Hopp til innhold

Den eine ser til Førde, den andre ser mot kysten - splitta i synet om kommunesamanslåing

Medan Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) vil slå seg saman med kommunane nord og sør for kystbyen, vil varaordførar Jan Henrik Nygård (V) helst sjå innover mot erkerivalen Førde.

Nygård og Solheim-Olsen

HIT ELLER DIT? Varaordførar Jan Henrik Nygård (V) vil sjå mot Førde, medan Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen vil sjå mot kysten.

Foto: Cecilia Molander/Geir Bjarte Hjetland / NRK

Den politiske leiinga i Flora kommune er splitta i synet på kva veg kommunen skal slå seg saman.

Varaordførar Jan Henrik Nygård flaggar for fyrste gong syn i den betente saka.

– Eg har tenkt ganske mykje på det ei stund, seier varaordførar Jan Henrik Nygård.

Ville vore utenkjeleg for få år sidan

Han legg til at i utgangspunktet så tenkjer dei fleste på kysten.

– Men det eg har sett meir og meir på er at Florø og Førde har veldig mykje samhandling i dag, seier Nygård.

Varaordføraren i Flora gjer det som for få år sidan ville vore utenkjeleg. Føreslå samanslåing mellom erkerivalane Førde og Florø.

Han er styrka i trua etter leiarartikkelen i lokalavisa si Firdaposten, som tok til orde for det same denne veka.

– Målet må vere å bli såpass store, at i tillegg til å utføre dei oppgåvene som vi gjer i dag, ser på moglegheita til å utføre oppgåver som fylkeskommunen gjer i dag, eller statlege einingar som vert flytta ut, seier Nygård.

Har vore sterk tilhengar av kyst-alternativet

Han meiner det då er naturleg å sjå dei to Sunnfjord-byane som ei eining.

– Skal vi få til det, trur eg det er Florø og Førde som er motorane, seier Nygård.

Men dette er stikk i strid med det hans eigen ordførar, Bengt Solheim-Olsen frå Høgre, har flagga om ein rein kystkommune.

– Eg har tidlegare vore ein sterk tilhengar av det såkalla kyst-alternativet, der Flora kan søkje samarbeid både med nabokommunane nord for og sør for oss, seier Solheim-Olsen.

– Varaordføraren din vil helst sjå innover mot Førde?

– Eg vil ikkje helst sjå innover til Førde, men eg er villig til å få greidd ut eit alternativ med ein veldig stor kystkommune, der ein ser kysten saman med Naustdal, Førde, Jølster, Gaular og Gloppen, seier Solheim-Olsen.

Er ikkje forankra i lokallaget

I neste veke skal kommunane i Sunnfjord gjere som Sogn, HAFS og Nordfjord, nemleg samle seg til felles formannskapsmøte om samanslåing.

Då vil desse og fleire alternativ bli lufta. Varaordførar Nygård understrekar at han ikkje snakkar på vegner av heile Flora Venstre.

– Dette er mi personlege meining, og den er ikkje forankra i Venstre-gruppa lokalt. Men eg trur at når vi først skal slå saman, så må vi tenkje stort, seier Nygård.