Hopp til innhold

Han klarte det Munch ikkje klarte

Ikkje sidan opninga for 15 år sidan har Eikaasgalleriet i Jølster hatt så mange besøkande som i helga.

Nærare tusen personar vitja dei første dagane av fotoutstillinga til Oddleiv Apneseth .

- Vi får håpe at dette er med på å auke interessa for kunsten, og ikkje berre for Jølster, for å seie det slik, seier direktør Morten Johan Svendsen ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

- Jammen på tide

Svendsen er godt nøgd med besøkstala i helga. For ikkje sidan opninga av museet i 1994, har Eikaasgalleriet hatt så mange vitjande innom dørene i løpet av ei helg. Det sjølv om store namn som Ludvig Eikaas , Nikolai Astrup , Odd Nerdrum og Edvard Munch har hengt på veggene.

- Det var jammen på tide med ein slik respons att, seier Svendsen og vedgår at besøkstala er godt nytt etter år med sviktande besøk ved musea han har ansvar for.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video nsps_upload_2009_9_4_17_19_24_789.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sild i tønne

Gjennom utstillinga har Apneseth dokumentert jølstringane gjennom eit heilt år . I mars i år fekk den tidlegare BT-fotografen pris frå presseforbundet for prosjektet . Då Stardalen mannskor opna utstillinga på fredag, stod folk som sild i tønne . Både laurdag og søndag har folk strøymt til galleriet på Ålhus.

LES OGSÅ: Fotballskade stoggar Apneseth

- Det er sjeldant ein får slik positiv spontan reaksjon på ei utstilling. Det er vel kanskje berre rockemusikarar som får oppleve det, seier Svendsen.

Ikkje berre lokal

Museumsdirektøren meiner kunstmuseet har fått god hjelp gjennom brei mediedekning til å gjere utstillinga kjend. Han trur også at den lokale tilknytinga gjer utstillinga interessant for fleire enn dei som vanlegvis går på utstilling.

LES OGSÅ: 3000 jølstringar på eitt bilete

- Men ein treng ikkje vere jølstring for å ha glede av desse bileta, seier han.

Nasjonal verdi

Svendsen meiner prosjektet til Apneseth er av nasjonal verdi. Jølstringane skal posere på veggane i Eikaasgalleriet til midten av november. Er interessa stor nok, kan den bli hengande endå lenger. I tillegg skal bileta visast fram i både Bergen og Oslo i haust.

- Det er sjeldant vi klarer å presentere kunstprosjekt som loddar lokalmiljøet på ein slik måte, seier Svendsen.