Hopp til innhold

Samarbeider for fyrste gong på 24 år: – Ei viktig nok sak

BERGEN (NRK): Miljøvernforbundet og Naturvernforbundet har vore på kant sidan den bitre striden på 90-talet. No går dei saman i eit historisk plastsamarbeid.

Historisk plastsamarbeid

PLASTSAMARBEID: Dykkarklubbar, vidaregåande skular, museum, Akvariet og Fremtiden i våre hender, Miljøvernforbundet og Naturvernforbundet er blant dei som har gått saman for å få kysten fri for plast. Dette er første gong dei to sistnemnde er med på eit felles prosjekt sidan 1993.

Foto: Linn Nyrvik / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I januar er det gått eit år sidan ein sjeldan gåsenebbkval med magen full av plast stranda og måtte avlivast på Sotra.

– Plastkvalen skal ikkje ha døydd forgjeves, sa Kenneth Bruvik i Norges jeger og fiskeforbund, like etter at den sjuke kvalen måtte skytast.

Kvalen har fått massiv merksemd også internasjonalt, og frivillige har teke opp kampen mot forsøpling.

Bruvik, som har kjempa «plastkvalen» si sak sidan, kunne denne veka presentere eit historisk samarbeid. Nærare 20 frivillige organisasjonar har gått saman for å rydde kysten i Hordaland for plast.

Blant dei er Miljøvernforbundet og Naturvernforbundet, som i 1993 gjekk frå å vere ein til to ulike organisasjonar.

Legg vekk stridsøksa

Etter at Kurt Oddekalv vart ekskludert av landsmøtet i Norges Naturvernforbund og starta Norges Miljøvernforbund saman med andre utbrytarar i 1993, har det vore lite kontakt mellom dei to organisasjonane.

Heilt til no.

– Dette er første gong vi har vore med på eit felles tiltak sidan den gong. Samarbeidet viser at marin forsøpling er noko alle må stå saman mot, seier daglig leiar Nils Tore Skogland i Naturvernforbundet Hordaland.

Rebekka Høgestøl og Synnøve Kvamme

Rebekka Høgestøl i Miljøvernforbundet (t.v.) og Synnøve Kvamme i Naturvernforbundet Hordaland (t.h.) samarbeider igjen.

Foto: Linn Nyrvik / NRK

– Korleis er det å skulle samarbeide igjen?

– Det har vore diskutert. Det har aldri vore noko forbod mot å jobbe saman, men tidlegare har det vore lite hensiktsmessig og relevant. At mange går saman og bidreg på kvar sin måte er svært positivt, seier Skogland.

Han får støtte frå Rebekka Høgestøl i Miljøvernforbundet.

– Det er utelukkande positivt at vi er så mange som jobbar saman, seier ho.

– Dette er berre starten

I tillegg til Miljøvernforbundet og Naturvernforbundet er dykkarklubbar, vidaregåande skular, museum, Akvariet og Fremtiden i våre hender er blant dei som er med på plastsamarbeidet.

– Dette er ein felles innsats mot marin forsøpling. Dette er berre starten, vikane skal tømmast heilt og halde, seier Bruvik.

Kenneth Bruvik

ELDSJEL: Kenneth Bruvik i Norges jeger og fiskeforbund har kjempa «plastkvalen» si sak det siste året.

Foto: Linn Nyrvik / NRK

Han har engasjert seg sterkt for plastrydding det siste året, og trur det breie samarbeidet no gjer at ein kan få meir ut av pengane som vert løyvd til arbeidet.

– Det er viktig at vi blir ei felles stemme mot marin forsøpling.

Får meir pengar

Også fylkespolitikarane prioriterer plastrydding på neste års budsjett.

– Vi har sett av ein million kroner til plastrydding, seier Aud Karin Oen (SV).

Pengane frå fylket skal konkret gå til plastrydding til våren.

– Når vi veit at vi får pengar til det, er det enklare å få organisert ryddeaksjonane. Målet vårt no er at vi skal rydde kysten fri for plast. Vi har nullvisjon på at vi skal få vekk alt, og skal få ned bruken av plast i samfunnet, seier Bruvik.