Hopp til innhold

Energikrisa aukar presset på å forlengje levetida til gasskraftverket på Mongstad

Den anstrengde energisituasjonen gjer at fleire vil stanse nedlegginga av gasskraftverket på Mongstad. – Ikkje oppgåva vår å sikre straumbackupen, svarer Equinor.

Mongstad Kraftvarmeverk

MONGSTAD: Statnett spør Equinor om det framleis er formålstenleg å stengje ned gasskraftverket på Mongstad som planlagt.

Foto: Statoil

Etter tap i hundremillionerklassen over fleire år vedtok Equinor i 2017 å leggje ned det omstridde gasskraftverket på Mongstad, som har vore i drift sidan 2010.

Men nedlegginga har vore utsett gong på gong, og i det siste har bortfallet av russisk gass og spørsmål om forsyningssituasjonen auka presset på å forlengje levetida.

Statnett vurderer at det er «opp mot 20 prosent sannsyn» for straumrasjonering til vinteren, og i juni sende dei brev til Equinor der dei spør om det framleis er formålstenleg å stengje ned gasskraftverket på Mongstad som planlagt.

Forsyningssituasjonen er anstrengt. Då er det uheldig at ein større produsent koplar seg ut, forklarte direktør i Statnett, Peer Olav Østli, til bladet Energiteknikk.

Også Norsk Industri og Mongstad Industripark har bede om at kraftverket må få stå med tilvising til den anstrengde energisituasjonen.

Timinga kunne ikkje vore meir elendig

Onsdag fekk motstanden mot å leggje ned gasskraftverket ytterlegare kraft då trioen Bergen næringsråd, Nordhordland næringslag og Vestland-ordførar Jon Askeland (Sp) i eit felles initiativ ba olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) om å gripe inn.

Timinga for demonteringa av gasskraftverket på Mongstad kunne ikkje ha vore meir elendig, seier leiar i Nordhordland næringslag, Baste Tveito, til Avisa Nordhordland.

Han presiserer at ansvaret for norsk energipolitikk kviler hos statsråden, og ikkje hos Equinor.

Equinor har så langt svart at «ingen andre har gitt til kjenne interesse for å vere med på å bidra økonomisk til å halde oppe drifta av gassturbinane».

I den formuleringa ligg det eit håp, meiner fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp).

Det indikerer at dei er villige til å forlengde drifta om dei får godtgjort kostnaden. No er det opp til regjeringa å handle slik at næringsliv og innbyggjarar har straum til vinteren.

Onsdag formiddag sa Equinor-sjef Anders Opedal til NTB at det «ikkje er oppgåva vår å sikre straumbackupen i Noreg».

Terje Aasland

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) fekk onsdag brev frå fleire med oppmoding om å gripe inn.

Foto: Lise Åserud / NTB

Bakvendt at vi diskuterer å redde eit gasskraftverk

Sofie Marhaug (Raudt) i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget seier «løysinga må vere å behalde meir av den reine krafta, ikkje forlengje suget etter fossil energi».

Det er heilt bakvendt at vi har stilt oss i ein posisjon der vi diskuterer å redde eit gasskraftverk samtidig som vi ikkje klarer å hindre eksport i periodar med låg magasinfylling, seier ho.

Onsdag la Equinor fram driftstal tilsvarande 170 milliardar kroner. Resultatet omtalast som «solid» og «sterkt».

Frp-leiar Sylvi Listhaug seier det er «mot all fornuft» å leggje ned gasskraftverket og kallar det «eit paradoks» at Equinor har store overskot på grunn av energiprisane og på same tid held fram at det er for dyrt å drifte gasskraftverket på Mongstad.

Det er naturleg at Equinor er med på å ta ansvar for å sikre beredskapen i Noreg, seier ho.

Sylvi Listhaug

Frp-leiar Sylvi Listhaug seier det er «mot all fornuft» å leggje ned gasskraftverket.

Foto: William Jobling / NRK

Bør vere i drift til over neste vinter

Nikolai Astrup er energipolitisk talsperson i Høgre.

I den situasjonen vi står i no, med risiko for straumrasjonering til vinteren, så er dette heilt feil tidspunkt å ta ut ein 150 MW gassturbin i eit område med anstrengd forsyningssituasjon, seier han.

Han legg til:

Gasskraftverket skal fasast ut, men det bør i det minste vere i drift til over neste vinter. Så kan det gjerast ei ny vurdering då. Det kostar pengar å drifte eit gasskraftverk, men utkopling og rasjonering har også ein høg kostnad.