Hopp til innhold

Desse elektriske trolleybussane er unike i Noreg

BERGEN (NRK): 112 nye elektriske bussar blei tysdag sett i trafikk i Noregs nest største by. Ti av dei er batteridrivne trolleybussar som ladar seg sjølve mens dei køyrer.

Nye elektriske trollybusser i Bergen

TROLLEY: Linje 2 frå Bergen sentrum til Birkelundstoppen, via Haukeland universitetssjukehus, er ei av dei mest spesielle busslinjene i Noreg. Bussane har eigne straumlinjer over seg.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– No er all kollektivtransport i Bergen fossilfri. Tenk det! Det er fantastisk, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).

Tysdag blei eit nytt stykke busshistorie skrive i då 112 nye elbussar rulla inn i bybiletet i Bergen.

Ti av desse er trolleybussar. Dei skil seg ut ved at dei hentar straum frå kontaktleidningar over vegbanen, og ladar batteriet undervegs.

– Det er stort å få så mange elektriske bussar rett inn i bylufta, seier pressekontakt Ingrid Dreyer i kollektivselskapet Skyss.

I Bergensområdet er det no ingen fossilbussar igjen, medan dei som ikkje er elektriske går på fossilfri biodiesel.

Ingrid Dreyer i Skyss

PRESSEKONTAKT: Ingrid Dreyer i Skyss er glad for å få nye bussar på plass.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

– Vil kutte klimagassutsleppa

Med politisk draghjelp frå fylkestinget har introduksjonen av nye elbussar og trolleybussar i Bergen vore planlagd i lang tid, men det har teke tid å byte ut den gamle bussparken.

Klima- og miljøbyråd Eline Haakestad (MDG) er svært nøgd med det meir miljøvennlege og støyfrie alternativet.

– Dette er kjempebra for bylufta og folkehelsa. Desse bussane vil kutta klimagassutsleppa med rundt 85 prosent i forhold til dagens nivå, seier ho.

Haakestad meiner dei nye bussane viser at Bergen er ein framtidsretta by som er på god veg inn i det grøne skiftet.

Samstundes oppmodar ho bergensarane til å passe ekstra på no når bussane er så stillegåande.

– Ein merkar det kanskje ikkje like godt som før, seier byråden.

Bussjåførane er også godt klare over at dette kan føre til farlege situasjonar.

– Alle må vere ekstra forsiktige, seier bussjåfør Raol Sepeda.

Byutviklingsbyråd i Bergen, Eline Haakestad (MDG)

FORNØGD: Klima- og miljøbyråd Eline Haakestad (MDG).

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Forsvann på 60-talet

Trolleybussane var eit vanleg syn i fleire norske byar på 1900-talet. Drammen var den første norske byen som fekk trolleybuss allereie i 1909, ifølgje Store norske leksikon.

Bussane kom også til Oslo og Stavanger. Men på 60-talet forsvann dei fleste.

Berre Bergen heldt stand. I moderne tid er det berre denne byen som framleis har slike bussar i rutetrafikk. Bussane er også svært vanlege i Øst-Europa og på Balkan.

Ein trolleybuss frå 50-talet.

VETERAN: Ein trolleybuss frå 50-talet.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Bergen ikkje først

Sist Bergen fekk nye trolleybussar var i 2003. No er det komen ti nye til byen, saman med 102 andre elbussar.

Trolleybussane er produserte av polske Solaris, mens resten av elbussane er produserte i Kina.

I slutten av juli blei dei første vanlege elbussane av dei frakta den lange vegen frå fabrikken på andre sida av jorda.

Det gjekk ikkje knirkefritt med alle.

Tidlegare har dei elektriske bussane også gjort sitt inntog i mellom anna Oslo, Trondheim og Haugesund.

Dei nye bussane er stillegåande og utstyrte med mellom anna USB-lading for mobil og setebelte.

Og sjølve trolleybussane går delvis på batteri og blir lada undervegs, ifølgje Dreyer i Skyss.

– I sentrum kan bussane køyre på rein batteridriftf, fortel ho.

Det er Keolis som har teke over bussrutene i Bergen sentrum og Bergen vest. Frå før driftar dei Bybanen.

Nye trolleybuss i Bergen 2020

LADAR: Pantografar på taket av bussane går opp til straumlinjene og gjer at bussen går på straum og kan lade batteria undervegs. Pantografane kan takast opp og ned.

Foto: Paul Andre Sommerfeldt / NRK