Hopp til innhold

Fekk pris for Jølsterprosjekt

Oddleiv Apneseth frå Jølster fekk tredjepris i klassa "Årets dokumentar - Innanlands" under presseforbundet si kåring torsdag.

Oddleiv Apneseth

Oddleiv Apneseth under siste dag av fotoprosjektet sitt, nyttårsafta 2008.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Apneseth fekk prisen for prosjektet han i fjor gjennomførde i Jølster, med å fotografere sine kring 3 000 innbyggjarar.

Prosjektet vart avslutta nyttårsafta 2008 .

I juryen sat Kira Pollack, biletredaktør i The New York Times Magazines, Paul Hansen, fotograf i Dagens Nyheter, og Rolf M. Aagaard, tidlegare fotograf i Aftenposten.

Sjå vinnarbileta her

Apneseth har tidlegare vunne prisen Årets bilde, og han fekk også ein tredjepris under kåringa i 2007.