Hopp til innhold

– Det er katastrofalt for skipstrafikken å treffe desse trålposane

Denne trålposen vart funnen i sjøen i eit område med mykje skipstrafikk. No fryktar både ryddarane og reiarlaga at slikt søppel kan føre til uønskte hendingar til sjøs.

trålpose

FLAUT I SJØEN: Denne 100 meter lange trålposen er blant gjenstandane friluftsrådet langs fjordkysten har funne i år.

Foto: BJARTE ENGEVIK

– Det er katastrofalt for skipstrafikken å treffe desse trålposane.

Det seier dagleg leiar i Fjordkysten Friluftsråd, Bjarte Engevik. Han har sidan midten av februar leia arbeidet med å plukke meir enn 30 tonn søppel frå sjøen og strandsona i Solund, Askvoll og Flora.

Mange store gjenstandar

Nokre gjenstandar som dei har plukka kan gå utover tryggleiken til skipstrafikken.

– Om båtar får tauverk eller trålposar i propellane er det stopp. Dei vrir akslingar og knuser gir, og båten stoppar. Det kan føre til at båten driftar og går på skjær, så konsekvensane kan verte store for miljøet og tryggleiken til sjøfolk.

I arbeidet med å samle søppel har dei fylt fleire store konteinarar med alt frå små gjenstandar til skrogrestar av fritidsbåtar og trålposar. Engevik seier dei treng hjelp til å ta dei største gjenstandane.

– Noko er så stort at vi er avhengig av båtar med kraner og utstyr til å handtere det. Vanlege folk klarer ikkje å rydde vekk dette. Her må styresmaktene ta ansvar, seier Engevik med håp om betring.

Trosse

TIL FARE: Bjarte Engevik i Fjordkysten friluftsråd er redd søppel skal gjere så stor skade på båtar at det kan ende i ei ulukke. Dei har sidan februar funne mange store gjenstandar som har vore til fare for sjøfarten.

Foto: TURID ASTRID REKSTEN / NRK

Ei stor utfordring

Regionssjef for hurtigbåt i Norled, Bjørn Egil Søndenå, støttar kravet til Engevik.

– Vi opplever at vi får skade på propellar og vannjetsystem. Det gir oss store kostnader og kan påverke drifta av fartøya, med forseinkingar og kanselleringar dersom fartøy må på verkstad, fortel han.

Han ønsker at styresmaktene tek ansvar før større skadar skjer.

– Kystverket og andre styresmakter kan påverke fiskerinæringa og andre næringar til å sikre utstyr og materiell betre, slik at det ikkje kan drive fritt i sjøen, seier Søndenå som også ønsker betre merking.

– Det må bli strengare reglar for merking av utstyr, slik at eigar blir ansvarleg for kostnadane vi får ved å treffe slikt i sjøen.

Uavklart ansvar

Kystverket kunne ikkje svare NRK på kven som har ansvaret.

Dei seier dei berre har ansvar for akutt forureining som til dømes oljesøl, og sender stafettpinnen vidare til Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet på si side meiner ansvaret ligg hos Sjøfartsdirektoratet.

Kommunikasjonsdirektør i Sjøfartsdirektoratet, Dag Inge Aarhus, seier dei er godt kjende med utfordringa med søppel i sjøen, men seier det er eit vanskeleg tema.

– Reiarlaga skal ha rutinar for handsaming av søppel om bord, og vårt ansvar er å følgje dette opp, seier han.

Ifølge Aarhus vart det i 1994 gjennomført ein oppreinskingsaksjon i Nordsjøen i regi av Oljedirektoratet. Den gongen vart midlane løyvd av Stortinget.

– Frå Sjøfartsdirektoratet si side er det fokus på å hindre at nytt søppel frå skip skal hamne i havet, seier Aarhus.