Hopp til innhold

Tidenes beste år for norsk sjømat, men me et stadig mindre fisk

Den svake norske krona har gjeve rekordår for eksportverdien av norsk sjømat med ei auke på 14 prosent frå 2022.

Ei stor mengd laksefiletar rullar på eit fabrikkband i ein bue innover i biletet. I bakgrunnen ser ein fabrikken og arbeidarane som jobbar med å filetere den.

REKORDÅR: 2023 er nok eit rekordår for eksport av norsk sjømat.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Det føyer seg inn i ei rekke med rekordår. Me er veldig glad for at det har gått så godt som det har gjort, til trass for krig i verda.

Det seier sjømatanalytikar Paul T. Aandahl i Noregs sjømatråd.

Totalt eksporterte Noreg sjømat for 172 milliardar kroner i 2023. Det er opp 14 prosent frå året før, som også var eit rekordår.

– Det er mykje takka vere ein svekka valuta. Og det gjer jo at me er litt sårbare for ein eventuell valutastyrking i året som kjem. Me er veldig spent på 2024.

Les også Rekordår for norsk sjømateksport: – Kommer til å ende på over 170 milliarder kroner

Laks på slakteri

Et mindre fisk enn før

Sjølv om eksporten av norsk sjømat går opp et me nordmenn stadig norsk fisk, opplyser Noregs sjømatråd.

– Det bekymrar meg at me et mindre og mindre fisk. Me veit at det er sunn mat, proteinrik mat og ikkje minst er det jo veldig godt.

Det seier fiskeri- og havbruksminister, Cecilie Myrseth.

– Me må trappe opp innsatsen her heime, for me har aldri ete mindre fisk enn i dag. Sjømat er både berekraftig og sunt, derfor må me snu trenden og ete meir av det, seier ho.

Cecilie Myrseth foto Troms Arbeiderparti

Cecilie Myrseth har ete fisk fleire gonger i jula. Ho håpar fleire vil ha fisk på fatet til middag.

Foto: Marta Hofsøy

Noregs sjømatråd trur dette er på grunn av prisauken på den internasjonale marknaden.

– Når prisen går opp i utlandet og valutaen blir svekka får me ein stor prisauke også i Noreg, seier Aandahl.

Han fortel at Noreg eksporterer 95 prosent av all sjømaten me produserer og at det ein viktig grunn til at prisen blir påverka.

Samstundes som prisen på sjømat går opp, går prisen på kjøtt ned. Og det kan bety mindre fisk til middag både i inn- og utland.

Me ser no at prisen for kjøtt begynner å falle i den internasjonale handelen. Det gjer at me kan møte auka konkurranse.

Oversiktsbilde over anleggene til Bjørøya AS i Trøndelag, i vakker solnedgang.

Delar av anlegga til Bjørøya AS i Trøndelag. 2023 blei et rekordår også for dei.

Foto: Bjørøya AS

Svak krone og høg prisvekst

Den svake krona og prisveksten i verda har bidrege til rekordåret for norsk sjømat.

– Totalt sett for sjømateksporten så har det vore eit godt år. Godt driven av ei svekka norsk krone mot dei viktigaste valutaane me handlar med, forklarar Aandahl.

Og det er spesielt norsk laks som gjer det godt på den internasjonale marknaden.

– Laks står for over 70 prosent av eksporten og me ser at prisen i euro og dollar også auka i 2023.

To fisker hopper opp av vannet i en mere i Trøndelag.

Fisk frå Bjørøya AS i Trøndelag blir eksportert tii heile verda.

Foto: Bjørøya AS

Sjølv om han er spent på det komande året, har han trua på norsk sjømat i 2024 også.

– Sjømat er framleis ein av Noreg sine aller mest etterspurde globale handelsvarer og har for alvor styrka seg som vårt nest største eksportprodukt, bak olje og gass.

Det legg administrerande direktør i Noregs sjømatråd, Christian Chramer, til.

Les også Dagligvarehandelen etter NRKs lakseavsløringer: Salget har økt

Arne Austbø i Gutta fra havet

Trur folk vil ete meir fisk

Bedrifta Bjørøya AS i Trøndelag eksporterer all fisken dei produserer.

– Me er inne i ein periode med vekst og ekspansjon. 2023 er for oss eit rekordår. Me har produsert meir laks enn nokon gong. Det gjer at me kjem til å levere det sterkaste økonomiske resultatet gjennnom tidene, seier dagleg leiar Ole Martin Løfsnes.

– Bjørøya er fantastisk stolte over det produktet som me lagar og synest jo at laks er ein fantastisk fisk å produsera mat av. Det er jo tydeleg at resten av verda også opplever det når ein ser tala her.

Ole Martin Løfsnæs, daglig leder i Bjørøya AS.

Dagleg leiar i Bjørøya AS, Ole Martin Løfsnæs, er godt fornøgd med året 2023. Bedrifta har 86 tilsette.

Foto: Bjørøya AS

Også Lerøy Seafood Group har dei trua på at folk vil ete meir fisk det komande året.

– Me ser positivt på 2024. Me trur at mange av dei same trendane vil fortsette, og at etterspurnaden etter sjømat frå Noreg vil vere god. Kvoten på kvit fisk som torsk og hyse er på nedgåande trend, og det presser prisane.

Det seier Ivar Wulff, konserndirektør for sal og distribusjon i Lerøy Seafood Group til NRK.

Men sjølv om verdien er rekordhøg, eksporterte Noreg mindre sjømat enn i 2022. Totalt eksporterte Noreg 2,8 millionar tonn sjømat i 2023, ned 5 prosent frå året før.