Hopp til innhold

Vil vite kven som sit med roret først

Diskusjonane om kommunesamanslåing i Sunnfjord og Ytre Sogn blir lagt på vent til etter valet.

Arve Helle

PÅ VENT: Arve Helle seier ordførarane er samde om å vente til etter valet med vidare diskusjonar om kommunesamanslåing.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vil større kommunar gjere kommunane betre rusta til å takle oppgåve dei er pålagde? Mange meiner det, og fleire stader går diskusjonen om kor vidt kommunane sjølve skal finne saman.

I Sunnfjord og Ytre Sogn har ti kommunar sagt at dei vil finne ut om det er liv laga for ein eller fleire storkommunar i regionen.

Men då dei var samla til møte i går bestemte dei seg for å vente litt med planane. Ordførar i Fjaler, Arve Helle, fortel at eit eventuelt regjeringsskifte eller nye regjeringserklæringar gjer at dei vil vente med vidare diskusjonar.

– Vi er så nære stortingsvalet no at vi vel å vente til det er avklara kva ei ny regjeringserklæring vil innehalde, seier han til NRK.no.

Difor vil dei bli større

Det er i dag over 400 kommunar i Norge. Berre i Sogn og Fjordane er det 26, med Solund som den minste med vel 850 innbyggjarar.

Den siste store kommunereforma var i 1964, då fleire kommunar vart slegne saman, mange med tvang. Sidan har det vore fleire frivillige samanslåingar, og no kan det bli fleire.

Kommunane Askvoll, Fjaler og Hyllestad gjekk for ei tid tilbake inn for å finne ut meir om ei mogleg samanslåing. Seinare har også kommunane frå Flora og Solund i vest til Jølster og Balestrand i aust sagt ja til å få greidd ut samanslåing av kommunar.

Helle er blant dei som har meint at større kommunar kan bety betre økonomi og betre tenester for innbyggjarane.

– Vi veit at det er ting vi kvar for oss er for små til å handtere. Det kan bli betre med ei samanslåing eller ved interkommunalt samarbeid, har han tidlegare sagt til NRK.no.

Vil vite kven som sit ved roret først

Sjølv om planane i Sunnfjord og Ytre Sogn no altså blir lagt på vent, er det framleis vilje til å jobbe mot ein storkommune.

– Eg opplever at stemninga er slik at ein framleis ønskjer vere med på dette.

– Vi veit at dei fleste parti på sentralt hald har sagt noko om dette, og då fann vi ut at vi godt kan vente til vi veit kven som skal regjere dei neste fire åra, og kva føringar som blir lagt, seier Helle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørn Lødemel

STØRRE: Bjørn Lødemel er klar på at Høgre meiner større og meir robuste kommunar er det ein må gå for i framtida.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Større og meir robuste

Ein av dei som kan vere med å legge premissane for kommunesamanslåing til hausten er stortingsrepresentant for Høgre Bjørn Lødemel.

– Høgre ønskjer å starte gjennomføringa av ei kommunereform som gir større og meir robuste kommunar med sterke fagmiljø, seier Lødemel.

Her i fylket har Høgre-ordførar Morten Hagen i Vågsøy vore blant dei som har ivra for å få fart i kommunesamanslåinga.

– Tvang bør ein parkere ein periode

Men det store spørsmålet er om parti som Høgre då vil tvinge fram kommunesamanslåing. Lødemel vil ikkje vere tydelege på om dei vil bruke tvang eller ikkje.

– Skal ein lukkast med dette må ein ha gode lokale prosessar.

– Vil dokke i Høgre tvinge fram større kommunar om kommunane ikkje vil det sjølv?

– Eg trur det blir feil å snakke om tvang eller ikkje tvang. Eg trur det har øydelagd for mange gode moglegheiter til å få gjort noko med kommunestrukturen.

– Men ligg ikkje tvang som eit ris bak spegelen om dei ikkje gjer det frivillig?

– Dette med tvang bør ein parkere ein periode. Eg trur det viktigaste er at prosessane går godt i kommunane og det vil føre til gode resultat, seier Høgre-politikaren.