Hopp til innhold

Meiner plast har fått eit ufortent dårleg rykte: – Det er økonomi i kvar kilo

NESSANE (NRK): Erling Nesse lever av å laga plastprodukt. At plast har blitt eit problem er folk sin feil, ikkje plasten, meiner han.

Erling Nesse i Nesseplast i Balestrand.

TUSENVIS: Erling Nesse og firmaet hans Nesseplast lagar tusenvis av slike kassar i året. Dei inneheldt plast og vert nytta til å frakta laks ut på verdsmarknaden.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Plast er fantastisk. Det vernar produkt mot å bli skada og så er det økonomi. Vår plast er eit billeg råstoff i forhold til dei eigenskapane den har, seier Erling Nesse, dagleg leiar i Nesseplast.

I lokala på Nessane i Balestrand lagar dei store delar emballasje til fiskeindustrien, i tillegg til andre næringar. Bedrifta har 45 tilsette og omsette i 2016 for over 130 millionar kroner.

Nesse meiner plast har fått eit ufortent dårleg rykte.

– Haldningane er problemet

Fokuset på plast i havet har vore sterkt den siste tida, for årleg hamnar minst åtte millionar tonn med plast i havet. Det er ikkje plasten sin skuld, meiner Nesse.

– Det er haldningane til plast som må endra seg hos ein stor del av befolkninga. Dei må læra seg korleis ein skal handtera det. Når strender er fulle av plast, så er det nokon som har sleppt den ut der, seier Nesse.

Blant tiltaka for å redusera mengda med plast som hamnar i naturen og havet har fleire store byar innført forbod mot heliumballongar på 17. mai.

Nesseplast lagar tusenvis av kartongar i isoporplast for å frakta norsk laks til utlandet. At plast ikkje vert resirkulert er dårleg nytt for dei, som både tenker på miljøet og økonomien.

– Det som har skjedd den siste tida er heilt fantastisk. Vi som jobbar med plast er heilt overbevist over at plast skal gjennvinnast og brukast opp att. For oss er det økonomi i kvar kilo med plast, seier Nesse.

Torsdag denne veka arrangerer NRK ryddedugnaden «Heile Noreg ryddar» der privatpersonar, skular, lag og organisasjonar kan melda seg på. Ryddinga vil skje både langs kysten og elles i naturen.

Vil avgrensa bruken

Plastaktivist og tillitsvald i Hordaland jeger og fiskarlag, Kenneth Bruvik, er ikkje einig i at plast har fått eit ufortent dårleg rykte.

– Plast er sjølvsagt eit problem i det ein kjem på avvegar i naturen, men som emballasje som enkelte ting er den kjempe bra. Men det er klart at vi må avgrensa bruken, seier Bruvik.

Plast-øya i Øygarden

«SKREKKENS ØY»: Slik ser det ut på ein Holme i Øygarden i Hordaland. Gjennom fleire tiår har store mengder plast hopa seg opp.

Foto: Ole Andre Lagmandokk / NRK

Han har blant anna engasjert seg for «skrekkens øy» i Hordaland, der enorme mengder plast har hopa seg opp.

– Fuglar, fisk og marine dyr får dette i seg og då kan ein på eit eller annan tidspunkt få det tilbake i oss. Når plasten går gjennom heile næringskjeda kan den og truga oss som menneske, legg han til.

Mens du har lest denne artikkelen har det havnet 0.0 tonn plast i havet. Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Mens du har lest denne artikkelen har det havnet0,0 tonnplast i havet

Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Ta quizen og redd hvalen