Hopp til innhold

100 besøkande i månaden

Kunstmusea i fylket er lite attraktive. Verst er det i Førde.

Direktør for Sogn og Fjordane Kunstmuseum Morten Johan Svendsen

Få er innom utstillingane direktør Morten Johan Svendsen har ansvaret for.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

- Det tykkjer me er altfor dårleg. Det er jo litt av det vi har jobba med. Prestebøen og førde har vore dårlig på besøkstal lenge, seier styreleiar i Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Karen Marie Hjelmeseter.

Berre 4000 personar har så langt i år vitja Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde.

Vil ha nybygg

Likevel ynskjer dei å byggje eit nytt museum, som er kostnadsrekna til 74 millionar kroner.

- Det er eit dårleg lokale. Det fristar ikkje å kome. Eit av grepa vi meinte skulle bidra er det mye kunstmuseet som kan gjere det attraktivt å kome og dermed dra opp att besøkstala, seier Hjelmeseter.

Tala på besøkjande ved kunstmusea i fylket er betre enn fjordåret. Men dei er langt i frå høge.

1000 besøkande i Førde i år

Besøkstala for kunstmuseet på Prestebøen i Førde er desidert lågast. Her har knappe 1000 besøkjande vore innom så langt i år. Det er så vidt i overkant av 100 personar per månad.

- Det er jo ikkje så dårleg som i fjor, så det går jo på ein måte rette vegen. Per tredje kvartal er me på 17.000 og det er meir enn i heile fjor. Men vi er sjølvsagt ikkje nøgde.

30.000 på eit godt år

Hjelmeseter seier besøkstala landet over svingar, men at dei på ingen måte kan slå seg til ro med det. På eit godt år har tala for kunstmusea i fylket vore oppe i nær det doble, med 30.000 besøkjande.

Ho trur definitivt at eit nytt museum vil få besøkstala til å gå opp, og seier at lokala i Førde, slik dei er i dag er altfor små.

Ikkje revolusjonerande nybygg

Ho trur eit nybygg kan friste folket. Det folk skal få sjå der vil likevel likne det ein kan sjå på musea i Førde i dag.

- Vi kjem jo til å jobbe langs dei same linjene. Vi må ha utstillingar som trekker og som er attraktive, seier Hjelmseter.