klare å møte resultatkravet på 20 millionar kroner i 2023, seier administrerande direktør Arve Varden i ei pressemelding.

    Utan signal frå sentrale styresmakter om at rammene blir auka, ser ikkje helseføretaket anna råd enn å vurdere ytterlegare sparetiltak.

    – Det betyr at vi må sjå på bemanning, planlagde investeringar og organisasjonen vår, seier Varden.

    – Dette kan omfatte tiltak som vil vere meir inngripande enn kva vi har sett så langt, legg han til.

    Neste år tek Helse Førde i bruk det nye 13.000 kvadratmeter store Livabygget, med dei kostnader dette fører med seg.

    – Dersom vi ikkje greier å tilpasse kostnadene til dei økonomiske rammene vi har, kan framtidige investeringar måtte utsetjast. Situasjonen er alvorleg, og neste års budsjett vil bli svært stramt, seier Varden.

    Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde
    Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
  • Nordfjord Kjøtt-hamburger – mulig kilde til E.coli

    Hamburgere fra Nordfjord Kjøtt er mistenkt kilde til et pågående E. coli-utbrudd, opplyser Mattilsynet. – På grunnlag av mistanke fra Mattilsynet om bakterier i råstoff tilbakekaller Nordfjord Kjøtt AS fryst Hamburger Classic best før 24.03.24 og 25.03.24 og Big Beef Burger Thick and Juicy med siste forbruksdag 16.07.23 etter «føre-var»-prinsippet, opplyser Nordfjord Kjøtt i en pressemelding. Produktene som trekkes tilbake har blitt solgt hos Rema 1000. Så langt er det meldt om 15 syke i alderen fra under 5 år til 55 år, bosatt over hele landet. (NTB/NRK)