Hopp til innhold

Feira tunnelen med jazz og bunad

Bunadskledde vikjer og gladjazz markerer at den etterlengta tunnelen gjennom Vikafjellet blir banka gjennom på Stortinget.

Liv Signe Navarsete og Marta Finden Halset

JUBLAR FOR TUNNEL: Ordførar Marta Finden Halset (Ap) hadde teke på seg bunaden sin då ho møtte fram framfor Stortinget. Her står ho saman med kommunalminister Liv Signe Navarsete. Vikjene hadde også med seg eit eige jazzorkester.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Vikjer i Oslo feirar tunnel

GLEDE: Vikjene med ordførar Marta Finden Halset i spissen, kosa seg i sommarvarmen.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Ein delegasjon med ordførar Martha Finden Halset i spissen er på plass framfor Stortinget. Med seg har dei også eit dixieorkester for å skape munter jazz-stemning.

Målet med turen er å vise at dei er utruleg nøgde med at Vikafjellet omsider er inne på Nasjonal Transportplan (NTP). Ordførar Marta Finden Halset (Ap) har teke fram sitt finaste plagg denne dagen.

– Dette er ein historisk dag for Vik. I årevis har vi brukt alle tenkelege argument for å få tunnel og no er vi inne på transportplanen. Det har vore ein lang kamp, men i dag er det berre glede. Vi er også glade for at det er tverrpolitisk einigheit om dette vedtaket, seier Halset.

16 kilometer lang tunnel

50 år med knallhard kamp blei krona med siger då det i midten av april blei klart at det ligg inne 100 millionar kroner til oppstart av ein tunnel gjennom Vikafjellet.

Innbyggjarar og politikarar i Vik har kjempa for ein 16 kilometer lang veg gjennom Vikafjellet. Også næringslivet i dei kringliggjande kommunane har kravd tunnel på den mest stengde riksvegen i landet.

(Artikkelen held fram under videoen)

Regjeringa vil leggje tunnel gjennom Vikafjellet. Sjølv om midlane først kjem i andre planperiode av NTP, vart dette feira med champagne, kake og gamalost i Vik.

SJÅ VIDEO: I midten av april spretta vikjene champagnen då det var klart at det endeleg blir tunnel.

Håper å komme med første periode

I dag er det stor stemning i hovudstaden og ein gjeng på over 100 personar jublar i lag. Politikarar har kome ut og nysgjerrige turistar lurer på kva som skjer midt i hovudstaden.

Gunn Randi Bjørnevoll frå Vik er også med på turen. Ho er strålande nøgd med dagen.

– No håper og trur vi at tunnelen kjem med i første perioden i transportplanen.

– Kor stort er det at vikjenen endeleg får tunnel etter ein lang kamp?

– Vi har ofte vore stengde inne om vinteren. Vi veit aldri når vegen blir stengd. Tunnelen blir ikkje viktig berre for Vik, men for heile Sogne-regionen, seier ho.

Flagging i Vik

TIL TOPPS: Flagga vaia i vinden både i Vik og på Vangsnes etter nyhenda om innpass for Vikafjellstunnelen i NTP.

Foto: Odd Inge Gjeraker / NRK