Hopp til innhold

Høge matprisar skapar strid om «heilage» tollmurar

Høgre og Frp foreslår å endre tollmurane som aukar prisane på mat. Dei same murane skal beskytte norske bønder.

Folk handlar på ein matvarebutikk. Grønsaker i eit kjøleskåp er lengst framme i biletet og i fokus. Bak ser ein dei som handlar med vogner og korger, ute av fokus.

Daglegvarebransjen har to faste datoar der dei justerer prisane for å dekkje auka utgifter til leverandørane: 1. februar og 1. juli. Det betyr at det blir eit nytt prishopp om få dagar.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Av konkurransemessige årsaker har ikkje kjedene lov å seie noko om, når eller kor mykje dei vil setje opp prisane, men det er venta at daglegvarebransjen vil auke prisane frå 1. februar.

I desember auka matprisen med 11,5 prosent i desember samanlikna med for eit år sidan.

Utsikta til høgare prisar var utgangspunktet for at Ivar Gaasland ved Handelshøgskolen tidlegare i veka tok til orde for å rive tollmurar på mat.

Importvernet er det mest inngripande og konkurransehemmande verkemiddelet vi har, sa han til E24.

Det er rekna ut at importvernet kostar norske forbrukarar 10 milliardar kroner i året.

Tilsvarande signal kjem frå Konkurransetilsynet:

– Me trur det er mogleg å gjere justeringar i importvernet utan at det går utover bonden. Men det må gjerast på ein slik måte at utanlandske aktørar etablerar seg, og at me får betre konkurranse og prisane ned, seier konkurransedirektør Tina Søreide.

6Fz_0gRlCtc

Sivert Bjørnstad (Frp) vil skrote importvernet, som han samanliknar med «ei heilag ku».

Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Importvernet er ei heilag ku

Målet med importvernet er å verne norsk landbruk og norske matvarer mot konkurranse frå andre land, særleg frå land med lågare kostnadsnivå.

Det er brei politisk konsensus om at det er vanskeleg å halde den norske matproduksjonen oppe utan toll på sentrale varer som mjølk og kjøtt.

I Hurdalsplattforma varslar regjeringa at dei vil styrkje importvernet og norsk sjølvforsyning.

Andre «middagsvarer» konkurrerer ikkje med norsk landbruk, og kan importerast utan toll.

Kjøttinnhold i mat

LAV KJØTPROSENT: Om det er meir enn 20 prosent kjøt i importerte ferdigrettar, blir det svært dyrt i tollen. I denne ferdiglasagnen er det 13 prosent kjøt.

Foto: NRK VESTLAND

Les også Regjeringen varsler nye dagligvaretiltak

Næringsminister og landbruks- og matminister møte med aktører i dagligvarebransjen om prisøkninger på matvarer.

No gjer prisauken at det likevel vert diskutert å skrote delar av importvernet – for å gjere handlekorgene billigare.

Tysdag tok Sivert Bjørnstad (Frp) til orde for å fjerne vernet, som han samanlikna med «ei heilag ku».

– Importvernet er ein av dei viktigaste grunnane til at vi i dag har høge matvareprisar. Eg trur norske bønder klarar å tilpasse seg, på same måten som bøndene i Finland, Sverige og Austerrike har gjort, sa han på Politisk kvarter (sjå under).

Samsending med P2.

Høgre: – Vi må mjuke opp tollvernet

Onsdag melder også Høgre at «enkelte varer er unaturleg høgt prisa», og at tollvernet har skulda.

Vi treng å gjere fleire ting. Vi må styrkje konkurransen i daglegvarebransjen, men også mjuke opp tollvernet, seier Høgre-representant Lene Westgaard-Halle.

Ho legg til ein føresetnad om at det må bli gjort på «ein skikkeleg måte»:

Vi må finne den riktige balansen. Slik at vi kan hegne om landbruket og samtidig dempe prisane på animalske produkt, frukt og grønt.

Så seint som i desember sa eit fleirtal i Næringskomiteen på Stortinget (Ap, Sp, SV, Raudt og MDG) ja til eit forslag om å innføre prosenttoll (i motsetnad til «kronetoll») for å sikre norsk matproduksjon.

– Det er synd at Stortinget ikkje går inn for dette grepet allereie i år, kvitterte leiar i Noregs Bondelag, Bjørn Gimming.

En singel og ensom ku

I Hurdalsplattforma varslar regjeringa at dei vil styrkje importvernet og norsk sjølvforsyning.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Senterpartiet vil hegne om tollmurane

Den norske daglegvarebransjen er kjenneteikna av få aktørar, både på butikksida og grossistsida.

Kiwis eigar, Norgesgruppen, har 44 prosent av den norske daglegvaremarknaden. Coop har 29,7 prosent, Rema 1000 har 22,9 og Bunnpris har 3,4 prosent marknadsdel.

Les også To ganger i året skrus prisene opp: Nå skal trenden granskes

Matpriser

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) varsla før jul tiltak for å betre konkurranseforholda i daglegvarebransjen, som han karakteriserte som «på grensa til ulovleg prissamarbeid».

Leiar i Næringskomiteen, Willfred Nordlund (Sp), vil hegne om tollmurane.

– Importvernet svært viktig, både med tanke på norsk kostnadsnivå og korleis Noreg ser ut. Eg kjenner fleire bønder både i Sverige og Finland. Biletet om at dei klarer seg godt stemmer rett og slett ikkje.

Bjørn Gimming, leiar i Noregs Bondelag.

I desember sa eit fleirtal i Næringskomiteen ja til eit forslag om å innføre prosenttoll. – Det er synd at Stortinget ikkje går inn for dette grepet allereie i år, seier leiar i Noregs Bondelag, Bjørn Gimming.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB