Hopp til innhold

Her kjem eit kilometerlangt oppdrettsanlegg

Langs kysten kjem no fleire gigantiske oppdrettsanlegg på land. Men bransjen kranglar om kor stor næringa bør bli.

Tusenvis av tonn av berg blir knust til stein. Dumparar og gravemaskiner er i full sving.

På eit industriområde i Gulen kommune bygger Viking Aqua eit av Noregs største oppdrettsanlegg på land.

Det vil ha ein produksjonskapasitet på heile 33.000 tonn fisk.

Dei nye bygga vil dekke ei strekning på over ein kilometer og skal etter planen gje 200 arbeidsplassar i løpet av få år.

I alt blir det 90.000 kvadratmeter med bygg, noko som svarar til 15–16 fotballstadionar.

– Så det er enorme dimensjonar, seier styreleiar Stein-Inge Larsen i Viking Aqua til NRK.

Planen er å produsere fisk allereie neste år, fleire år før anlegget står heilt ferdig i 2027.

Teikning av nytt anlegg i Gulen - oppdrettsanlegg på land

FERDIG I 2027: Det er fem år til anlegget i Gulen står heilt ferdig, men det skal settast ut fisk allereie i 2023.

Foto: Illustrasjon: Viking Aqua

Stor satsing

I ulike delar av landet blir det no satsa stort på landbasert oppdrett, mellom anna for å hindre smitte av lakselus.

Verda rundt er det no 111 ulike landbaserte lakseprosjekt. Norske selskap og investorar er også involverte i mange av dei utanlandske prosjekta.

Spørsmålet er kor mange av dei som kjem til å overleve.

– Mange, men slett ikkje alle, er finansierte, seier Aslak Berge, som er redaktør i iLaks og tidlegare analytikar.

Også her i Noreg er anlegg under oppføring. Fleire av dei har allereie fisk i tankane.

Lakseoppdrettsanlegg Fredrikstad

FØRST: Fredrikstad Seafood var første ute med landbasert oppdrett. Fleire andre aktørar er i gang med prosjekt.

Foto: Heidi Gomnæs / NRK

Hovudutfordringa er å oppnå salsprisar som er høgare enn produksjonskostnadene. For at det skal løne seg må produksjonen betydeleg opp.

Berge er difor usikker på om landbasert oppdrett blir ein stor suksess eller eit tapsprosjekt.

– Slik det ser ut i dag vil dette bli eit supplement til oppdrett i sjø, meiner han.

Laks i merder

OPPDRETT I SJØ: Førebels er oppdrett i sjø langt meir lønnsamt enn oppdrett på land.

Foto: Mowi

Avventande

Sjømat Norge seier det er «spanande» å følge med på prosjekta som er under oppføring, men legg til at det førebels ikkje finst landanlegg med kommersiell suksess i stor skala.

Dermed er det uvisst kor viktig den landbaserte produksjonen blir for å oppfylle målsettinga om å femdoble sjømatnæringa innan 2050, ifølge organisasjonen.

– Kor stort produksjonsutslag det vil gi er vanskeleg å svare presist på, seier kommunikasjonssjef Henrik Wiedeswang Horjen.

Han seier det både er fordelar og ulemper med den nye teknologien.

Landbaserte anlegg krev betydelege naturinngrep, og er ekstremt energikrevjande samanlikna med sjøbasert. På den andre sida går det føre seg i lukka system, som gir betre kontroll over eksterne faktorar som lus.

Oppdrettsanlegg

UTFORDRING: Lakselus og rømming har blitt ei stor utfordring for oppdrettsnæringa.

Foto: André Bendixen / NRK

Sterk usemje

Fleire av prosjekta på land har den siste tida møtt betydeleg motstand.

MDG har kravd full gjennomgang av reglane rundt landbasert oppdrett.

Nyleg sende Naturvernforbundet ei bekymringsmelding til regjeringa om «monstrøse naturinngrep», der konsesjonar blir delt ut meir eller mindre vederlagsfritt.

Også internt i næringa går diskusjonen for fullt.

Styreleiar i Weinberg Fiskeoppdrett gav i kyst.no uttrykk for at landbasert oppdrett er «heilt feil» og «utenkeleg i eit berekraftperspektiv».

– Å ha laksen på land er like unaturleg som å flytte kua på havet. Arealbehovet er enormt og kostnadene overstig fornufta, seier Geir Wenberg.

Han får svar frå Norske Lakselver, som meiner lakseoppdrett må skje på ein måte som ikkje skadar villaks og sjøaure.

Organisasjonen er tydeleg på at produksjon i opne merdar fører til rømming og lakselus i stor skala, og saknar tydelegare insentiv til oppdrettarane.

– Landbaserte anlegg kan heilt klart vere ein del av løysinga, seier prosjektleiar Vegard Heggem.

Vegard Heggem

HAR TRUA: Prosjektleiar Vegard Heggem i Norske Lakseelver har tru på landbasert oppdrett.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK