– Det siste halvåret har vi merka ein nedgang i salet, seier Torstein Kollevåg på Sølvane gard i Kandal i Nordfjord.
Annakvar veke reiser dei rundt og møter kundar som har bestilt varene deira via Reko-ringen.
Ein Reko-ring er ein salskanal der kjøpar bestiller varer direkte frå produsent via lokale Facebookgrupper, og med faste utleveringsstader.
Under pandemien var dette ein brennheit marknad, men no står bønder og lokalprodusentar ute i kulda og ventar på neste kunde.
På eitt år har omsetninga på det verste blitt halvert.
– Etter pandemien har det vore generell nedgang, så det er litt tyngre no, seier eggprodusenten Bjørn Petter Rygg frå Hyen i Nordfjord.
La om algoritmane
Alt kjøp og sal går gjennom Facebook. Endringar i det sosiale mediet får mykje av skulda for nedgangen.
– Vi såg ei markant endring då dei la om algoritmane sine for ei tid tilbake, seier Irene Dalland som arbeider med Reko-ringane for Norsk bonde og småbrukarlag.
Før dukka aktiviteten i Reko-ringane direkte opp i nyheitsfeeden din. Slik er det ikkje lenger.
No må du på eige initiativ oppsøke gruppene. Det meiner Dalland har hatt ein negativ effekt.
– Det har utan tvil hatt innverknad på folk, fordi dei gløymer at vi finst.



Også i Førde i Sunnfjord sel lokale produsentar varer via REKO-ringen. Torun Lucassen er svært fornøgd med varene ho får tak i der.
Men forklaringa handlar ikkje berre om dårlege algoritmar. Under pandemien hadde folk rett og slett betre tid.
– Å handle gjennom Reko krev litt av kunden. Du må skaffe seg oversikt over kva som er tilgjengeleg, hugse kor mykje du har bestilt og møte opp. Folk har det travlare no, seier Dalland.
Med prisveksten elles i samfunnet har folk også mindre å rutte med.
Vi handlar mindre mat
Det er ikkje berre lokalmat vi handlar mindre av.
Salet av mat- og drikkevarer har stupt som følge av prisvekst og høgare renter.
– Kjøpekrafta har vorte svekt av høg inflasjon og renteoppgang, så det er nødvendig for mange å vere meir nøysame i 2023, seier sjeføkonom i Sparebanken Møre, Inge Furre.
Vil sjå på andre løysingar
No vil produsentane sjå på andre løysingar for å nå ut til kundane.
– Det er ikkje sikkert det skal vere på Facebook, og det er ikkje sikkert det skal vere på kvardagar. Kanskje vi må sjå på eit laurdagstilbod, seier Kollevåg på Sølvane gard.
Men dei trufaste kundane møter framleis opp når bøndene stiller opp med bagasjerommet fullt av lokalproduserte varer.
– Du får ikkje så god yoghurt på Coop Extra, så det nyttar ikkje å reise dit, smiler Torun Lucassen.
Eivind Kandal og Torstein Kollevåg på Sølvane gard ønskjer å gjere seg meir synlege for kundane.
Foto: Arne Stubhaug / NRK