Hopp til innhold

Let seg lokke av ekstramillionar

Flora-ordføraren Bengt Solheim-Olsen legg ikkje skjul på at han kunne tenkje seg ein storkommune på kysten. Ekstramillionane frå kommunalministeren gjer tanken endå meir forlokkande.

Bengt Solheim Olsen

FREISTANDE: 20 millionar kroner i ekstra støtte gjer det ekstra freistande å vurdere moglegheitene for samanslåing, seier Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Høgre-ordførarane i både Førde og Flora ønskjer å bli større, og ser føre seg samanslåingar med nabokommunane.

Om det blir ein realitet vil dei begge bikke 15.000 innbyggjarar, noko som med den nye kommunereforma kan utløyse ekstramillonar frå staten.

20 millionar kroner ekstra frå staten gjer ei samanslåing endå meir attraktiv, vedgår Bengt Solheim-Olsen i Flora.

– Det er klart dette gjer det iallfall meir freistande å setje i gang eit arbeid for å sjå kva vi kan få til, seier Høgre-ordføraren.

– Skal gjere kommunane betre rusta

Det har gått 50 år sidan den siste store kommunereforma i Norge. Den gong gjekk ein frå 750 til 450 kommunar, og i dag er det 428 kommunar frå nord til sør.

Men no er det duka for omfattande endringar i det norske kommunekartet. Regjeringa la sist fram sin kommuneproposisjon, der kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) var tydeleg på at dette var til det beste.

– Kommune-Norge står ovanfor ein del forhold som ikkje går over. Det gjer at kommunereforma ikkje er avhengig av at eg er kommunalminister. Reforma vil kome, spørsmålet er berre når, sa ministeren.

Han sa hovudmålet med reforma er å gjere kommunane betre rusta for å gje innbyggjarane gode velferdstenester i framtida.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kommunalminister Jan Tore Sanner

PLAN: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner la sist veke fram planen for korleis det skal bli færre kommunar i Norge.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Lokkar med millionar til større kommunar

Og det blir meir gulrot ein pisk. Sanner vil innføre ei premieordning der kommunane som slår seg saman blir premiert med eit beløp.

Dersom kommunen har færre enn 10.000 innbyggjarar utløyser det ingen ekstra støtte. Får den nye kommunen derimot over 10.000 innbyggjarar gjer det fem millionar kroner i ekstra støtte, medan regjeringa lokkar med 20 millionar kroner i ekstra støtte til kommunar med over 15.000 innbyggjarar.

– Det er ei veldig gunstig, romsleg og god ordning, som gjer det føreseieleg for kommunane, sa Sanner om den økonomiske støtta for kommunesamanslåingar.

Reformstøtte i reformperioden

Antall innbyggere i sammenslåingen

Reformstøtte

0-10 000 innbyggere

0

10–14 999 innbyggere

5,000,000

15 000–29 999 innbyggere

20,000,000

30 000–49 999 innbyggere

25,000,000

Over 50 000 innbyggere

30,000,000

Vil ha større kystkommune

Flora kommune har i dag i underkant av 12.000 innbyggjarar. Med ei samanslåing med til dømes Bremanger vil innbyggjartalet nærme seg nesten 16.000. Dette vil altså gje 20 millionar kroner ekstra i kassa.

Ordførar Bengt Solheim-Olsen vil gjerne slå seg saman med Bremanger, men tenkjer seg ei endå større samanslåing.

– Vi høyrer godt i lag med dei, men eg tenkjer at om vi først skal byrje med kommunesamanslåing, så må ein tenkje endå større.

– Eg har meir tru på ein litt større kystkommune, som kanskje inkluderer Bremanger, Askvoll og Fjaler til dømes.

Han seier desse kommunane, pluss Naustdal, ville vore ein draumekommune.

– Eg trur det ville vore ein slagkraftig kommune, der næringslivet er mykje likt og perfekt samansett for kvarandre, seier Høgre-ordføraren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Olve Grotle

FORDELAR: Olve Grotle, Høgre-ordførar i Førde, meiner det er mange fordelar med ei kommunesamanslåing.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Positiv, uavhengig av ekstramillonane

Litt lenger inne i Sogn og Fjordane er også Høgre-ordførar Olve Grotle i Førde interessert i å ha så mange innbyggjarar at det utløyser ekstra støtte frå Staten.

Samtidig presiserer han at den ekstra støtta i seg sjølv ikkje er god nok grunn til samanslåingar.

– Eg meiner det er fornuftig med kommunesamanslåing uavhengig av dei gulrøtene som regjeringa no legg inn.

– Men så er det også slik at denne reformstøtta det er snakk om, vil kome i tillegg til dei effektane som vi elles vil kunne dra ut av ei kommunesamanslåing, seier Grotle.

Han gler seg også over at regjeringa legg opp til å auke tilskotet kommunane får for å dekke utgiftene dei har med ein samanslåing. Dette er til dømes utgifter knytt til datasystem, nye bygg og liknande.

Forsiktig med ein fasit

Grotle vil på si side ikkje vere veldig bombastisk på kva kommunar Førde kan slå seg saman med.

– No skal vi vere litt forsiktige med å kome med ein fasit, det får prosessen framover vise.

– Samtidig er det ingen hemmelegheit at eg meiner det ligg til rette for ein god samanslåingsprosess med Indre Sunnfjord. Det vil seie Naustdal, Gaular, Førde og Jølster.

Fryktar for «utkantane»

Men mange er skeptiske til kommunesamanslåingar. Det gjeld både politikarar, næringslivsfolk og «mannen i gata». Ein av dei er Eirik Hjelmbrekke frå Vassenden i Jølster.

Han likar ikkje heilt tanken på at Jølster skal slå seg saman med Førde, og viser til det han meiner er lite omtanke for ytterkantane i dagens kommune.

– Det bør iallfall vere fordelar med ei samanslåing, ikkje berre at midlane skal gå til sentrum. Eg veit ikkje om Førde til no har vist sin velvilje vil verken Angedalen, Haukedalen eller andre ytterkantar.

– Så om dette er politikken dei vil føre vidare, så vil eg ikkje anbefale ei samanslåing.

Vil ikkje vere saman

Førde-ordførar Olve Grotle luftar også tanken om ei endå større samanslåing.

– Ein kunne sjølvsagt også tenkje seg ein storkommune i Sunnfjord, der Flora og Førde var del av same kommune. Det ville verkeleg monne.

Men dette har ikkje Høgre-kollegaen i Flora noko tru på.

– Dette har eg også sagt tidlegare at eg trur blir vanskeleg.