Hopp til innhold

Tok bilete av "alle" i Jølster

Fredag kveld opna utstillinga Jølster 2008 på Eikaasgalleriet. Ustillinga er resultatet av eitt års arbeid frå fotografen Oddleif Apneseth.

Oddleiv Apneseth
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Kor mange tusen bilete han har teke veit ikkje ein gong kunstnaren sjølv. Jølster 2008 er ein kommune - frå nyttår til nyttår, samla i bilete.

Video nsps_upload_2009_9_4_17_19_24_789.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Sjå bilete frå utstillinga

Portrett i fokus

Så godt som kvar dag i 2008 har den prisløna BT-fotografen jobba - berre med dette. Her er bilete utan menneske, og her er bilete med dyr. Men det er portrettet som står i fokus. Det oppstilte portrettet, og gruppeportrettet, er ein sjanger Apneseth har hatt ønskje om å føre vidare.

Stinn brakke

Fullt hus på Eikåsgalleriet under opninga til utstillinga til Oddleif Apneseth
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Nokre av bileta er no stilt ut på Eikaasgalleriet - i Jølster, og på opninga fredag kveld var det i følgje Firda så fullt at mange ikkje kom innanfor dørene til opningsseremonien.

Snart skal nye utval av Jølster 2008 visast fram i Bergen og på Henie Onstad-senteret i Oslo.