Hopp til innhold

Har gjort mystiske funn i Astrup si gløymde hytte

JØLSTER (NRK): Under restaureringa av den gamle hytta til Nikolai Astrup fann tømrarar mogelege teikn etter kunstnaren.

LAGARBEID: Det er viktig med lagarbeid for å kunne gjennomføre restaureringa. Jan Inge Dvergsdal til høgre ønskjer å lære meir om det gamle handverket og skal ta fagbrev. Erlend Slåtten er læremeisteren hans.

LAGARBEID: Det er viktig med lagarbeid for å kunne gjennomføre restaureringa. Jan Inge Dvergsdal til høgre ønskjer å lære meir om det gamle handverket og skal ta fagbrev. Erlend Slåtten er læremeisteren hans.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK
I Jølster er den gamle sperrestova til Nikolai Astrup under restaurering.

I fjor haust starta restaureringa av hytta frå 1910-talet. For barnebarnet Kari Astrup var det kome til eit punkt der dei anten måtte la hytta rotne eller gjere noko med ho.

– Den kulturhistoriske verdien gjekk langsamt opp for oss, seier ho.

Saman med søstera har ho tatt initiativ til setje i stand den gamle røykstova. Kulturminnefondet slo fast at hytta var eit kulturminne med betydning for heile landet, og låg pengar på bordet.

No viser det seg at det ikkje er berre er sjølve huset som kan ha stor kulturminneverdi.

– Vi har funne fleire ting innrissa i treverket, fortel Erlend Slåtten som leiar restaureringsarbeidet av hytta.

Skisse av naken dame på planke.

SKISSE: På denne planken som var i vindaugskarmen på Astrup-hytta, er det teikna ei naken kvinne. Kanskje er det Nikolai Astrup som har teikna ho?

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Fann teikning av naken dame rissa inn

Restaureringa skjer etter antikvariske prinsipp i ekte Astrup-ånd. Stokk for stokk har hytta blitt demontert og nummerert. Så mykje som mogeleg av materialet og skal bevarast og brukast att.

Sperrestova var i dårleg stand, men på 80-talet skifta ein av sønene til Astrup ut taket. Dette har hindra større spreiing av rote, men likevel måtte mykje av treverket skiftast ut.

Det var under demonteringa av 80-talsinventar dei oppdaga dei mogelege teikna etter Astrup, mellom anna ein vindaugskarm med ei skisse som minner om ei naken dame.

– Her er ei teikning av ei dame, kanskje er det Astrup si, lurar Erlend Slåtten.

– Kanskje vedkomande har sett på damene som bada i elva, humrar Halvor Slåtten, ein av dei andre tømrarane.

I tillegg fann dei bokstavane «N.A.» måla på ein vegg.

– Dette er spanande. Det liknar veldig på signaturen til Nikolai Astrup. Men vi veit ikkje sikkert om det er hans, for sonen heitte det same, seier Erlend Slåtten.

Både dama og initiala skal stå slik som det er i dag.

Noko som liknar på Nikolai Astrup sin signatur er måla på ein av veggane i Astrup-hytta.

SIGNATUR: Nokon har måla «N.A.» på eine veggen. Det liknar veldig på Nikolai Astrup sin signatur.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Over 100 år gamal

Ein liten gåtur frå Astruptunet oppe i Sanddalen i Jølster, fekk Nikolai Astrup sett opp sperrestova på ein kant over Sandalselva ein gong mellom 1912 og 1917.

Fram til nyleg har ho vore ukjend for omverda.

Stoveglaset vende innover dalen mot Tverrfjellet og Botnavatnet der han hadde gjæser. Hit kom han for å for å få fred og inspirasjon.

– Han var glad i å ferdast i naturen og trong denne hytta. Her fekk han fred ifrå ungane og kanskje kona i mellom òg, kan barnebarnet fortelje.

I eit brev har Nikolai Astrup skrive om hytta.

Engel og jeg reiser ofte op til denne hytten vor, naar vi blir altfor plaget af ‘tourister’. Her er nemlig i de senere aar saa mange maler-amatörer og malerinder-jobbere og andre nysgjerrige mennesker som finder veien frem til Astruptunet.

Nikolai Astrup, 1919

Opnar i 2021

I tillegg til restaureringa av sjølve hytta, skal skogen rundt ryddast. Eigarane arbeider òg med å finne ein betre sti til hytta, slik at besøkjande kan komme seg mest mogeleg tørrskodd fram.

Planen er at hytta skal vere med å formidle historia til Astrup gjennom Astruptunet og Kunstmuseet i Sogn og Fjordane. Kari Astrup har nokre tankar om kva hytta kan nyttast til.

– Gjestar eller skuleklassar kan gå tur opp hit og kombinere friluftsliv med kunnskap om naturen. Dei skal få ei oppleving av korleis hytta var då Astrup nytta ho.

Hytta til Astrup blir restaurert.

JØLSTER: Astrup-hytta har blitt reist i ein verkstad for restaurering.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Framleis står det att nokre utfordringar.

For der hytta skal laftast opp att er det ingen vegforbindelse, difor må tømrarane få materialet over myra att før ho tinar. Elles set dei seg fast med traktoren.

Fyrst om nokre månadar får dei pusla saman brikkene.

– Vi skal lafte ho opp att til sommaren. Då kan vi plukke mose, som vi legg i neddraga for vindtetting, og hente nytt torv til taket, forklarer Erlend.

Hytta skal stå klar for besøkande hausten 2021.