Hopp til innhold

Her er reknestykket fiskeridirektøren ikkje skjønar

Er det mogleg å fange fleire oppdrettsfisk enn det som skal ha rømt? Fiskeridirektøren får det ikkje til å gå opp.

Frank Bakke-Jensen fiskeridirektør, Fiskeridirektoratet, og oppdrettsfisk

Fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen stussar når det kjem melding om at talet på rømt fisk er lågare enn talet på fisk som er fanga inn igjen.

Foto: NRK / MATHIAS SOMMERSETH KJELLMO / NRK

Historia om det spesielle reknestykket strekker seg tilbake til november i fjor.

Då melde Firda Sjøfarmer om ein større skade på ei av nøtene ved Hyseneset i Gulen kommune.

Rett over nyttår fortalde selskapet meir om kor mykje regnbogeaure som rømde:

Talet som blir rapportert til Fiskeridirektoratet er 289 fisk.

Firda Sjøfarmer

Firda Sjøfarmer rapportertet at 289 fisk rømte gjennom eit 54x77 centimeter stort hol i november i fjor.

Foto: Firda Sjøfarmer

Det er berre eit problem. Fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen får ikkje reknestykket til å gå opp.

Det kjem tydeleg fram i ei pressemelding Fiskeridirektoratet sende ut i førre veke.

Reagerer på tal

For medan talet på rømt fisk er 289, så er talet på fisk som er fanga inn igjen 330.

Med andre ord har 41 fisk blitt fanga inn igjen etter rømming – utan å ha rømt.

– Verksemda rapporterte inn at det rømte 289 fisk, som svarar til berre delar av gjenfangsten, skriv Bakke-Jensen.

Seniorrådgjevar Monika Haugland seier det enda tydelegare, på direkte spørsmål frå NRK:

– Vi meiner at rømminga er større enn det selskapet oppgir. Det er snakk om ein stor skade i not, og det er usikkert kor lenge skaden har stått før han vart oppdaga. Selskapet har sjølv gjenfanga 330 regnbogeaure.

I tillegg har Fiskeridirektoratet fått tips om fangst av rundt 200 fisk som blir knytt til denne hendinga.

Dermed blir differansen enda større: 289 rømt fisk blir til 530 fisk som er fanga inn igjen.

Det vil seie 241 fisk som har blitt fanga inn igjen, men som ikkje har rømt.

Krabbefisking

Fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen får ikkje reknestykket til å gå opp.

Foto: Mathias Sommerseth Kjellmo / NRK

Manglar oversikt

Fiskeridirektøren meiner saka er eit døme på eit større problem. Nemleg at det ikkje er samsvar mellom tala som blir rapporterte inn, og dei reelle rømmingstala.

Han seier rett ut at ingen veit kor mange fisk som rømmer kvart år.

– Rømming av oppdrettsfisk er framleis ei stor utfordring i næringa, og sjølv etter dialog med næringa ser vi inga forbetring i metodikk og rutinar for vurdering av rømmingsomfang, seier Bakke-Jensen.

Av totalt 117 melde hendingar i 2023, er det så langt rapportert inn kring 18.000 rømte oppdrettsfisk.

Oppdrettsfisk

Ingen har i dag oversikt over kor mange fisk som faktisk rømmer, skriv Fiskeridirektoratet.

Foto: Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning

Men dette talet treng på langt nær vere riktig, ifølge direktoratet sjølv.

Bakke-Jensen trekker fram at i ein del saker blir det ikkje gjennomført teljing. I staden utfører selskapa anslag basert på subjektive vurderingar.

I ein del tilfelle blir talet på gjenfanga fisk rapportert som rømmingstal.

– Vi vurderer det som særs usannsynleg at all rømd fisk verkeleg blir gjenfanga.

Les også Jenny frykter for villaksens framtid: – Det er helt tragisk

Jenny Kjestveit Domås

Forklarar reknestykket slik

Allereie måndag 8. januar uttalte Fiskeridirektoratet at dei var kritiske til rømmingstala frå Firda Sjøfarmer ved Hyseneset.

Selskapet sjølv meiner reknestykket har ei naturleg forklaring.

Dei har oppgitt eit konservativt anslag, der det ikkje vart rapportert meir enn det Firda Sjøfarmer er så godt som sikre på.

Har de telt feil eller underrapportert kor mange fisk som rømte?

Teljinga, som gav et positivt antallsavvik, kunne ikkje brukast som ein «fasit» på rømd fisk frå merden, svarar konserndirektør Nicolai Berg-Arnesen.

Firda Sjøfarmer

Oppdrettsanlegget ligg ved Hyseneset i Gulen kommune.

Foto: NRK

Han skriv vidare at selskapet valde å rapportere talet på fisk som «vi med stor sikkerheit kunne anslå var rømt fisk frå vårt anlegg» – og at det fort kunne blitt feil å anslå eit tal.

Sjølv om tal frå gjenfangsten ved lokaliteten ikkje kan fastslå nøyaktig rømt fisk, stadfestar teljinga feilmargin inkludert at dette i tilfelle har vore ei avgrensa rømming.

NRK sende nye spørsmål til Firda Sjøfarmer etter at Fiskeridirektoratet viste til selskapet i pressemeldinga som vart sendt ut i førre veke, rett nok utan å nemne namn.

Selskapet svarte laurdag at dei ikkje ønsker å kommentere dette.

Avviser underrapportering

Sjømat Noreg avviser at bransjen underrapporterer.

– Vi har eit samanfallande mål med direktoratet og styremaktene om at fisk ikkje skal rømme, skriv Jon Arne Grøttum, direktør for havbruk.

Sjømat Noreg viser til at det har vore lagt ned «ein utretteleg innsats» for å få rømmingstala ned, og at det har vore ein nedadgående trend i talet på rømt fisk over fleire år.

Han trekker fram at regnbogeauren, som det rømte 15.015 av i 2023, ikkje kan krysse mot korkje aure eller laks.

Rømt fisk utgjer eit mykje mindre problem no enn tidlegare, og ein har jobba målretta for å få kontroll.

Les også Rekordår for norsk sjømateksport: – Me har aldri ete mindre fisk enn i dag

Ei stor mengd laksefiletar rullar på eit fabrikkband i ein bue innover i biletet. I bakgrunnen ser ein fabrikken og arbeidarane som jobbar med å filetere den.