Hopp til innhold

Brexit skaper full makrell-krangel med britane

To og eit halvt år etter Brexit er det framleis «eit kappløp» for å ta opp fisken før han svømmer over til britisk sone. Det kan ramme bestanden.

Havdrøn på makrellfiske 2019

MAKRELLFISKE: – Fiskeriministeren må få opp farten, seier næringspolitisk talsperson i Frp, Sivert Bjørnstad.

Foto: Roar Bjånesøy / Norges Sildesalgslag

Ein ny makrellsesong er i gang utan at det er på plass ein fiskeriavtale om fordeling av makrell, sild og kolmule mellom Noreg og Storbritannia.

Fram til Brexit ved utgangen av 2020 kunne norske fiskarar følgje makrellen over til britisk sone, der han vaks seg stor og feit.

Då denne moglegheita forsvann, kom det rapportar om «eit kappløp» for å ta opp stort og smått før fisken «stakk av» til britisk farvatn.

Det er dessverre ein indirekte konsekvens av Brexit, sa fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) på same tid i fjor.

Sidan Brexit er norske fiskebåtar mindre velkomne i britisk farvatn.

Fiskeriministeren må få opp farta

Noreg og Storbritannia inngjekk i desember ein «historisk fiskeriavtale» om at dei to kan fiske ei avgrensa mengd sild og annan «botnfisk» over grensa til den andre.

Den nye fiskeriministeren, Bjørnar Skjæran (Ap), varsla samtidig at han ville vidareutvikle fiskerisamarbeidet med britane.

Men trass forsett og gjentekne forhandlingar har ein overordna avtale om gjensidig sonetilgang late vente på seg, og ifølgje Fiskeribladet er det framleis «langt fram før det blir noka løysing».

Britiske forhandlarar har vore skulda for å vere rigide og lite løysingsorienterte.

Medan Noreg har forarga fleire naboland ved å diktere eigne makrellkvotar.

Fiskeriministeren må få opp farta, seier næringspolitisk talsperson i Frp, Sivert Bjørnstad.

Han legg til at «situasjonen er uforsvarleg» og at «alle taper på den»:

Begge nasjonar, fiskarane i begge land og ikkje minst makrellbestanden på sikt. Dette kan få svært alvorlege konsekvensar.

Fiskeriminister Skjæran møtte sin britiske kollega, Victoria Prentis, til samtaler i juni. Dei vart samde om å halde fram med forhandlingane seinare i haust, med håp om å få i hamn ein avtale til neste år.

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran og

– Viktige forhandlingar står att, men dette møtet var ein god start, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Foto: Emil Bremnes/NFD

Vil gå ut over bestanden

I august-leiaren sin skriv Fiskeribladet at dagens situasjon gir eit incitament til overfiske på norsk side av grensa for å kompensere for dårlegare marknadspris på umoden makrell og annan ungfisk.

«Dersom dette held fram, vil det gå ut over bestanden. Kanskje merkar ein det ikkje første året, eller andre året, men når kollapsen er eit faktum, kan det ta lang tid å byggje opp igjen ein bestand, om det i det heile er mogleg», åtvarar Fiskeribladet.

Eg synest leiaren i Fiskeribladet på ein treffande måte skildrar situasjonen for makrellfiske, og er i samsvar med dei tilbakemeldingane eg også har fått frå næringa, seier Olve Grotle, som er fiskeri- og havbrukspolitisk talsperson i Høgre.

Kåre Heggebø er leiar i leiar i Noregs fiskarlag. Han kallar det ein «trasig situasjon», som han held ein «lite imøtekommande» og «utfordrande motpart», altså britane, ansvarleg for.

Norske fiskarar har ikkje stemt for Brexit. Då kjennest det urett at desse må betale for det.

Han avviser bestemt at norske fiskarar i tidsnød vert freista til å ta opp meir fisk enn det som godt er.

Det er ein vill spekulasjon. Norske fiskarar tek omsyn til norske kvotar.

Sjarkfiske

Ein ny makrellsesong er i gang utan at det er på plass ein fullstendig fiskeriavtale mellom Noreg og Storbritannia.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

Åleine-gang som slår tilbake på alle partar

Det er grunn til å vere uroleg, seier stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo.

Han legg ansvaret for situasjonen på «Storbritannia sin aleine-gang».

Gjennom Brexit valde dei å vere egoistiske framfor å stå opp for langsiktig samarbeid i Europa. No slår det tilbake både på alle partar. Det bør vere eit kraftig varsku til Senterpartiet om følgjene av å melde oss ut og dyrke kortsiktige eigeninteresser. Då er naturen og naturressursane blant taparane.

Audun Maråk er leiar i Fiskebåt, som organiserer havfiskeflåten. I desember stilte han seg – på pragmatisk grunnlag – bak den førebelse løysinga med Storbritannia, fordi alternativet med ingen avtale var verre.

No seier han at Storbritannia «prøver å sende rekninga for Brexit til norske fiskarar ved å stengje eiga sone for norsk makrellfiske», og at dette er eit brot på føresetnadene i avtalen dei aksepterte før jul.

Han legg til at hovudproblemet likevel er at Island, Grønland og Russland har starta eit «uansvarleg» og «olympisk fiske» på makrell i internasjonalt farvatn som ikkje er berekraftig.

Løysinga er å fastsetje legitime og rettmessige kvotar, kombinert med gjensidig sonetilgang, seier han.