Hopp til innhold

3000 jølstringar på eitt bilete

Fotograf Oddleiv Apneseth i Jølster vil samle alle innbyggarane i kommunen på eitt bilete.

Helgheim

På den store og lange bøen på andre sida av vatnet skal alle i Jølster fotograferast.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Dette er ein del av eit prosjekt der Apneseth gjennom eit heilt år skal fotografere alle innbyggarane i kommunen. Dette skal til slutt bli både utstilling og bok.

På ein stor bø

Oddleiv Apneseth

Oddleiv Apneseth

Foto: Vegar Erstad / NRK

Søndag 28. september håper han at flest mogeleg i bygda vil stille opp til fotografering. Det bur rett under 3000 menneske i kommunen.

- Dette skal skje på den store og karakteristiske bøen som ein ser godt når ein køyrer på E39 frå Skei. Den strekkjer seg opp mot fjellet med beine linjer, fortel han.

Er optimist

Apneseth har stor tru på at jølstringane stillar opp.

- Eg har lang erfaring frå organisasjonslivet i Jølster som gir meg ein kraftig følelse av optimisme. Dette er eit veldig omfattande prosjekt, men jølstringane har ein stor evne til å samle seg og til å få gjennomført prosjekt på dugnadsbasis.

Han håper at søndagen kan bli ei sosial samling på bøen.

- Eg tenkjer at dette kan bli ein piknik og eit kjekt møte for alle i kommunen.