Hopp til innhold

Seier nei til å bruke den internasjonalt hylla behandlinga

Helse Vest vil ikkje ha ein einaste behandlingsplass. Det kan bety slutten for Helse i Hardanger AS si behandling av pasientar med kroniske helseplagar.

Trening er ein del av behandlingsopplegget til Helse Hardanger.

REHABILITERING: Ulike pasientgrupper, mellom andre pasientar med langvarige biverknadar etter korona, mister no eit rehabiliteringstilbod ved selskapet Helse i Hardanger sitt senter i Øystese.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

I bygda Øystese ved Hardangerfjorden har mange long covid-pasientar og fleire andre pasientgrupper fått eit intensivt behandlingstilbod. Det vekelange rehabiliteringsopplegget for fysisk og psykisk meistring har vekt merksemd langt utanfor Noreg.

I tillegg til koronapasientar med langvarige biverknadar, behandlar senteret også pasientar med ryggproblem, angst og depresjon, diabetes type 2 eller kols.

Metoden har blitt omtalt i fleire internasjonale tidsskrift, og i mange land kopierer dei no opplegget.

– Eg trur ikkje eg har jobba med noko som har vore like viktig eller gjevande, seier styreleiar Stener Kvinnsland i aksjeselskapet Helse i Hardanger.

Selskapet er ikkje ein del av – men har samarbeidd med – det offentlege helsevesenet. Men no har Helse Vest vedtatt å ikkje bruka nokon av desse rehabiliteringsplassane neste år.

I avslaget skriv helseføretaket at søknaden frå selskapet er svak på fleire område, og at «det er vanskeleg å få eit heilskapleg bilete av korleis institusjonen vert driven».

– Ein skandale

I fleire tiår har Kvinnsland hatt ulike toppstillingar i helsevesenet. Han var lenge direktør i Helse Bergen, og har vore styreleiar for fleire store sjukehus, som Oslo Universitetssykehus og Helse Stavanger.

Han var også leiar av Koronakommisjonen som regjeringa oppnemnde.

Kvinnsland er ikkje kjend for å vere ein mann av store ord eller hissige utbrot. Men denne gongen gir han tydeleg beskjed.

– Helse Vest si forvaltning av offentlege middel ved denne avgjerda må då vere på grensa til ein helsepolitisk skandale, meiner han.

Han presiserer sjølv at det er sjeldan har skildrar noko slik han no skildrar Helse Vest sitt vedtak.

Selskapet hadde håp om å ta imot tusen pasientar neste år.

No fryktar styreleiaren og dei tilsette at dei i verste fall må legge ned tilbodet.

Stener Kvinnsland 01

– Ein helsepolitisk skandale, meiner styreleiar Stener Kvinnsland.

– Dårlegare tilbod

Helse Vest skal bruke 290 millionar kroner på å kjøpe ulike rehabiliteringsplassar til neste år. Ingen av desse pengane vert brukt på Helse i Hardanger.

– Dei har konkurrert på like vilkår med dei andre tilbydarane. Etter dei kriteria vi har vektlagd, er dei vurderte til å ha eit dårlegare tilbod enn andre.

Det seier fagdirektør Bjørn Erik Vikse i Helse Vest. Han vedgår at Helse i Hardanger har eit godt opplegg, men at det går utanom det Helse Vest er lovpålagd å tilby.

– Fell dette behandlingsopplegget litt mellom to stolar i byråkratiet?

– Vi må prioritere å gi tilbodet til dei som faktisk svarer på det me har spurd om i utlysinga. Vår vurdering er at dei andre tilbydarane er betre enn Helse i Hardanger.

– Vert det noko tilbod til pasientar med long covid i Helse Vest?

– Vi må sjå etter andre måtar å løyse dette på, seier fagdirektøren.

Testrommet i Helse i Hardanger

Frå testrommet ved senteret til Helse i Hardanger.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Kan bli rettssak

Argumentasjonen imponerer ikkje styreleiar Kvinnsland.

– Omsynet til dei mange tusen pasientane som treng hjelpa vår må vege tyngre, meiner han.

Han er kritisk til at Helse Vest ikkje ville ha dialog med dei før dei gjorde vedtaket sitt.

Advokaten til Helse i Hardanger meiner helseføretaket har gjort seg skuldig i fleire saksbehandlingsfeil, noko som kan gjere vedtaket ugyldig.

No vurderer selskapet korleis dei skal ta saka vidare.

Dei kan både klage og gå til rettssak. Det er også mogeleg å prøve og selje tenestene sine til andre.