Hopp til innhold

Fotballskade stoggar Apneseth

Den planlagde fotograferinga av alle innbyggjarane i Jølster vert avlyst.

Oddleiv Apneseth

Oddleiv Apneseth får ikkje fotografert alle jølstringar som planlagt.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Oddleiv Apneseth skulle etter planen samle alle 3000 jølstringar til fotografering førstkommande søndag.

- Det er heilt fortvilande, men eg har ikkje sjanse til å ta biletet på søndag. Eg er operert og sit her med gipsa fot, og kjem meg ikkje rundt slik eg må for å ta dette biletet, seier han til avisa Firda.

Fotball med damer

BT-fotografen held på med eit stort fotoprosjekt der målet er å dokumentere alle innbyggjarane i Jølster. Då han førre veke fotograferte ei gruppe "damer i sin beste alder" som spelte fotball på Vassenden, kasta han seg like godt med i kampen. Han reiste derifrå med roka akillessene.

På trass av fotballskaden, vil Apneseth prøve å fullføre fotoprosjektet i år.