Hopp til innhold

Slik vil analyseselskapet at Sogn og Fjordane skal sjå ut

Fekk analyseselskapet Nivi teikne noregskartet, ville tal kommunar blitt kraftig redusert. – Vil dei gje innbyggjarane betre tilbod, så har dei feila, seier tidlegare ordførar Kjartan Longva i Høyanger.

Om analyseselskapet NIVI fekk teikna norgeskartet, ville talet på kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane krympa frå 59 til 13. Bak forslaget står norges mest brukte kommune-utgreiarar, som har blitt utfordra av NRK til å lage ei skisse til ny kommunereform.

SJÅ TV-SAK: Analyseselskapet Nivi har ei årrekkje utgreidd effektivisering og samanslåing i kommunane. På oppdrag frå NRK har dei teikna eit nytt noregskart.

På oppdrag frå NRK, har analyseselskapet Nivi teikna Noregskartet på nytt. Analyseselskapet meiner tal norske kommunar bør reduserast frå 428 til 105.

I følgje landets mest brukte kommuneutgreiarar bør 26 kommunar i Sogn og Fjordane bli til seks, medan dagens 33 kommunar i Hordaland bør bli til sju.

– Det er ikkje staten, men kommunane som er ansvarlege for velferda og velferdsproduksjonen i landet. Skal vi ha likeverdig velferdstilbod må vi stille krav til kommunane og dimensjonere kommunen slik at dei har kompetanse og kapasitet il å levere likeverdige velferdstenester, seier Geir Vinsand hos Nivi.

– Her har dei feila

Kommunesamanslåing er ei heit potet i årets valkamp, og fem av sju stortingsparti går til val på samanslåing med ei eller annan form for tvang.

(Artikkelen held fram under biletet)

«Nye» Sogn og Fjordane

NYTT: Slik vil Nivi at «nye» Sogn og Fjordane skal sjå ut.

Foto: Grafikk

I Høyanger blir framlegget teken imot med sterk skepsis. Tidlegare Arbeidarparti-ordførar, Kjartan Longva, meiner fylkeskartet er skivebom. Industrikommunen blir plassert saman med kommunane i Indre Sunnfjord – i ein Førde-region.

– Leitar dei etter å gje innbyggjarane betre tilbod, så har dei feila. Eg har ikkje noko tru på at heimesjukepleie lokalisert i Førde gir betre tilbod til Høyanger, seier han.

– Dårlegare tilbod

Longva presiserer at han ikkje har lest analysen grundig. Om føremålet var å slå saman store kommunar for å ta over fylkeskommunale oppgåver, så ville han likevel forstått framlegget.

Kjartan Longva

KRITISK: Kjartan Longva, tidlegare ordførar i Høyanger.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Han fryktar dei store inntektene til kommunen ikkje lenger vil kome innbyggjarane til gode.

– Vi er kraftkommune og har inntekter som ikkje dei andre har. Vi har store inntekter på eigedomsskatt frå verk og bruk, og eg vil seie vi har rimeleg god økonomi som blir brukt på innbyggjarane i Høyanger, seier Longva og held fram:

– Det som uroar meg, om framlegget blir realitet, er dårlegare velferdstilbod til innbyggjarane i Høyanger. Vi må ta vekk ting vi har i dag.

– Spelar mindre rolle

I Førde er venstrepolitikar Jan Taule klar på at kommunesamanslåing med Førde som storkommune, vil vere det beste.

– I dag ser vi at mesteparten av tenestene er nettbasert. Om administrasjonen er her eller der, spelar mindre rolle, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Framstegspartiet vil tvinga kommunar til å slå seg saman, og ser for seg under 20 kommunar totalt i Sogn og Fjordane og Hordaland i framtida.
Dei meiner resultatet av kommunesamanslåinga vil bli meir pengar direkte til brukarane..

TVANG: Frp vil ha færre og større kommunar.

Longva seier på si side at kommunane, også Høyanger, samarbeider på kryss og tvers av kommunegrensene på fleire område. Også med Førde.

Vil ikkje til Førde

Sjølv om Høyanger ser på fjordfylkes største kommune som deira naturlege regionsenter, meiner Longva samarbeid og kjøp av tenester bør kome framfor kommunesamanslåing.

I staden for å få ei kommuneinndeling tredd nedover hovudet frå «ein eller annan konsulent», meiner den tidlegare ordføraren at innbyggjarane sjølve må få bestemme kva kommune dei skal høyre til.

– Eg trur det blir veldig vanskeleg å få tilslutning til blant innbyggjarane i Høyanger. Sjølv om vi innser at Førde er regionsenteret vårt, trur eg det blir veldig vanskeleg å få tilslutning blant innbyggjarane i Høyanger om å bli del av ein storkommune med Førde, seier han.

– Har for mykje å tape

Geir Vinsand

BETRE TILBOD: Geir Vinsand i analyseselskapet Nivi.

Foto: NRK

Der har Longva heilt rett. For på kafeen i industristaden, er det inga tvil om kva dei tykkjer om fylkeskartet til Nivi. Dei likar ikkje tanke på å miste nærleiken til kommunehuset.

– Eg trur at vi har så mykje å tape på det at det vil gå ut over dei tilboda vi har i Høyanger, Egil Høyvik.

Røyster som Høyvik meiner Longva bør bli høyrde og teken med i det store samanslåingsspørsmålet.

– Kommunesamanslåing skal skje frivillig. For dei som bur i kommunane må i demokratiets namn få meine noko om kvar dei skal bu og høyre til. Og med fri vilje, ser eg ikkje at Høyanger vil hamne i Førde, seier han.