Hopp til innhold

Dei tronge tunnelane kan vere livsfarlege - sjåførane fryktar storulukke

STRYN (NRK): For sjåførane kan det vere eit mareritt å køyre gjennom tunnelane på Strynefjellet. Når to vogntog møter kvarandre inne i tunnelen handlar det om nokre få centimeter.

To vogntog møtes i tunnel på Strynefjell.

TRONGT: Når vogntog møter kvarandre i tunnelane på Strynefjellet er marginane små.

Foto: Trond Vestre / NRK

Skal du frakte varer frå Nordfjord og Søre Sunnmøre til Austlandet med vogntog så er Strynefjellet den kortaste vegen. Kurt Isene har køyrt her i mange år og kjenner tunnelane godt. Han er ein røynd sjåfør. Kurt Isene er stinn av erfaring.

Men tunnelane er lave og smale, og sjåførane køyrer midt i tunnelen for å unngå skadar på bilane. Når andre vogntog kjem i mot er det full stans. Marginane er veldig små. Kurt Isene veit kor dei farlegaste møtepunkta er. Og når tunnelane nærmar seg stig spenninga.

– Dei sjåførane som ikkje har vore her før tar kanskje ikkje omsyn. Kjem dei fort og dei ikkje klarer å stoppe, så smell det. Då får eg håpe at det smell i taket og ikkje inn i min bil.

To vogntog møtes i tunnel på Strynefjellet. Kurt Isene snakker med en annen vogntogsjåfør.

MØTEPUNKT: Kurt Isene vekslar nokre ord med sjåføren i det møtande vogntoget

Foto: Trond Vestre / NRK

Livsfarleg

Det går bra denne gongen også. I møtet mellom to vogntog må sjåførane svinge heilt inn til tunnelveggen, vippe inn sidespeilet og lirke bilane forbi.

Taket og veggane inne i tunnelen er full av riper og store sår som vitnar om ublide møte mellom to vogntog. Det går hardt ut over bilane når dei skraper langs tak og veggar. Men det mange fryktar er ei større ulukke.

– Er det to sjåførar som kjenner tunnelen så går det bra. Er det ein kjend og ein ukjend så kan det bli problem. Er det to ukjende så er det livsfarleg, seier Rolf Olav Tenden, dagleg leiar i transportselskapet Tenden AS.

Merker i taket etter møte mellom to vogntog i tunnel på Strynefjellet.

SKADAR: Møte mellom vogntog inne i tunnelane har sett mange spor etter seg.

Foto: Trond Vestre / NRK

Krev ny tunnel

Politikarane og næringslivet er samde om at det må bli bygd ein ny tunnel på Strynefjellet. Den vil koste kring 4 milliardar kroner og vil på sikt også opne for heilårsveg til Geiranger. Dette har dei jobba for i mange år. Og det er ikkje berre dei tronge tunnelane som er problemet. Delar av vegen er svært rasfarleg.

I 2014 laga Brennpunkt ein reportasje om tunnelane på Strynefjellet.

Men skal dette bli noko av så må vegprosjektet inn i Nasjonal transportplan som regjeringa skal legge fram før påske. Den planen avgjer kva vegar som kan bli bygd dei neste 12 åra. Målet er å få pengar til å starte bygging i løpet av dei første seks åra.

– Dette handlar om framtida for heile Nordfjord og søre Sunnmøre. Vi kan ikkje vente lenger, seier Rolf Olav Tenden.

Rolf Olav Tenden

ERFARING: Rolf Olav Tenden har mange tiår bak seg som vogntogsjåfør. Det hastar med å få ein ny tunnel på Strynefjellet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Tøff kamp

Men kampen om pengane er beinhard. Nålauget er trongt. Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) veit at mange vil bli skuffa når han legg fram Nasjonal transportplan om kring tre veker. Kva planar han har for Strynefjellet vil han ikkje seie noko om no.

Det er bra at det er engasjement lokalt. Det merker vi i arbeidet med ny Nasjonal transportplan. Vi har blitt kjent med mange gode og viktige prosjekt. Jeg forstår at mange er nysgjerrige på det konkrete innholdet, men vi må smøre oss med tålmodighet en liten stund til. I løpet av våren skal vi legge fram en ambisiøs transportplan for hele landet.

Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF)

Det er Stortinget som skal gjere det endeleg vedtaket. Det betyr at leiaren i Stortingets transportkomite, Helge Orten (H), får ei viktig rolle. Pågangen har vore stor. Heller ikkje Orten kan gi konkrete lovnader.

– Å kome inn i første periode i ein ny Nasjonal transportplan er svært krevjande fordi det ligg inne bindingar frå tidlegare. Den kampen er tøff. Men samstundes legg vi no opp til å gjere meir strekningsvise prioriteringar i den andre perioden.

Fryktar brann i tunnelane

Brannsjef Atle Festervoll i Lom og Skjåk Brannvesen

FARLEG: Brannsjef Atle Festervoll meiner det hastar med å få bygd ein ny tunnel på Strynefjellet.

Foto: Elling Starrem

Men for lokale politikarar, sjåførar som køyrer gjennom tunnelane på Strynefjellet, og dei som har ansvaret for tryggleiken, hastar det. Dei kan ikkje vente i mange år på ein ny tunnel.

– Det vi er mest uroa for er at vi får ein brann inne i dei tronge og lange tunnelane, og at vi ikkje har samband som gjer at vi kan kommunisere med brannmannsskapar på den andre siden av tunnelen, seier brannsjefen i Lom og Skjåk brannvesen, Atle Festervoll.