For åtte år sidan gjekk flagga til topps og sjampanjekorken i vêret i vesle Vik i Sogn.
Vikafjellstunnelen var kome med i Nasjonal Transportplan (NTP), og KrF-leiar Knut Arild Hareide var blant «sponsorane» som ville skunde på bygginga.
Som takk drog fleire av innbyggarane i kommunen til Oslo og spelte dixielandjazz på Løvebakken.
Så gjekk tida, og ingenting skjedde.
Sist torsdag ringde den same Hareide, som i mellomtida var blitt samferdsleminister, til ordførar i Vik, Roy Egil Stadheim (Ap).
Denne gongen vart det ingen sjampanjejubel.
– Statsråden sa til meg at tunnelen datt ut av planen, seier Stadheim.
I fjor haust varsla Hareide at han vil ta NTP ut av «luksusfellen». Bakgrunnen var at planen over tid hadde est ut og likna meir på ei ønskeliste enn ein konkret prioritering av samferdselsprosjekt.
- Les meir: Arkitekt Anders Vikøren er lei av at Vikafjellet er vinterstengd. No vil han ha varmekablar i vegen.
Weldes lov
Betyr det alt håp er ute for Vikafjellstunnelen? Ein transportforskar gjev håp til dei som er skuffa.
Morten Welde ved NTNU har nemleg formulert ei «naturlov»:
– Eitkvart vegprosjekt som har blitt omtalt, blir bygd før eller seinare. Det er nærast ei slags naturlov, uavhengig av kor godt eller dårleg prosjektet er, ifølge seniorforskaren.
Han legg til:
– Pengerike samfunn som Noreg gjer at vi nærast ikkje har nokre grenser for pengebruk. Jo meir ein planlegg og greier ut, jo meir aukar forventninga frå omverda, og jo større forpliktingar kjenner politikarar på ulike nivå.
– Tunnelen kjem, før eller sidan
Vidare høyrer det med at planen vart lagt fram av ein mindretalsregjering. Stortinget kan difor gjere endringar før den endelege planen vert vedtatt i sommar.
Ordføraren i Vik er difor «overtydd om at tunnelen kjem», før eller sidan.
– Om vi ikkje hadde hatt tru på det, så hadde det ikkje vore vits i å jobbe så mykje som vi gjer med dette.
For inspirasjon kan han sjå til Dalsfjordsambandet.
I 1975 starta Vegvesenet arbeidet med Dalsfjordsambandet, men etter fire kilometer veg og 500 meter tunnel vart arbeidet stoppa. I årevis låg den halvferdige vegstubben der som ein vits eller eit sørgjeleg vitne om håplaus optimisme og overmot.
Men nesten 40 år seinare stod brusambandet klart til å brukast.
Heilt i tråd med Weldes lov.
– Skal inn i NTP uansett kva Hareide seier
Også andre stader ventar dei på vegpengar. Politikarar og næringslivet er samde om at det må bli bygd ein ny tunnel på rv. 15 på Strynefjellet. Den vil koste kring 4 milliardar kroner og vil på sikt også opne for heilårsveg til Geiranger.
Men då transportplanen blei lagt fram sist fredag, var det ikkje sett av pengar til Strynefjellsvegen.
Tidlegare Høgre-ordførar i Stryn, Sven Flo, er skuffa. Han har i mange år kjempa for nye tunnelar og rassikring på Strynefjellet, men prosjektet er ikkje nemnt med eitt ord i planforslaget.
– Eg er skuffa over eiga regjeringa. Det er prenta inn sentralt kor viktig denne strekninga er. Eg ser at prioriteringar ligg andre stader enn på Strynefjellet. Men vi gir oss ikkje.
Flo lovar å kjempe hardt for å få Stortinget til å køyre over forslaget til regjeringa og legge Strynefjellet inn i transportplanen.
– Siste ord er ikkje sagt. Vi kjem til å kvesse knivane betrakteleg og finne alliansepartnarar også tverrpolitisk framover. Strynefjellstunnelen skal inn i NTP, uansett kva Hareide seier.