Hopp til innhold

To av desse Høgre-ordførarane er klokkeklare på at dei ynskjer færre og større kommunare

Av åtte Høgre-ordførarar i Sogn og Fjordane, støttar berre Morten Hagen (Vågsøy) og Olve Grotle (Førde) tydeleg opp om eige parti sitt syn på kommunesamanslåing.

Dei åtte Høgre-ordførarane i Sogn og Fjordane

SKEPTISKE: Seks av dei åtte Høgre-ordførarane i fylket er skeptiske til eige parti sitt ynskje om større og færre kommunar.

Foto: Fotomontasje

Partiet går til val med eit ynskje om større og færre kommunar.

Ordførar Olve Grotle i Førde er ein av to i Høgre-ordførarar som ynskjer akkurat det.

– Eg trur at det å samle kommunar i større einingar gir større slagkraft. Vi vil kunne samarbeide betre, vi vil kunne organisere ressursane på ein betre måte og ikkje minst trur eg det vil vere lettare å rekruttere arbeidskraft til kommunane, seier han.

Best åleine

Like klar i talen er derimot ikkje seks av dei åtte ordførarane som Høgre har i Sogn og Fjordane.

I Aurland meiner Noralv Distad at dei har det best åleine.

– Vi er rett nok ein liten kommune, men vi har eit sterkt ressursgrunnlag. Vi meiner vi kan løyse oppgåvene og attpåtil fleire oppgåver, enn det vi har i dag utan å slå oss saman med andre, meiner han.

Har starta prosessen

I Florø meiner ordførar Bengt Solheim-Olsen at dei klarer seg fint på eigne bein, medan Sven Flo (Stryn), Ole Gunnar Krakhellen (Solund), Mathias Raaheim (Gaular) og Frida Melvær (Askvoll), meiner at samanslåing berre kan skje på visse føresetnader.

Som til dømes at det er garantert eit betre tilbod for innbyggjarane, og at det er tufta på ein open og demokratisk prosess. I HAFS-regionen har dei start starta prosessenen .

– Vi har sett det arbeidet noko på vent til valresultatet ligg føre, og så tek vi det opp att når ei ny regjering er på plass, seier Melvær.

Skeptisk til tvang

Bjørn Lødemel

SKEPTISK: Bjørn Lødemel er førstekandidat for Sogn og Fjordane Høgre til Stortingsvalet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Askvoll-ordføraren deler partiet sin førstekandidat, Bjørn Lødemel, sin skepsis til tvangssamanslåing .

– Eg trur ikkje omgrepet tvang er eit ord som Høgre i utgangspunktet står veldig sterkt på. Eg er trygg på at Høgre ynskjer involvering frå kommunane og lokaldemokratiet, seier ho.

Men også der er ordførarane i Førde og Vågsøy villige til å strekkje seg lenger enn sine seks ordførarkollegaer i fylket.

– Må styrast

I Vågsøy meiner Morten Hagen at dersom det ikkje skjer store endringar i kommunestrukturen på sikt, så bør det styrast ovanfrå.

– Men då må ein sjå på mange kriterium før ein set grensene, seier han

I Førde meiner ordførar Grotle at det er heilt naturleg at Stortinget får siste ord i saka.

– Stortinget styrer på alle andre område. Sjukehusstruktur, dei store vegprosjekta og dei heilt store fundamentale tinga i landet vårt er styrt av det øvste maktorganet, seier han.