Hopp til innhold

Vil ha varmekablar på Vikafjellet

Arkitekt Anders Vikøren er frustrert over eit vinterstengd Vikafjell. No føresler han varmekablar i vegen.

Storehaugtunnelen i Vik

Slik kan vegbana over Vikafjellet bli med varmekablar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Vikøren pendlar frå Vik til Voss og er lei av at fjellovergangen ofte er stengd. Det medfører lange omvegar for å kome til arbeid.

SJÅ TV-SAKA

- Når Røkke har varmekablar i oppkøyrsla si til hytta på Oppdal, og vi som produserer så mykje straum her i Vik burde kanskje kunne prøve det vi også, seier han.

SEI DI MEINING: Er det realistisk?

Konsesjonsvilkår

Vikafjell stengd skilt

Eit ikkje uvanleg syn på Vikafjellet.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Berre sidan nyttår har vegen vore stengd i tre veker. Difor føresler han varmekablar i vegbana på det mest kritiske punktet – ei strekke på om lag sju kilometer på grensa mellom Voss og Vik. Han vedgår at framlegget er relativt friskt og uvanleg. Heilt håplaust meiner han ikkje at det er.

LES MEIR OM: Vikafjellet i Fylkesleksikon

- Midt på høgaste punktet ligg Skjelingsvatnet. Det renn ned i Målsetvatnet og høgdeskilnaden er ganske stor. Der er det mogleg å legge inn eit kraftverk. Om det var i konsesjonsvilkåra at det skal levere straum til varmekablar i vegen, så trur eg ikkje det ville vere uråd, seier han.

40 millionar kroner

Anleggsingeniører anslår det til å koste rundt 30-40 millioner å legge varmekabler ned i veien. I tillegg kommer driftskostnader. Vikøren innrømmer at det beste nok ville vært tunnel.

Det meiner også fleire av bilistane som nyttar Vikafjellet.