Hopp til innhold

Fisken her skal aldri bli smitta av lakselus

Regjeringa krev kutt i oppdrettsnæringa for å få kontroll på lakselusa. I Romsdal meiner dei å ha løysinga. Dei skal produsere fisk på land.

Illustrasjon av det planlagde landbaserte oppdrettsanlegget til Salmon Evolution

Slik planlegg Salmon Evolution at det landbasert oppdrettsanlegget i Fræna skal bli.

Foto: Salmon Evolution

Det nedlagde steinbrotet på Indre Harøya i Romsdal er omgitt av hav på alle kantar. Om finansieringa går i orden startar bygginga av eit landbasert oppdrettsanlegg til våren. Styresmaktene har så langt gitt 31 landbaserte konsesjonar.

– I prinsippet skal det ikkje vere mogleg for oss å få lakselus inn i anlegget. Det er ein av gevinstane med å produsere på land, seier Odd Tore Finnøy. Han er dagleg leiar i Salmon Evolution. Dei har som mål å produsere 30 000 tonn sløyd laks i året.

Salmon Evolution ansetter Odd Tore Finnøy

Odd Tore Finnøy er dagleg leiar i Salmon Evolution. Selskapet planlegg oppdrettsanlegg på land.

Foto: Salmon Evolution

Store mengder lakselus

Oppdrettsnæringa er ein milliardindustri, men i takt med veksten har problem med lakselus auka. Lakselus er ein alvorleg trussel for villaksen. I område med mest lus, er det fare for at enkelte laksebestandar kan bli utrydda.

Tysdag presenterte regjeringa kart over kvar i landet oppdrettsnæringa må redusere produksjonen av laks og kvar ein får løyve til å auke produksjonen. Områda frå Nordhordland til Hustadvika har eit så kritisk nivå av lakselus at det må kuttast i produksjonen.

Oppdrettsanlegg

Lakselus og rømming har blitt ei stor utfordring for oppdrettsnæringa.

Foto: André Bendixen / NRK

Får applaus

Fleire andre land som Russland, USA og Kina bygg oppdrettsanlegg på land. Fredrikstad Seafood var første ute med landbasert oppdrett i Noreg. Bulandet Miljøfisk i Askvoll er i gang med bygginga.

Odd Tore Finnøy meiner løysinga kan bli fleire landbaserte anlegg i Noreg.

– Vi føler at interessa for landbasert oppdrett er stor og at det vi gjer blir applaudert. Vi løyser mange av utfordringane i oppdrettsnæringa, seier Finnøy.

I tillegg til lakselus er rømming frå merdane eit stort problem. Og enkelte stader langs kysten har giftige algar tatt livet av millionar av laks.

Lakseoppdrettsanlegg Fredrikstad

Fredrikstad Seafood var første ute med landbaserte oppdrett. Fleire andre aktørar er i gang med prosjekt.

Foto: Heidi Gomnæs / NRK

Massedød

Svaret på problema er ikkje å flytte oppdretten frå sjø til land. Det meiner seniorforskar Åsa Maria Espmark ved forskingsinstituttet Nofima. Også på land er det utfordringar. Blant anna kan det bli danna hydrogensulfid, som er ein fargelaus og giftig gass.

– Gassen drep fisken massivt og prosessen går fort. Ein ser få teikn på at det er fare på ferde på førehand og du kan få massedød, seier Espmark. Det er også kostbart å produsere laks på land, det er energikrevjande og ein bind opp landareal.

Ho meiner at Noreg absolutt bør bli med på den teknologiske utviklinga og ha ein del av produksjonen på land, men ikkje all.

– Har ein ynskje om berekraftig vekst er variasjon i ulike måtar å produsere på den beste løysinga, seier Espmark.

Åsa Maria Espmark er seniorforskar ved Nofima.

Åsa Maria Espmark er seniorforskar ved forskingsinstituttet Nofima.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Delvis på land

Det er Frode Hovland som er seniorrådgivar i Vestland fylkeskommune samd i. Han tar imot søknader om å starte oppdrettsanlegg på land og ser ei aukande interesse.

Hovland er skeptisk til å ale fram slakteklar matfisk på land i Noreg, men meiner at det er mykje å hente på å la settefisken bli opp mot ein kilo før den blir sett i sjøen. Dermed lever fisken lengre på land og kortare i sjøen.

– Med vår kystlinje har vi eit konkurransefortrinn med å produsere fisk i sjøen som vi må halde på, seier Hovland.