Veke etter veke dei siste åra har ordførar Marta Finden Halset (Ap) drive lobbyverksemd for tunnelen, og ho har sendt mange kraftsalver mot sentrale styresmakter.
- LES OGSÅ:
TUNNEL-KAKE: 'Endeleg! Etter 50 år' står det på kaka i Vik.
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRKEtter å ha venta i spenning, kunne ho endeleg sleppe jubelen laus då Nasjonal Transportplan blei lagd fram. Der ligg det inne 100 millionar kroner til oppstart.
– No er det kjent, og vi er i lukkerus. Dette er ein kjempedag og det er verkeleg kjekt å vere ordførar her, jublar Halset.
Har kjempa i 50 år
Innbyggjarar og politikarar i Vik har i 50 år kjempa for 16 kilometer med ny veg gjennom Vikafjellet. Også næringslivet i dei kringliggjande kommunane
.OPNA i 1957: Samferdsleminister Kolbjørn Varmann opna Vikafjellsvegen i 1957.
Foto: Vagn Horn FjalestadEin tunnel vil koste om lag 1,6 milliardar kroner og sikre heilårssamband mellom Vik og Voss.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Eg veit ikkje korleis eg skal skildre det. Det er i alle fall ein veldig stor dag for Vik. Vi har aldri vore så langt framme som inne på NTP, seier ho og sender takkehelsingar på rekkje og rad til sine raudgrøne kollegaer i regjeringa.
Hemmar næringslivet
Den nasjonale transportplanen blei lagt fram av samferdsleminister Marit Arnstad i dag. Den gjeld for dei ti neste år og viser kva vegar og anna samferdsle som får pengar.
MANGE RAS: Sist vinter var riksveg 13 over Vikafjellet stengd i 50 døgn og var den mest stengde riksvegen i Norge.
Foto: Arnstein KarlsenI siste seksårsperiode prioriterer regjeringa 100 millionar kroner til oppstart av bygging av ny tunnel gjennom Vikafjellet.
Regjeringa legg stor vekt på å betre regulariteten over Vikafjellet om vinteren fordi dei mange stengingane hemmar utviklinga av næringslivet i regionen.
- LES OGSÅ:
– Når dei raudgrøne sender det signalet, å setje oss på NTP, så er det ei stadfesting på at dei ser kor viktig denne tunnelen er for regionane og ein kommune som har vore totalt innestengd, seier Halset og kjenner seg trygg på at tunnelen vil komme.
(Artikkelen held fram under biletet)
FØRSTE BIL OVER FJELLET: Drosja til Per Breilid vart første bilen som køyrde heile vegen over Vikafjellet, 1. september 1956.
Foto: © Vik lokalhistoriske arkiv– Får etterlengta prosjekt
MANGE RAS: Sist vinter var riksveg 13 over Vikafjellet stengd i 50 døgn og var den mest stengde riksvegen i Norge.
Foto: Arnstein KarlsenKommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) seier vikjane har all grunn til å juble i dag. Dei 100 millionane som er sett av, er eit tydeleg signal på at planlegginga kan startast.
- LES OGSÅ:
– Eg trur nok dei heiser flagget i dag. Det at tunnelen er inne på transportplanen med ei oppstartsløyving i andre periode, betyr at ein kan starte planlegging på det etterlengta prosjektet. Dette vil bety enormt mykje for næringslivet og busetnad i den delen av fylket, seier Navarsete.
Får 470 millionar til rassikring
HÅRNÅLSSVINGAR: Vikafjellsvegen på Vossesida. Frå Hola går vegen i hårnålssvingar opp på fjellet. Her er det planar om å leggje vegen i ein lang tunnel for å gjere Vikafjellsvegen til ein trygg heilårsveg.
Foto: Ottar Starheim / NRKVik kan gle seg over endå meir pengar. Arbeidet med skredsikring på strekninga Vik–Vangsnes, på riksveg 13 er prioritert med oppstart i første fireårsperiode og vidareføring i siste seksårsperiode. Til saman er det snakk om 470 millionar kroner.
– Det ligg inne 290 millionar kroner for perioden 2014–2017 og 180 millionar frå 2018-2023, seier Navarsete.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: