Vaksinestrategien må ikkje endrast

26 ordførarar i Møre og Romsdal har signert på eit brev til Folkehelseinstituttet der dei skriv at vaksinestrategien ikkje må endrast.

Ordførarane skriv at dei har med stor uro vore vitne til det sterke presset sentrale befolkningstette område i Noreg rettar mot Storting, regjering og helsestyresmakter for å få endra den strategien regjeringa har valt ved fordeling av vaksinar.

Dei viser til Ulvik kommune som eksempel på at smitte kan slå ut kvar som helst, og at alle er sårbare.

Gjeldande vaksinestrategi er basert på FHI sine faglege anbefalingar, som syner at dagens fordeling gjev færre dødsfall.

Ordførarane skriv at dei støttar opp om det etiske verdigrunnlaget for strategien, og krev at politiske styresmakter ikkje endrar denne.

Dei krev at dei eldste blir vaksinert først, og at helsepersonell som står i fremste rekke når det gjeld vaksinering.

Ei endring i vaksinestrategien slik det vert kravd, fører til at befolkninga elles i landet vert nedprioritert, og må leve vesentleg lenger med dei store sosiale ulempene og den auka risikoen for sjukdom og død som pandemien medfører.