Hopp til innhold

FHI etter E.coli-utbrot: – Barn kan få akutt nyreskade

Sju barn har utvikla alvorleg sjukdom etter det største E.coli-utbrotet i Noreg nokosinne.

På jakt etter E.coli

Helsestyremaktene jobbar no på spreng for å finne meir ut om smittekjelda til det største E.coli-utbrotet i Noreg nokosinne.

Foto: NRK

Mattilsynet er uroa fordi fleire barn er alvorleg sjuke av E. coli-smitte etter å ha ete kverna kjøtprodukt. Utbrotet er ikkje under kontroll. Det kjem fram i ei pressemelding.

Det er så langt påvist smitte hos 20 personar. Fleire enn halvparten av dei smitta er barn under 13 år, og 7 av desse har utvikla alvorleg sjukdom, ifølge FHI.

– Dette er ein alvorleg situasjon og mange små barn har blitt særs sjuke. Dette er det største EHEC-utbrotet vi har hatt i Noreg, seier seksjonsleiar Susanne Hyllestad ved Folkehelseinstituttet (FHI).

EHEC er ein av fleire grupper av sjukdomsframkallande E.coli-bakteriar.

Krevjande smittesporing

Hamburgarar og andre kjøtprodukt har bakteriar som er identiske med dei som har gjort folk sjuke, viser etterforskinga gjort av Mattilsynet, Folkehelseinstituttet (FHI), Veterinærinstituttet og kommuneoverlegar.

I september trekte Nordfjord Kjøtt tilbake fleire produkt etter mistanke om at hamburgarar inneheldt E.coli.

Den gongen var 15 personar registrert med mage-tarm bakterien.

I vekene etterpå har ytterlegare fem personar fått smitten, fleire av desse er barn.

– Vi såg at det kom fleire tilfelle som kan skuldast utbrotet. Og då tok saka ei ny vending, seier seksjonsleiar Susanne Hyllestad ved FHI.

Mattilsynet har styrket mistanke til hamburgere som smittekilde til et utbrudd av E. coli(EHEC)-infeksjon. Nordfjord Kjøtt trekker tilbake flere ulike produkter laget med samme råvare.

E. COLI-UTBROT: I september trekte Nordfjord Kjøtt tilbake fleire ulike produkt laga med same råvare.

Foto: NTB

Mattilsynet seier det er for tidleg å seie om dei siste tilfella kan knytast til dei same kjøtprodukta.

– Vi veit at akkurat den bakterien som har gjort pasientane sjuke var i fryst hamburgar frå Nordfjord. Men dei har, saman med oss, trekt tilbake eit stort parti som dei trur er dekkande. Samstundes er det eit krevjande arbeid, så vi er ikkje sikre på at vi har kome heilt til botn i det, seier Catherine Signe Svindland, seniorrådgjevar i Mattilsynet.

seniorrådgiver og veterinær Cathrine Svindland i Mattilsynet.

Seniorrådgjevar Catherine Signe Svindland i Mattilsynet seier sporingsarbeidet er krevjande.

Foto: Magnus Brattset Drabløs / NRK

Alvorleg sjukdom

Det som gjer FHI ekstra urolege no er to ting: Kor alvorleg sjukdommen slår ut for fleire av barna og uvissa rundt om det kan kome nye tilfelle.

EHEC-bakteriar kan gi ulik sjukdomsutvikling og alvorligheitsgrad.

Det kan variere frå ingen symptom eller ukomplisert diaré til alvorlege tilfelle av blodig diaré.

I enkelte tilfelle kan EHEC-infeksjon gi den alvorlege komplikasjonen HUS (Hemolytisk-uremisk syndrom), som kan føre til akutt nyreskade.

– Det er ein veldig alvorleg situasjon, slik som vi ser det, seier Hyllestad i FHI.

Det er spesielt barn, eldre og dei med nedsett immunforsvar som er utsett for å utvikle HUS.

Opp mot 10 prosent av barn med HUS utviklar varig nyreskade, i verste fall kan det få dødeleg utgang.

Dei 20 som har blitt sjuke til no vart sjuke i perioden mellom juli og september. Alle er smitta i Noreg.

Dei er i alderen frå 1 til 55 år og er busette i Trøndelag (11), Viken (4), Vestfold og Telemark (2), Innlandet (1), Møre og Romsdal (1) og Nordland (1).

Ikkje fleire produkt

Mattilsynet og Nordfjord Kjøtt stadfestar at det i dag ikkje er aktuelt å trekke tilbake fleire produkt frå butikkhyllene.

Nordfjord Kjøtt ønsker berre å svare skriftleg, etter at dei siste smittetala vart presenterte:

«Nordfjord Kjøtt samarbeider tett med mattilsynet for å assistere i deira undersøkingar. På noverande tidspunkt har vi ingen indikasjonar på at det gjeld fleire produkt og produksjonsdatoar enn dei som allereie er fjerna frå marknaden.»

Tilbakekalling av fryst Hamburger Classic ogBig Beef Burger Thick and Juicy

På grunnlag av mistanke frå Mattilsynet om bakteriar i råstoff tilbakekalte Nordfjord Kjøtt AS fryst Hamburger Classic best før 24.03.24 og 25.03.24 og Big Beef Burger Thick and Juicy med siste forbruksdag 16.07.23.

Foto: Nordfjord Kjøtt AS / NTB

Rema 1000, som er hovudleverandør av produkt frå Nordfjord, skriv at dei er i tett dialog med Mattilsynet og Nordfjord Kjøtt:

Alle dei råka produkta vart fjerna frå våre butikkar i midten av september, og ingen av dei råka produkta finst i marknaden, seier kvalitetssjef Lydia Lineikro.

Mattilsynet seier dei no jobbar med å finne ut meir om bakgrunnen for dei siste smittetilfella.

Det er førebels uvisst om det er produkt som har vore fryst ned heime hos folk over ein viss periode, eller om det er andre produkt, frå ulike produsentar, som framleis er i butikkhyllene.

Susanne Hyllestad, Folkehelseinstituttet

Fleire nye tilfelle, der fleire barn er alvorleg sjuke med akutt nyreskade, gjorde at FHI og Mattilsynet gjekk ut med ny åtvaring tysdag kveld, ifølge seksjonsleiar Susanne Hyllestad i FHI.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Steiking kan hindre sjukdom

FHI seier at det er fleire grep folk kan gjere no for å vere sikker på å hindre alvorleg sjukdom.

– Det viktigast folk sjølv kan gjere for å redusere risikoen for å bli sjuke, er å gjennomsteike hamburgarar, kjøttdeig og andre kjøttfarseprodukt, seier Hyllestad.

E. coli-bakteriane dør ved sterk varme, men overlever frysing. Difor må både ferske og frosne produkt vere gjennomsteikt, er den klare beskjeden frå FHI.

I tillegg er det viktig å vaske hender og utstyr etter handtering av både ferskt og frossent kjøtt, legg ho til.