Hopp til innhold

18 meter lang leddbuss brasa inn i frukthagen til Ine

Då Ine Nyseth kom heim frå jobb, var det ikkje berre plommer, eple, pærer og aprikos i frukthagen hennar. Men også ein flett ny leddbuss med prøveskilt.

Ine Nyseth og buss i eplehagen i Lærdal

BUSS OG EPLE: Ine Nyseth såg ikkje berre frukttre i eplehagen sin då ho kom heim frå jobb onsdag ettermiddag.

Foto: ENDRE BLAAFLAT MUNDAL

– Den køyrde på eit skilt, tok med seg gjerde og trefte eit kumlokk. Bussen har fått relativt store skader på høgresida i fronten, seier Ine Nyseth.

Saman med ektemannen Harald Blaaflat Mundal driv Nyseth Blaaflat Gardsutsal like ved E16 i Lærdal i Sogn.

Garden har over 120 år med fruktproduksjon bak seg. I dag fekk dei eit 18 meter langt kortvarig tilskot til tre millionar kroner i frukthagen.

Buss i hage i Lærdal

60-SONE: Ulukka skjedde på E16 nokre kilometer aust for Lærdalstunnelen.

Foto: Hans Henrik Bårtvedt / NRK

Ingen skadd

Til alt hell vart ingen skadde i uhellet då leddbussen til Tide køyrde av europavegen onsdag ettermiddag.

Føraren var åleine i bussen som var ifølgje på fire bussar frå Oslo til Bergen. Dei nye bussane er bestilt av Tide for å køyre på anbodet i Bergen Nord.

For ein av bussane gjekk det gale i den kjende frukt- og bærbygda.

Butikkeigar Ansgar Brugrand såg ikkje sjølve utforkøyringa, men skulle til å køyre varer då han såg trafikken stoppe opp på E16. Litt lenger borte såg han kvifor.

– Der stod bussen i eplehagen til naboen. Den hadde fått seg ein trykk i fronten, seier han.

– Det er vel ikkje daglegdags med buss i eplehagane i Lærdal?

– Nei, vi er ikkje byrja med eplesafari her endå, seier Brugrand.

Leddbuss hamna i eplehage i Lærdal

STORE SKADER: Føraren kom uskadd frå det då han mista kontroll på leddbussen og køyrde inn i ein eplehage i frukt- og bærbygda Lærdal.

Foto: Hans Henrik Bårtvedt / NRK

– Fekk hjulet i grøfta

Politibetjent Marit Breistøl seier føraren har forklart at uhellet skjedde då eine hjulet på bussen kom ut i grøfta.

Politiet var ikkje varsla om uhellet, og måtte sjølv leite seg fram til både selskap og førar.

– Vi ynskjer å få informasjon om slike ting. Det er materielle skader, og det kunne skjedd andre ting også, seier ho.

Det er Man Norge som eig bussen, men som har hyra sjåførar til å stå for transporten av bussane frå aust til vest. Han har ikkje kjennskap til kvifor uhellet ikkje vart varsla til politiet.

Den 18 meter lange bussen har gassmotor, og er verd kring tre millionar kroner.

– Årsaksforhold og detaljar er ikkje kjende per no, men det viktigaste er uansett at ingen personar kom til skade, seier salsdirektør Svein Brakstad i Man Norge.

Kommunikasjonsdirektør i Tide, Marianne Frønsdal, seier uhellet ikkje får følgje for rutetilbodet til passasjerane. Ho er berre glad for at ingen vart skadde i uhellet.

Det seier hageeigar Ine Nyseth seg samd i.

– Alt anna enn folk kan reparerast.

Ine Nyseth fekk leddbuss i eplehagen.

GJEKK BRA: Ine Nyseth i eplehagen sin i Lærdal, medan bussen blir berga ut av hagen av bergingsbil.

Foto: Endre Blaaflat Mundal