Hopp til innhold

Dette møtte bilbergaren i slutten av mai: – Me måtte spa dei ut av bilen

Slik såg det ut på ein av landets viktigaste fjellovergangar i slutten av mai. Og det er heilt normalt, skal me tru bilbergarar og Vegvesenet.

Uvær på hardangervidda i pinsen 2023

NEDSNØDD: Bilar blei snødd inne på Hardangervidda i slutten av mai.

Foto: Statens vegvesen

Det vart travelt for bilbergarane på Hardangervidda i pinsehelga.

Mellom ein halv og éin meter snø i skavlar gjorde køyreforholda svært vanskelege, og bilistane verka ikkje førebudde på vintervêret som møtte dei.

«Heilt vanleg i mai», seier både Vegvesenet og bilbergarane.

– Dette er eigentleg heilt normalt. Det er ikkje uvanleg at me får sånne uvêrsperiodar i både mai og juni, seier Ørjan Herland.

Han jobbar som bilbergar i Eidfjord bilberging. Han anslår at dei berga 4–5 personbilar og 7–8 vogntog på vidda i helga.

Ein av dei var ein veteranbil på veg til eit veteranbiltreff i Eidfjord. I staden blei han ståande i timevis på Hardangervidda. Til slutt var bilen nesten heilt nedsnødd.

– Han stod heilt bakarst og me måtte flytta alle vogntoga. Me måtte vinsja litt og fresa vekk snø, seier kollega i Eidfjord bilberging, Bjørn Lægreid.

Vogntog for vogntog, bil for bil, jobba dei seg bakover mot veteranbilen.

– Me måtte spa dei ut av bilen, seier Herland.

Vinter på Hardangervidda i pinsen 2023

TETT SNØ: Mellom ein halv og ein meter snø i skavlar gjorde køyreforholda svært vanskelege på Hardangervidda.

Foto: Statens vegvesen

Moro heilt til dei ser galskapen

Lægreid, som for mange er kjend frå serien «Vinterveiens helter» på National Geographic, har drive med bilberging i 29 år.

– I slutten av mai, byrjinga av juni, så slår det alltid til med slikt styggevêr, seier han.

Bilistane er sjeldan førebudde på vinterføre og har ofte sommardekk. I helga tilrådde Statens vegvesen å ha vinterdekk om du skulle over fjellovergangen.

– Når det først skjer på fjellet, så skjer det utruleg fort. Det kan gå frå bar asfalt til full vinter på ti minutt, seier Lægreid.

Nedsnødd bil på Hardangervidda i pinsen 2023

SNØ: Det var store snømengder på fjellet.

Foto: Statens vegvesen

– Folk må følgja med på vêrmeldinga og ikkje minst på vegmeldingar. Då får dei ein indikasjon på korleis det er, seier kollega Herland.

Men at folk legg ut på køyretur utan å førebu seg, er dei vande med.

– Det er liksom likt kvart år, det er ikkje mykje forbetringar, det er berre slik, seier Lægreid.

Dei siste åra meiner han turistar i bil og bubil kjem tidlegare og tidlegare.

– Dei syns sikkert det er moro heilt til dei ser galskapen. Då er det ikkje så løye lenger.

Uvær på hardangervidda i pinsen 2023

– Når det først skjer på fjellet så skjer det utruleg fort. Det kan gå frå bar asfalt til full vinter på ti minutt, seier bilbergar Bjørn Lægreid.

Foto: Statens vegvesen

Fint dei neste dagane

– Det vart litt uvêr i helga ja, seier trafikkoperatør i Statens vegvesen Tom Erik Englaugstad.

Han seier mai kan by på det meste.

– Me er inne i den tida no at me kan få snø og sludd som kan legga seg, men også sol, fint vêr, heilt tørre vegar og plussgrader, seier han.

Dei neste dagane ser forholda greie ut. Sol, stort sett varmegrader og ingen nedbør i sikte.

– Me byrjar å nærma oss at me er ferdig med snøvêret, men det er vanskeleg å setja ein dato på det.

Vinter på Hardangervidda i pinsen 2023

– Me byrjar å nærma oss at me er ferdig med snøvêret, men det er vanskeleg å setja ein dato på det, det går ikkje an, seier Tom Erik Englaugstad i Vegvesenet.

Foto: Statens vegvesen