Hopp til innhold

Frp og Ap krev svar frå Ropstad om mellomalderkyrkjene

Frp og Ap krev svar på kvifor Moster gamle kyrkje ikkje er med i ordninga for kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. – Ho skal få pengar frå ein annan post, svarer Kjell Ingolf Ropstad.

Fortidsminneforeningen søkte om tilskot til å restaurere Moster gamle kyrkje til tusenårsjubileet. Så snudde departementet og sa at det berre gjeld for Den norske kyrkja.

VIL VITE: Helge André Njåstad (Frp) vil vite kvifor «symbolet på kristninga av Noreg, Moster», fell ut av tilskotsordninga for «bevaring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg».

Foto: Abstrakt Media

– Eg forventar at Ropstad kjem oss i møte slik at vi får ein verdig markering av kristenretten i 2024, seier stortingsrepresentant for Frp, Helge André Njåstad.

Måndag leverte han eit skriftleg spørsmål til Kjell Ingolf Ropstad (KrF) der han ber tros- og livssynsministeren om å gjere greie for kvifor «symbolet på kristninga av Noreg» ikkje er med i tilskotsordninga for bevaring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg.

Eigil Knutsen (Ap) har sendt spørsmål om det same.

– Kva vil statsråden foreta seg, spør han.

I ein instruks datert 3. juni skriv Barne- og familiedepartementet, der Ropstad er statsråd, at det «berre er kyrkjer som er soknekyrkjer eller kapell» som skal vere omfatta av ordninga.

Tidligere barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad under Arendalsuka 2021.

KULTURARV: – Disse midla skal gå til kyrkjer som står sentralt i vår kristne kulturarv, sa tros- og livssynsminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) i april.

Foto: Jon Anders Møllen / NRK

Åtvara mot avgrensinga

I praksis betyr det at ni norske mellomalderkyrkjer i stein, mellom anna Moster gamle kyrkje, fell utanom ordninga.

Fordi eigarane er Fortidsminneforeningen eller ulike stiftingar og museum.

Det er Riksantikvaren som forvaltar ordninga. På forsiktig, byråkratisk vis åtvara dei mot avgrensinga i ein e-post til departementet 1. juni:

«Det er også svært viktig for oss å påpeike at museumskyrkjer og liknande ikkje nyt same mogelegheit til finansiering som kyrkjene som inngår i porteføljane til dei kirkelege fellesråda. Desse kyrkjene representerer store kulturhistoriske verdiar med ein svært usikker finansiering, og vi ser korleis eigarane strever med å halde bygga ved like.»

– Det er ikkje eigarskap som er eller bør vere avgjerande når dei kulturhistoriske verdiane til dei eldste kyrkjene skal vurderast, seier Kristin Bakken, administrerande direktør hos Norsk institutt for kulturminneforskning (Niku).

Ho legg til:

– Dei kyrkjene som Fortidsminneforeininga redda då Staten og kyrkja ikkje hadde ressursar til det, er faktisk blant dei aller mest verdifulle kulturhistoriske monumenta i landet.

Spørsmåla til Ropstad kjem tre dagar etter at leiar i partiet, Sylvi Listhaug, gjekk til åtak på KrF under den kristenkonservative stormønstringa Oslo Symposium.

– Dei har for lengst sagt frå seg rolla som ein varm forsvarer av norsk og kristen kulturarv. Dei seier gjerne nokre pene ord like før valet, men gjer det stikk motsette i praksis, sa ho.

Statsråd Ropstad har seks dagar på seg til å svare på spørsmåla frå Ap- og Frp-representanten.

Fremskrittspartiets programkomité legger frem forslag til nytt partiprogram 2021-2025

KORS PÅ HALSEN: Sylvi Listhaug gjekk til åtak på KrF under den kristenkonservative stormønstringa Oslo Symposium sist veke.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Det var ikkje eit «pengevedtak»

I Stortingsvedtaket frå 2020 heiter det at «alle steinkyrkjer frå mellomalderen skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 1000-årsjubileet for slaget på Stiklestad.»

Ordlyden gjer at mange «blandar saman ulike tilskot og program», seier Kjell Ingolf Ropstad.

– Vedtaket var ikkje eit «pengevedtak». Det var eit anmodningsvedtak. (Sjå heile svaret under.)

Ropstad legg til at Moster gamle kyrkje «skal få det dei søkte om» (686.000 kroner i fyrste omgang, jou. anm.) over ein annan budsjettpost.

– Dei er jo i ein spesiell situasjon med tanke på jubileet som er ein viktig nasjonal storhending innan kort tid.

Hove steinkyrkje

FELL UTANFOR: Hove Steinkyrkje i Vik fell utanfor støtteordninga slik departementet har definert ho.

Foto: Ottar Starheim / NRK

1. januar 2023 skal stat og kyrkja fordele milliardverdiane i Opplysningsvesenets fond.

Delinga er ein del av oppgjeret etter at staten og kyrkja skilte lag og dreier seg om eigedommar, utmark, prestegardar og pengar.

Det betyr «store summar på kyrkjebygg i framtida», seier Ropstad.

– Og det vil omfatte alle kulturhistorisk viktige kyrkjebygg, uavhengig av eigarskap.

Til skuldinga frå Listhaug seier han dette:

– Heh. Er det nokre som står opp for den kristne kulturarven, så er det oss. Ikkje Frp.

Grunna i nasjonale kulturminneomsyn

Terje de Groot i Kulturminneavdelinga hos Riksantikvaren seier til NRK at dei tek retningslinjene til Barne- og familiedepartementet (BFD) «til etterretning», men legg til:

– Vi merker oss at den auka innsatsen for kulturhistorisk viktige kyrkjebygga er grunna i nasjonale kulturminneomsyn og skal gjelde for alle kulturhistorisk viktige kyrkjebygg, uansett eigar.

Fortidsminneforeiningen og to andre kyrkje-eigarar har varsla at dei vil undersøke om departementet har brote forvaltingslova, all den tid eigar ikkje er ført opp som eit kriterium i utlysingsteksten for tilskotsordninga for «bevaring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg».

Halvor Nordhaug vart biskop i Bjørgvin i 2009. Han leier det største bispedømet i landet og er også biskop for dei norske kyrkjene i utlandet.

BALLEN: – Dette er ein viktig sak for markeringa av 1000-årsjubileet for kristenretten i 2024. Ballen ligg nå hos den ansvarlege minister Kjell Ingolf Ropstad, seier biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug.

Foto: Den norske kirke