Hopp til innhold

Kåra nytt nasjonaldyr – men Noreg har fleire frå før

Landet vårt har no fleire ulike nasjonaldyr. Fleire vil ta skogens konge ned frå trona.

Reinsdyrflokken på vandring

FJELLFIE: Dette biletet er tatt av Noregs nyaste nasjonaldyr.

Foto: Rudolf / NINA

Riksvåpenet vårt er ei løve. Medan avisene har hatt 500 artiklar om andre norske nasjonaldyr – heilt tilbake til 1938.

Sølvreven vart nemnt først. Så moskus, lemen og sau. Fjordhesten er nemnt oftast.

I 1977 blei elgen kåra til den gjæve tittelen.

På 1980-talet var fjordhesten i vinden.

Og no har villreinen blitt utnemnt til vårt nye nasjonaldyr.

Kva er rett? (Du kan vise di meining nedst i saka.)

9000 stemmer

Nokre land har gjort det enkelt. India har tiger, Australia har kenguru og Kina har panda.

Per Jordhøy utroper og kårer villreinen til Noregs nasjonaldyr under ei konferanse på Litteraturhuset i Oslo 21. februar 2023. Jordhøy på ein talerstol framfor ein skjerm som viser ein reinsflokk med bukkar og simler.

UTNEMNT: Her blir reinsdyra opphøgd.

Foto: Torun Torbo / NRK

Villreinforskar Per Jordhøy gjorde det meir komplisert da han på Litteraturhuset i Oslo høgtideleg erklærte:

– Det er Kongens gebursdag i dag. Han skal ha ein hyllast. Det skal og ein anna: Det er med stor ærbødigheit eg utnemner villreinen til nasjonaldyret vårt.

Det blei etterfølgt av ei fele og stor applaus frå villreinmiljøet. Dei såg ikkje ut til å bry seg om at dei tråkka andre dyremiljø på tærne.

Rundt 9.000 nordmenn sende inn stemmer da Nitimen i 1977 kåra vårt nasjonaldyr. Elgen fekk over 2000 stemmer, dobbelt så mange som reinen. Lemenet blei nummer tre.

Kritiske røyster hevda at elgen ikkje var typisk norsk, i motsetning til nettopp rein, lemen og fjordhest.

Fjordingen

Fjordhest hos Svein Erik Hafstad i Førde
Foto: Nikolai Akse Helgås / NRK

På slutten av 1980-talet sende NRK mange gonger TV-programmet «Fjordhesten, vårt nasjonaldyr».

Det var laga av SV-toppen Stein Ørnhøi, som jobba nokre år i NRK mellom Stortinget og jobb som teatersjef.

– Fjordhesten har både trekk frå urhesten og er særs tilpassa det norske landskapet.

Han peiker på at fjordingen klatrar opp bratte vestlandskleiver med vesker på ryggen.

Stein Ørnhøi

DYREGLAD: Stein Ørnhøi er sosialist og fjordhestven.

Foto: Knut Falch / SCANPIX

Den typiske svarte stripa i manen skal vere eit avteikn frå da urhesten var zebra, seier Ørnhøi, som understrek at dette er 30 år gamal kunnskap.

Den gamle toppolitikaren slit med å ta eit val:

– I den grad eg et kjøtt er det frå rein. Men eg har vore patruljeførar i speidartroppen «elg», seier mannen som også har skrive kokeboka «Elg i badekar».

– Eg skulle ønske me hadde tre nasjonaldyr!

Villreinen

En nyfødt kalv hviler på snøen

KALVFIE: Også dette biletet er tatt av ein rein. Du kan lese meir om dei unike bileta dyra og Norsk Institutt for Naturforskning (NINA) tok nedst i saka.

Foto: Rudolf / NINA

Villreinforskar Per Jordhøy frå Lesja er mannen som nyleg opphøgde villreinen til nasjonaldyr.

– Kva mandat hadde de til å kåre nasjonaldyr?

– Alle kan gjere ein proklamasjon og underbygge det. Dette er underbygd veldig godt.

– Kvifor skal villreinen ta over trona frå elgen?

– Me har vore avhengige av reinen i 11.000 år, men no er han avhengig av oss. Me har stelt så ekstremt dårleg med fjella våre og burde byrje å reparere ting.

Per Jordhøy

PER: Jordhøy.

Foto: Anne Marie Aa

For to år sidan blei villreinen raudlista som trua dyreart. Varmare klima gir meir skog og mindre vidde. Det er vegbygging og hyttebygging på alle kantar, og den skumle skrantesjuka spreiar frå bestand til bestand.

– Kva trur du samar, som held tamrein, tenker om at dykk berre tek med villreinen?

– Samane og villreinforvaltninga har store felles interesser. Kanskje vil ettertida seie at rein er rein, og at rein er nasjonaldyret. Men no er det villreinen det brenn for.

– Kva trur du elg – og fjordhestmiljøet synest om kuppet dykkar?

– Eg trur dei synast det er bra, om dei set seg inn i villreinens kår og betydning.

Kontroversielle kåringar

 Petter Bøckman på kontoret sitt.
Foto: Kristian Elster / NRK

Peter Bøckman er Noregs nasjonal-zoolog.

– Kva er Noregs nasjonaldyr?

– Oi, godt spørsmål! Elgen er ikkje eit dårleg val, som det største og mest imponerande dyret på fastlandet. Eit majestetisk dyr, og betre val enn grevling, sjølv om eg personleg liker grevling.

Bøckman peikar på at slike kåringar kan vere kontroversielle.

Da han sjølv var student var mange framleis sure for at Nitimen hadde kansellert kåringa av Noregs nasjonalfisk i 1982. Den gang blei slimålen stemt fram til vinnar etter ei kampanje frå biologistudentar – men den blei diska og torsken fekk tittelen.

– Så kva bør vere nasjonaldyret vårt?

– I alle fall ikkje riksløva. Ikkje eit vondt ord om reinsdyr, men stilt ved sida ein elg blir eit lite og knølete. Elgens lange ryggsene brukte ein til sytråd, og er det ein ting som har vore viktig i landet her så er det å kunne sy klede!

Elgokse
Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

Elgens venner

Men elgmiljøet overraskar i sitt syn på Noregs nasjonaldyr.

Henning Alme
Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Henning Alme frå Tynset var med på boka «Elgjaktas hemmligheter».


– Det er jo reinen me kom etter langs iskanten og som brødfødde dei første nordmenn.

I «Historien om Norge» av Karsten Alnæs er reinen nemnt på aller første side, om ein flokk menn, kvinner og barn på vandring: «Nå søker de nordover etter reinen».

– Reinsdyra trakk jo frå fjellet til kysten før, men no er livet deira stykka opp av vegar og jarnbane – og vekta på dyra er på kritisk veg nedover, seier Alme.

Elgekspert
Foto: Bjørn Graatrud

Hallgeir B. Skjelstad, er naturfotograf og har skrive boka «Elgens år».

– Eg må innrømme at villrein er eit betre val. Elg er overalt, det er jo mykje meir elg i Sverige, til og med. Og som nasjonalfuglen fossekallen, er reinen ein tøffing som overlever i ekstreme forhold. Slikt likar me i Noreg.

– Da har du akkurat underkjent elgen som nasjonaldyr.

– Ja, eg kjenner jo at det stikk litt.

Kva bør vere Noregs nasjonaldyr?

Reinsdyr i kamp på Forollhogna

KAMP OM TITTELEN: I 1997 prøvde VG seg på ein vits om nasjonaldyr, som også spelte på dyras mat: «Thorbjørn Jagland har i samråd med NRK Reiseradioen bestemt å utnemne reinsdyret som Norges nasjonaldyr. – Reinsdyret er vårt mest sosialdemokratiske vesen, fordi det ikkje gjør forskjell på høy og lav, heter det i Jaglands begrunnelse.»

Foto: Sindre Skrede / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL