Hopp til innhold

Gunnar sløkker lyset for andre gong på 37 år

Avinor sløkker lyset på dei første flyplassane i Sør-Noreg. Frå no av skal trafikken styrast frå eit kontrollsenter i Bodø.

«Widerøes 4-bravo lima, by polaris control cleared to Gardermoen flight planned route»

For siste gong flyr desse orda ut av munnen til Gunnar Indrebø i flytårnet på Førde lufthamn Bringeland.

– Det er ein spesiell dag, men vi har venta på han, seier AFIS-fullmektig i Førde.

Før han tar ned det siste flyet på Bringeland, rekker Indrebø å få ein kjensle av deja vú.

I 1986 var han med sløkke lyset på den gamle flyplassen i Førde sentrum.

Les også Hugsar du den gamle flyplassen i Førde?

Den gamle flyplassen på Øyrane i Førde

Same år var han med å opne Førde lufthamn Bringeland. 37 år seinare må han igjen sløkke lyset i flytårnet.

– Det er litt kjensler i sving, seier han.

siste dag i tårnet på Bringeland. Gunnar Indrebø AFIS

Gunnar Indrebø har for siste gong sørga for at eit fly landar trygt i Førde. No skal jobben fjernstyrast frå Bodø, medan Indrebø byrjar i ny jobb i flytårnet på Sandane.

Foto: Steinar Lote / NRK

Skal styrast frå Bodø

Torsdag var det slutt for bemanna flytårn på flyplassane i Sogndal og Førde. Frå no av skal trafikken styrast frå eit kontrollsenter i Bodø.

I oktober 2019 vart Røst lufthavn den første flyplassen til å gå over til fjernstyrt tårn.

Totalt skal 14 flyplassar fjernstyrast frå Bodø. I hovudsak er det kortbaneflyplassar.

Frå før er det ni flyplassar som har innført fjernstyrte flytårn.

Førde og Sogndal blir nummer ti og elleve på lista.

I 2024 skal flyplassane i Molde, Leknes og Sandnessjøen også bli fjernstyrte.

Jan-Gunnar Pedersen i Avinor

Jan Gunnar Pedersen i Avinor.

Foto: Avinor

– Så langt har me gode erfaringar med fjernstyring, seier Jan Gunnar Pedersen, konserndirektør for Flysikring i Avinor.

Han fortel at det ikkje har vore fleire innstillingar eller forseinkingar enn vanleg på flyplassane som har fjernstyrte tårn. Omstillinga gjer vidare at dei er mindre sårbare ved til dømes sjukdom.

– Me har fleire personar å spela på enn før, og me ser allereie effekten av at éin person kan vareta beredskap for fleire lufthamner samstundes, seier Pedersen.

Les også Flere flytårn i Norge erstattes av fjernstyring: – Helt unikt

Fjernstyrt tårn Avinor Bodø

Widerøe har gode erfaringar

– Tilbakemeldingane frå pilotane våre er at dette har gått veldig fint, seier Catharina Solli, kommunikasjonssjef i Widerøe.

Det er i hovudsak Widerøe som opererer på flyplassane med fjernstyrte tårn.

Solli fortel at dei var spente før prosjektet var sett i gong. Erfaringa etter nokre år med fjernstyrte tårn, er at det har gått veldig fint å snakka med ein operatør i Bodø i staden for ein AFIS-fullmektig i det lokale tårnet.

– Den lokale kunnskapen blir jo vekke, men det blir erstatta av teknologi, seier Solli.

Verdsleiande

Ingen land er kome like langt som Noreg i satsinga på fjernstyrte flytårn, noko som har skapt internasjonal merksemd.

Jens Petter Duestad, som er operativ sjef for RTC-senteret i Bodø, seier det har kome folk på besøk frå Indonesia, Australia, India og Canada.

– Vi er de største i verda og vil vere det framover. Det er veldig stor interesse i hele verda for det vi held på med.

Fjernstyrt kontrolltårn.

Heile verda følger med utviklinga med som skjer på kontrollsenteret i Bodø.

Foto: Avinor