Hopp til innhold

Muterte virus kan føre til endring i vaksinestrategien

Situasjonen med muterte virus kan føre til at vaksinestrategien blir endra, slik at områda med høgast smittetrykk kan få fleire vaksinedosar.

Frode Forland, Fagdirektør for smittevern i Folkehelseinstituttet, FHI

Fagdirektør Frode Forland i FHI.

Foto: Marit Sirum-Eikre / NRK

Fredag meldte TV 2 at Folkehelseinstituttet (FHI) hadde foreslått å endre vaksinestrategien på grunn av fleire utbrot av det som truleg er den muterte virusvarianten i Oslo, Agder og enkelte stader i Viken.

Men fagdirektør Frode Forland i FHI vil ikkje stadfeste dette overfor NRK.

– Det eg har sagt til TV 2 i dag er at det har vore vurdert om ein skal gå inn og sjå på ein endra strategi knytt til den nye situasjonen med mutert virus og ei eventuell geografisk skeivfordeling. Konklusjonen på dette har eg ikkje gjeve til nokon, og eg veit at det er Helse- og omsorgsdepartementet som sjølv skal vurdere dette til slutt, seier han.

Men smitteauken vi har sett den siste tida kan gjere ei endring meir aktuell.

– Det aktualiserer problemet, utan at eg kan seie noko meir om kva som ligg i planane for å vurdere vaksinestrategien, seier han.

Forslaget blei sendt til departementet tidlegare denne veka.

Høgt smittetrykk i Oslo

I hovudstaden er smittetalet no det høgaste på over tre månader. Torsdag blei det registrert 231 nye tilfelle i Oslo. Det uroar helsetoppane, som ikkje kan utelukke nye og strengare tiltak for å slå ned smitten.

– Det kan bli vanskelegare å ta denne smitten ned som situasjonen er no. Vi kan gjere det, men det kan innebere meir inngripande tiltak, sa helsedirektør Bjørn Guldvog til NRK fredag.

Blant tiltaka som no blir vurdert er eit påbod om munnbind i skulen.

Også i Agder og Viken er det registrert mange nye smittetilfelle den siste tida.

AKTUELT NÅ