Regnbogeaure på rømmen i Fensfjorden
Firda Sjøfarmer AS har i dag meldt om at dei har funne ein større skade på ei av nøtene på oppdrettslokaliteten ved Hyseneset i Fensfjorden i Gulen.
Fiskeridirektoratet har dei siste dagane mottatt fleire tips om fangstar av rømd regnbogeaure i området, og har i samband med det bede aktuelle oppdrettarar om å sjekke nøtene sine.
I merden, der det vart oppdaga hol, stod det omlag 150 000 fisk.
– Vi veit førebels ikkje kva som har skjedd, eller om det har rømt fisk og i så fall kor mykje fisk som eventuelt kan ha rømt, seier konserndirektør for opppdrett Nicolai Berg-Arnesen i Firda Sjøfarmer.
Han seier dykkarar har tetta holet i nota og at selskapet også har sett ut gjenfangstgarn i samråd med Fiskeridirektoratet.