Hopp til innhold

Fryktar ny vaksinestrategi kan få alvorlege konsekvensar

Ulvik herad rakk å vaksinere dei mest sårbare før smitteutbrotet slo til. Ordførar Hans Petter Thorbjørnsen meiner det kan få alvorlege konsekvensar om vaksinestrategien blir endra.

Hans Petter Thorbjørnsen, ordførar Ulvik

KRITISK TIL STRATEGIENDRING: Hans Petter Thorbjørnsen er ordførar i Ulvik i Vestland, der dei rakk å vaksinere på sjukeheimen før eit stort smitteutbrot kom i januar.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ulvik herad i Hardanger måtte stenge ned i tre veker då smitten spreia seg i slutten av januar. Heile ein av åtte av dei 1100 innbyggarane vart smitta.

Ordførar Hans Petter Thorbjørsen (Ap) peikar på at dei med strategien som har vore så langt har fått sine vaksinedosar.

– Sjølv om dei var veldig få, rakk vi å vaksinere dei mest sårbare som er på sjukeheimane. Så då utbrotet kom til Ulvik og smitten kom inn på sjukeheimen, vart det mindre alvorleg enn det kanskje kunne ha vore om vi ikkje fekk fullvaksinert dei som bur der, seier han.

– Skal vere veldig forsiktig

Tysdag klokka 14 skal helse- og omsorgsminister uttale seg om den nasjonale vaksinestrategien.

På førehand har Oslo-regionen bedt om at sentrale og tettbygde strøk blir prioritert i vaksinefordelinga i landet. FHI skal ha gitt innspel om å endre strategien.

Sidan har Molde-ordførar Torgeir Dahl vore i hardt vêr etter han kritiserte korleis Oslo hadde handtert koronapandemien, og meinte at Oslo ville bli «omvendt premiert» om dei fekk fleire vaksinar.

Ulvik-ordførar Thorbjørnsen er ikkje like bombastisk og synest det er ein vanskeleg etisk debatt fordi ein må rangere enkelte område føre andre.

– Om ikkje vaksinen kjem ut i dei mindre kommunane også, kan det få alvorlege konsekvensar for dei sårbare gruppene i kommunane rundt omkring i landet. Samtidig er det vanskeleg med tanke på at i dei mest folkerike kommunane så bur ein tettare, så det er ein utruleg vanskeleg debatt, seier han.

Medisinsk fagsjef i Bergen kommune, Trond Egil Hansen

KRITISK: Trond Egil Hansen er medisinsk fagsjef i Bergen.

Foto: Julianne Flølo / NRK

– Byar har yngre befolkning

Trond Egil Hansen, medisinsk fagsjef i Bergen kommune, delar ikkje Oslo sitt krav om at kommunar med høgt smittetrykk skal bli prioriterte.

Han seier at dei er frustrerte over å ha god kapasitet på testing, men at det er få vaksinar å dele ut.

– Likevel støtter vi ikkje ønsket til Oslo om at storbyane bør få ein større andel av vaksinane. Vi stoler på at FHI gjer dei riktige faglege vurderingane, seier Hansen til NRK.

Han peikar på at demografiske skilnadar kan ha ein del å seie for fordelinga av vaksinar slik strategien er no:

– Når den eldre befolkninga vert prioritert kan dette føre til at distriktskommunar får ein større del av vaksinane. Fleire bydelar i Bergen og Oslo har ein yngre befolkning enn mange distriktskommunar, seier Hansen.

Tom Georg Indrevik

KRITISK: Tom Georg Indrevik er ordførar i Øygarden.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

26 ordførarar åtvara i februar

I februar sende 26 ordførarar i Møre og Romsdal brev til statsråden med åtvaring om å endre strategien. Dei viste til Ulvik som døme på at alle er sårbare.

Også ordførarane i Øygarden, Kvam og Voss i Vestland meiner at strategien med tilnærma lik fordeling i Noreg bør ligge fast.

– Vi ser plutseleg at det blomstrar opp enkeltutbrot i både små og store kommunar. Ein skal vere veldig forsiktig med å forfordele nokon delar i forhold til andre, seier Tom Georg Indrevik (H) i Øygarden.

– Gjennom likehandsaming sikrar vi ei rettferdig ordning, og på den måten vil innbyggarane òg slutte opp om vaksinestrategien, seier Hans Erik Ringkjøb (Ap) på Voss.

– Dersom Oslo og andre får forholdsvis fleire vaksinar må det bli grunngjeve med at spreiinga frå Osloområdet til resten av landet vert mindre, at ein får mindre smitte i resten av landet, også i Kvam, seier Torgeir Næss (Ap) i Kvam.

Les meir: